fredag 10. juni 2011

La meseta

22.mai 2011

Kykkeliky!
Eg vaknar brått.
Kva var det?
Ute er det halvmørkt, og mobilen viser at klokka er fem.
Der var det igjen.
Kykkeliky!
Mi kjære konstanterar at utanfor vindauget er der ein liten hønsegard, og der konkurerar ei fem-seks hanar om å halde orden på sine høner, og i hanegal.
Det vert lite søvn resten av tida eg ligg under dyna den morgonen.


Vi var lova frukost på herberget inne i gatene, så vi bryt opp frå vårt nattely og vandrar gjennom søndagsstille gater.
Vel, ikkje heilt stille, for denne dagen er det val i Spania, og ved eit hus er nokre karer i gang med å førebu vallokalet.
Det har slutta å regne, men det er overskya og ein litt kjøleg vind denne morgonen.

Men på herberget er alt stille og mørkt.
Nattegjestane der har vandra vidare, og ingen svarar på våre anrop.
Ein kar forbarmar seg over oss og leier oss inn i ein bar i nabohuset. Der får vi kvar vår kaffikopp, og ein av desse småkakene som dei har som frukost.
ei muffinsliknande lita kake. Dei har enkle frukostar her i landet.


Så ligg La Meseta framfor oss.
Ja ho er hokjønn, sletta. Derfor La Meseta.
Flat og vid.
Og vegen synest ligge endelaus mot himmelranda der framme.
Medan eg går dukkar det opp ei halvgløymd vise frå mi tid som leiar i Tenklubben på Lystad. Langt attende i tida.
Tonane ligg der men orda er verre.
Første strofa går bra:
Den glade vandrer kalles jeg, for sorgløs går jeg på den endeløse landevei, der liker jeg å gå...
Men dei neste strofene vert det verre å leite fram. Då går orda i tull.



Etter nokre kilometer kryssar vegen ein kanal.
Sjølv om sletta synest flat, renn vatnet med god fart mot sør.
Det er Canal del Pisuerga, som renn her, og den er for smal til båtar, så truleg er den bygd for å føre vatten til dei store jordbruksareala på sletta.


Ut på formiddagen kjem vi fram til neste landsby, Boadilla del Camino.
Ved inngangen er det laga til ein fin rasteplass under raslande trekruner.
Her slå vi oss ned for ein matrast, og ei morgonandaktsstund.
Ein eldre mann sit ved rasteplassen si fontene i stille tankar, og nyt søndagsfreden.
Men det vert berre eit "Bueno diaz" i det vi bryt opp og går forbi han.


Inne i gatene nyttar vi tilbodet på første bar til å varme oss på kvar vår kaffikopp. Innandørs er det godt og varmt, men dei andre som er innom slår seg ned ved borda ute, trass i kjøleg vind.

På torget ved kyrkja, som sjølvsagt er stengd, står der ei vakkert dekoret søyle.
Ein gong, langt attende i tida, stod det ein galge her.
På slutten av det 15.århundret gav kong Enrique IV fridomsbrev frå herrane i Melgar og Castrojeriz, og samstundes fekk landsbyen løyve til å halde rettargong, og henge sine forbrytarar. Utan at adelen hadde rett til å gripe inn.
Søyla vart reist på 16-talet.
"Rollo juridiccional" er ho kalla på spansk. Domssøyla.
Her vart resultatet av rettargongen lest opp, og rettferda kunne skje.
Skal tru kor mange som har møtt sin triste skjebne her?
Det var vel ikkje alltid rettferd som skjedde, kan eg tru?


Ute på sletta igjen, vender eg meg og ser attende mot byen.
Husa er gøymde bak vegetasjonen som veks langs vegen. Det er berre kyrkja og vasstårnet, og ei stor moderne driftsbygning, som ragar opp og syner at her bur det menneske.

Våpenmerket til Boadilla del Camino

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar