torsdag 23. juni 2011

Mansilla de las Mulas

26.mai 2011

Mansilla de las Mulas, knapt to mil aust for Leon, er ikkje så stor idag, men var eingong ein viktig stoppestad, vest på Tierra del Campos.


Vi gjekk over kanalen på austsida då vi kom. På vestsida renn elva Rio Esla på sletta under den gamle bymuren.
Summe stader er muren opptil tre meter tjukk.



Muren hadde ein port på kvar side, og enno står eit par av portane att.



Byen har ei soge heilt attende til romersk tid, noko som viser at i gateplanen innanfor bymuren. Gatene ligg aust/ vest og nord/syd, og med den store plazaen som sentrum. Omkransa av dei offentlege bygningane og kyrkjene.


Byen var ein pilegrimsby, men og ein viktig marknadby. Noko som viser att i bynamnet.
Mansilla kjem frå latinske "mansella" som tyder liten stoppestad. Og las Mulas viser til den handelen som gjekk føre seg her med muldyr. Det var oppe i Leonfjella bøndene dreiv med oppdrett av muldyr, som dei så kom hit for å selje vidare til kornbøndene på sletta.




Eg tek med eit par av kyrkjene.
Den eine er høg under taket inne, og med eit stort retablo, slik vi har sett i så mange av kyrkjene under vandringa.
Legg elles merke til den vakkert pryda madonnaskikkelsen ved inngongen til koret.





Den andre måla utvendig i andalusisk stil. Innvendig nakne vegger og tilnærma flat himling.
Og alterpartiet er enkelt utforma, med Maria som himmeldronninga, som einaste utsmykking.


Byvåpenet til Mansilla de las Mulas

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar