lørdag 11. juni 2011

Kanalen

22.mai 2011

Det er to spanske ord eg knyter til vår vandring i år.
Det eine er den flate og vide "la meseta".
Det andre er stien vi går på, også det eit hokjønnsord; "la senda".
Vel sti vil eg ikkje kalle det. Det er nok nærare å samanlikne den med ein god norsk bygdeveg. For det mest dekt av grus, men og med det som er meir belastande for føtene, asfalt.


Der er ikkje så mange høge bakkar på vegen over sletta, og denne er ein av dei mindre.
Vel oppe på kanten ser vi den breie kanalen kome frå nord, og der vi står endrar den retning med 90 grader og held fram mot vest.
Vegen vår held fram langs kanalen, men der er veg også på andre sida av den.


I vasskanten veks det blomar i mengd, og innanfrå blomane og sivet høyrer vi froskane sine kvekk blande seg med fuglesongen.


Sør for vegen er der ein liten bakke ned til ei lita oppsamlingsgrøft, og så strekkjer åkerlandskapet seg sørover sletta.
Det vert varmare etter kvart no når skydekket frå i dag tidleg byrjar å opne seg for blå himmel og solskin.


Kilometer etter kilometer går vi langs Canal de Castilla.
207 km lang og bygd på 100 år frå 1753.
Det var for å få ein enklare korntransport over sletta den vart bygd, og transporten gjekk frå sør mot nord. På den tida då det ikkje var vegar og motordrevne transportmiddel, kunne det verte førd over 400 pramer med last dagleg etter kanalen, dregne av muldyr.
I dag ligg den der til glede for vandrar, og kanopadlarar på langpadling.


Sletta ser flat ut, men kanalen har ei høgdeforskjel frå sør til nord på 49 meter, så det var trong for sluser somme stader.
Her ved Fromista måtte det og sluser til for å lyfte pramene dei 14 høgdemeterane opp - eller ned.
Slusene vart stengde i 1959, og vatnet i kanalen vert i dag nytta til el-produksjon.


Det har vorte varm ettermiddagssol etterkvart. Rett framfor oss ligg Fromista. Dagen sitt endepunkt. Vi skimtar tårnet på den avstengde og kondømde kyrkja Eremita de la Virgen del Otero over trekronene.
Det ligg ein innbydane rasteplass på sletta nedfor slusene, og der slår vi oss ned ei tid.


Før vi vandrar det siste stykket inn til byen.
I utkanten går vi under ei jarnbanebru, og på andre sida er det skilt som viser oss veg opp til jarnbanestasjonen.
Ved den ligg vårt herberge her i Fromista.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar