torsdag 9. juni 2011

Så er vi på veg.

21.mai 2011

Bussen ut av Burgos er ikkje stor, men trengs ikkje heller. Vi er nokre få vandrarar i tillegg til nokre lokale som er på heimveg etter ein dag i byen.
Første stykket går raskt på autovistaen, men oppe på eit høgdedrag svingar han av til ein landsveg.
Han rullar gjennom eit bylgjande landskap med frodig skogslier og grøne åkrar, svingar inn gjennom små landsbyar med gatehjørne så trange at det knapt er plass til bussen mellom hushjørna.
I ein landsby vert ei eldre amerikansk dame uroleg. Ho reiser seg halvt og vil av. "Er dette Castrojeriz?" spør ho. Vi kan roe henne med det er det ikkje.

Landskapet endrar seg. Åsane og dei skogkledde dalane vert borte bak oss, og landskapet vert opnare, vidare. Oppe på dei fjerne åsane står vindmøllene på rekkje og rad.
Eg byrjar å sjå etter den karakteristiske, runde toppen med borgruina over Castrojeriz, men klare ikkje å skilje den ut.

Der er ein topp der framme som har noko som liknar borga på seg, men den er for lav.
Vegen går mot den lave åsen. Det ligg ein liten landsby rett under ruina.
Så går det opp for meg at det er den toppen eg sleit meg opp til ein solheit ettermiddag i fjor. Men den sida eg ikkje såg då, ser eg no, og den er heilt annleis. Her hadde eg ikkje trengt mykje sveitte for å kome opp til borga.

Så rundar bussen kollen og vi er framme i vestenden av Castrojeriz.
Kvinna spør om kvar ho finn hospitset, og vi fortel ho må gå austover, inn i byen for å finne det.
Sjølve prøver vi å finne litt skugge for sola medan vi tek vi inn litt mat og drikke ved dei siste husa i byen.
Så er det på med sekkane. Vi er klare for å starte vandringa mot vest.


Klokka er over to når vi står nede på sletta, og vi kjenner ettermiddagsvarmen er i ferd med å setje inn.
Det kan koste litt sveitte å kome opp den knapt hundre meter høge åsen framfor oss, Alto de Mostelares, men det vert einaste fjellet vi skal over på vandringa i år.
Eit skilt viser at vegen opp har ei stigning på 8%.


Mi kjære og eg er noko ulike.
Eg vil gjerne lyfte augene opp mot høgdene, og dei vide utsyna. Ho ser meir av det nære, det som ligg rett framfor føtene. Det eg går forbi.
Her vart det ein pause medan ho iakttok ein maur og ein sommerfugl i kamp ein avliden sommarfugl.


Oppe i åsen snur vi oss og sender eit blikk austover, der vegen slynger seg attende til Castrojeriz som kviler under den runde åsen med borga.
Og eg ser vegen som buktar seg opp mot toppen. Eg kjem ihug at då eg gjekk den ifjor, vart eg eg overfalt av nokre store og hissige flugesvermar som dekte heile meg.
Insekt har skjeldan vore til noko plage dei åra vi har vandra vegen.

Oppe på toppen er det reist er ope bygg som gir oss skugge for sola til ein rast, og ein liten tur bak nova.
Den turen har vi ikkje vore åleine om.
Ein fin rasteplass, men som vi ser så alt for ofte. Vedlikehaldet er heller mangelfullt. Graset på plassen er knehøgt, bossdunkane burde vore tømde for lenge sidan, og turen bak nova burde vore unødvendig.
Så mange som går her så burde det ha vore eit toalettilbod.


Framme på andre sida av åsen ser vi utover mesetaen, høgsletta vi skal gå i år.
Nede på sletta renn elva Pisuerga som er grensa mellom provinsane Burgos og Palencia, og på andre sida av elva ligg Itero de la Vega. Landsbyen der vi har tinga oss rom hos Albergue Itero i sentrum.

Eit skilt viser at vegen fell med 12%, og her har dei lagt betongdekke på vegen, heilt ned på sletta. Det er vel for å hindre at heile vegen forsvinn ned på sletta i første, større, regnskyll.

Framme ved Rio Pisuerga ligg der eit koseleg pilegrimsherberge. Det er eit gamalt eremita, einebuarstad, som låg i ruinar. Men no overteke av italienarar og renovert til ein triveleg overnattingsstad der pilegrimane vert mottekne med kyss og fotvask. Inne er der kapell, kjøken, opphaldsrom og sovehems
Damene nyttar høvet til å få stempel i passa og kaldt vatn i flaskene, før vi kryssar brua over til provinsen Palencia.

Så er vi framme.
Mi kjære og eg heng litt etter dei andre to, men Torbjørg er ikkje så langt fram om oss.
Ved inngangen til landsbyen ligg eit hospits og verten står og tilbyr rom, men vi skal lenger. På eit gatehjørne står Torbjørg og sikrar seg at vi tek rett gate. Så er vi der.
Vertinna snakkar berre spansk, og ringer etter tolkehjelp. Det dukkar opp to jenter, den eine tenåring, og dei er tolkar.
Det er ikkje her vi skal ha hus. Dette er alberguet, og vi har tinga eigne rom.
Med jentene som guidar vandrar vi gjennom gatene til utkanten av byen. Der ligg det eit vakkert, nokså nytt hus, men med ein heller ustelt omgjevnad.
Ei kvinne er i full gang med å få orden på eit rosebed.
Vi vert vist inn og opp i andre etasje. Der er våre rom for natta.

Seinare på kvelden går vi attende til alberguet for middag.
Den får vi nyte i fred og ro for oss sjølve, medan vi høyrer på den livlige praten frå dei som ligg på sovesal, og som får maten servert ved langbord i eit anna rom.
Seint på kvelden kjem regnet.

Pilegrimsvegen 21. og 22. mai


Våpenmerket til Provinsen Burgos

Våpenmerket til Castrojeriz

Våpenmerket til provinsen Palencia

Våpenmerket til Itero de la Vega





Dette året vil vi halde oss innan det gamle kongedømet Castilla y Leon.
Først i provinsen Burgos, så gjennom provinsen Palencia før vi endar i provinsen León.


Casilla y León sitt flagg


Castilla y León sitt våpenmerke


Provinsen Burgos sitt flagg

Provinsen Palencia sitt flagg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar