tirsdag 14. juni 2011

Tierra de Campos

23.mai 2011


Det er klår himmel og kald morgon når vi bryt opp frå herberget og vandrar inn til torget og baren der, for å kjøpe oss litt frukost.
På ei dør der inne ser vi eit oppslag med fylgjande tekst: "Exclusivamente para clientes". Så fylgjer orda i engelsk og fransk omsetting.
Men siste setninga på oppslaget gjer at eg leitar fram fotoapperatet for å feste det databrikka. For der står det: "Toalettet er kun for kunder" på norsk mål - eller kanskje det er dansk?


Så er det berre å setje føtene igang. Ut av byen. Over brua som fører over motorvegen, og ut på la meseta igjen.
Der er mange lokale som har hatt seg ein morgontur i den vakre morgonen, og som no møter oss med eit "hola" der dei kjem oss i møte på veg heim att.


Våren og forsommaren må vere rette tida til å gå la mesta, så mange og vakre blomar det er langs vegen.

La meseta, høgsletta er vid i utstrekning. Avgrensa av store fjell både i nord, vest og syd, Så langt borte at dei ligg under horisonten. I aust er det åsane aust om Castrojeriz som er grensa.
Men då vi for to dagar gjekk over elva Pisuerga kom vi inn på eit eige område av høgsletta. Det er kalla Tierra de Campos.
Namnet har røter langt attende i tid, heilt frå då den germanske stamma visigothane tidleg i det 5. århundre erobra området frå romarane. Då fekk dette rike kveitelandet namnet "Campi Gothorum". I dag Tierra de Campos, eller også: Campos Goticos. På dette område skal vi halde oss heilt fram til Leon.
At vi er i dette området ser vi på bynamna. Dei har gjerne endinga - de Campos.


Vi tek inn på ein bygdeveg over sletta fram mot Poblacion de Campos. Mi kjære har vorte litt etter, og eg ruslar seinare for at ho skal nå meg att. Då høyrer eg at ho ler høgt, og at ho pratar med nokon. Eg snur meg og ser ho har fylgje med ein mann og ei kvinne, og er midt i ei livleg samtale.
Då dei når meg att, seg eg at kvinna kjenner eg. Det er kona til Sjur prest heimafrå, Eli. Og mannen ho har fylgje med er John, ein metodistprest frå England.


Inne på torget slår vi oss ned ved pilegrimsstatua midt på torget.


Det kjem ein mann vandrande mot oss, og han spanderar villig drops på pilegrimane som passerar han.
Og så tilbyr han stempel i passa.



Vi vel ei alternativ rute vidare, og tek av langs ein kanal under skuggefulle tre.
I kanalen er froskekoret i full gang med øvingane, men her er og noko vi nesten ikkje har vore i kontakt med langs pilegrimsvegen, plagsomme flygande insekt.
Lenger sør ser vi Revenga de Campos der den vanlege pilegrimstien går langs bilvegen.
Det er nok litt lenger borte en dette fotoet viser. Ei telelinse kan nok lyge ein heil del.


Sola byrjar å ta godt tak, og då det dukkar opp eit forlete eremita opp ved vegen, nyttar vi høvet til både rast og skugge.
Det har vore sett igong oppussing av bygninga, men den har tydelegvis stogga opp. Framsida ser nokonlunde ut sidan oppussinga stort sett har vore på den sida, men baksida viser store sprekker i bygninga. Så det spørst kor lenge det går før forfallet igjen får overtaket.

Vegen vi gjekk frå Fromista til Carrion de las Condes. eit stykke gjekk vi den gule alternativruta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar