mandag 13. juni 2011

Iglesia de San Pedro

22.mai 2011

Den andre kyrkja som får vitjing av oss denne varme ettermiddagen i Fromista, er nok soknekyrkje i byen, Iglesia de San Pedro.
Ho er vigd til St. Peter, San Pedro, men dei sjøfarande sin vernehelgen, som skulle vere her frå byen. San Pedro Gonzalez Telmo, har også fått plass i koret sitt retablo.
Ei gotisk kykje frå 1500-talet.



Kyrkja har eit enkelt utført tympanum.

Ho har tre skip, og hovedskipet er smykka med eit retablo frå omlag 1630.


I midtpartia finn vi San Telmo nederst, og øverst ei litt artig framstilling av treeininga, Faderen og Sonen med den blå jordkloda mellom seg, og med Anden svevande over som ei due.


Men hovdemotivet Kristus som vert teken ned frå krossen.

Kyrkja hadde og eit lite kyrkjemuseum for Fromista, og der var det mange forvitnelege ting, både av måleri og skulptur. Eg tek med nokre av skulpturane.
Der sat ein eldre mann som museumsvakt, og hjå han fekk eg endeleg kjøpt meg eit nytt pilegrimspass.









På veg attende til herberget, gjekk vi forbi ei anna utgåve av San Telmo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar