lørdag 18. juni 2011

Himmelen er landskapet

24.mai 2011


Ord som er brukt denne sletta vi går på er, einstonig, kjedeleg og flat. Der er dei som nyttar buss på dette lange, flate og trelause stykket av pilegrimsvegen.
Kanskje høver det betre om hausten når kornet er hausta, og alt er brunt, brunt og atter brunt.
Men no blømer det i vegkantane av blomster i heile fargeskalen. Frå dei store og høgreiste plantene ned til dei heilt små nede i grusen.
Opp mot 30 ulike blomster trur eg at eg talde.


Her er ikkje mange fjell og åsar å feste augene på. Kanskje det er derfor eit castilliansk ordtak seier at her på la meseta er det himmelen som er landskapet.


Eg har sett det ei stund. Framfor oss stikk det opp ein liten brun kloss. Det ser ut som toppen på ei bygning. Kanskje eit kyrkjetårn?
Ein mann kjem opp på sida mi, peikar framover mot det brune der framme, spør om eg ser det, og legg til at no, no er det over.

Litt lenger framme bikkar vegen ut for ein liten bakke, og der ligg landsbyen Calzadilla de la Cueza ned i dumpa.
Det som stakk opp over bakkekanten var kyrkjetårnet. Men det låg ikkje ved kyrkja, men oppe i bakken ved kyrkjegarden.

Calzadilla de la Cueza, den vesle vegen ved bakken - fortel namnet om landsbyen.
Ei gate rett igjenom, og ein bilveg rundar husa på sørsida, det er det heile.
I dag ein liten landsby med velstelte hus, mellom bekken i dalbotnen og bakken med kyrkjegarden og kyrkjetårnet på toppen.
I 1974 kom forfattaren av ei bok eg har, gjennom her for første gong. Han fortel at landsbyen då var på randa av å verte forleten. Det gjekk ei sølete gate mellom husa, og av dei var dei fleste forletne, og tildels i ferd med å falle saman.
Soltørka murstein er ikkje noko sterkt bygningsmateriale, men det har vore mykje brukt her på sletta.
Få innbyggarar, dei fleste eldre.
Sidan her ikkje var born, var skulen stengd, men der fekk han overnatte. På golvet.
Vatn var ikkje innlagt i husa, ein måtte hente det i ein nesten tørr brønn.
I dag, nokre få år etter, ein liten landsby med butikk og to herberge. Det eine jamvel med symjebasseng i hagen.
Takka vere skaren med vandrar på veg mot vest.


Der ligg ei fontene under skuggefulle tre ved ingangen til landsbyen. Der er og nokre benkar, og vi bøyer av og slår oss ned for ein rast og litt fotpleie.
Eli kjem, og vi vinkar henne inn.
Pilegrimane strøymer forbi oss ute på vegen, somme spreke og lettføtte, andre meir og mindre haltande, medan dei siktar inn målet i det første huset og baren der.

Det kjem to karar ned bakken, framme ved oss bøyer den eine av og kjem inn på plassen. Der byrjar han høgtideleg og alvorleg å ta kvar enkelt av oss i handa og gratulere oss.
Med kva? undrast vi.
Med å ha overlevd, er svaret.

Reidun som er den lettføtte av oss, er ein snartur bort i landsbyen og orienterar seg. Det er rom i det første herberget, fortel ho. Det med symjebasseng og massasjetilbod. Eli som har eit vondt kne vil overnatte der.
Vi andre skal vidare til neste landsby. Ledigos.
Men Torbjørg har ei vond vrist og har det vondt når ho går. Det endar med at Reidun ordnar drosje. Den står alt klar, så inn i den forsvinn Torbjørg og Bodil og sekkane.



Så er det berre for meg å prøve å halde fylgje med den rappføtte Reidun opp bakken etter landsbyen.
Og det går, nesten. Siste kneika, opp mellom gyvelbuskane, dreg ho litt frå. Men då er vi alt nesten oppe.


På andre sida av bakken, strekkjer sletta seg på ny flat ut mot horisonten i vest.
Igjen er det himmelen som skaper landskapet.
Og nede på flate, rundt svingen ligg Ledigos.



Nokre gater opp mot bakken der kyrkja og kyrkjegarden ligg. Kyrkja godt stengd med stort hengelås og kjetting, trass i at husverten sa det var berre å gå inn.
Hus av soltørka murstein. Somme har kledt den inne med meir varig husklednad, andre har sprøyta veggane med eit slags gult plasstoff for å verne den mot forfall.
Og i utkanten av landsbyen, ned mot bilvegen og parken, nyare rekkehus.


Herberget er fullt, for det meste av tyske vandrarar.
Men vi finn oss eit bord for oss sjølve til middagen.
Ettermiddagen og kvelden vert å nytte som best ein kan inne i den innebygde hagen.
Dersom ein klarer å finne litt skugge frå den varme sola.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar