fredag 17. juni 2011

La senda!

24.mai 2011


Svalene gjer luftakrobatikk over torget ved kyrkja, då vi kjem ut frå retauranten der vi kjøpte oss frukost.
Morgonen er klår og fin. Det teiknar til å verte ein lang og varm dag før vi er framme i Ledigos.
Klokka på kameraet viser at biletet vart teke kl.7.30


Så forlet vi Carrion de los Condes. Siste kyrkja får eg berre sjå utanfrå. Kyrkjedøra er godt sikra og stengd.


Boka mi fortel at det er 18 km til neste landsby, og så 6 km til før vi kan sette sekkane ned for denne dagen. 24 km med flat landeveg utan svingar. Beint fram over sletta går den.
Men vi har sikra oss vatn og mat, så då er det berre å kome igang.






Vi har gått i omlag tre timar då det dukkar opp ein rasteplass med bord og stolar under skuggefulle tre. Vi er omlag halvvegs.
Ein mann har funne seg ein sikker leveveg, og har rigga seg til med ein kiosk der han sel kaldt vatn og varm kaffi, litt frukt og anna mat.
Og vi slår til. Kjøper oss kaffi, finn oss eit bord, vinkar inn Eli, og gjer innhogg i medførd niste.







Halvannan time seinare dukkar det på ny opp ein rasteplass. Denne har tak over også. Ikkje berre ly mot sola, men og som ly for eventuelt regn.
Her har og ein mann slege seg ned med kaffi og litt meir. Men han sel ikkje, lit på litt donasjon i staden.

Vegen vi gjekk 24.mai.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar