onsdag 22. juni 2011

Den lange sletta

26.mai 2011

Pilegrimsboka mi fortel at frå Sahagun til Mansilla de las Mulas er det 37 km å gå.
Etter 16 km ligg det ein landsby, og etter 31 km ein til, elles er det ikkje noko busetnad på strekninga. Berre kornåkrane, stien og himmelen.

Eg kjenner at dette nok vert i lengste laget for meg, så vi tingar oss bilskyss ei mil framover, og då er det berre 27 km at å gå.
Det er Reidun og eg som skal gå.
Torbjørg skal på morgonvisitt til legen, og vil så ta bussen fram til Mansilla de las Mulas, så foten får kvile denne dagen. Bodil slår lag med henne.


Vi startar i det sola er i ferd med å kome over slettelandet i aust.
Framme ved El Burgo Ranero står der ein kross i vegkrysset. Vi slår oss ned og nyt litt medførd frukt, medan andre pilegrimar hastar forbi oss og inn i landsbyen.


Også her er det to vegar gjennom byen. Ein rundar den i utkanten, og den andre går rett igjenom. Vi vel det siste, forbi puben og kyrkja.


Kyrkjetårnet har sine leigebuarar. Eit storkepar på kvar side.


Omlag samstundes som vi rastar i El Burgo, sit dei to andre og ventar på bussen i Sahagun.


Ved sida av dei ligg den gamle byporten


Ei stor ny kyrkje, pynta med denne "pieta" skulpturen


og ruinane av ei gamal kyrkje.


Sletta er flat, vid, og dekt av store kornåkrar. Men på kantane av stien, og i veggrusen, veks det ymse slag blomar i mengder. Så kjedeleg er det ikkje å gå sletta, sjølv om kilometerane og timane vert mange.
Dei som tok bussen, fortel at dei kunne sjå pilegrimane vandre i horisonten i sør.
Men på vegen ved sida av pilegrimsstien er trafikken svært liten. Berre nokre få bilar på dei timane vi gjekk der.


I nord byrjar dei Kantabriske fjella ut mot Biskayabukta, å dukke opp over horisonten.
Det ligg skyer mellom dei denne dagen.
Fjernsynet har fortalt om uvær med store nedbørsmengder over heile Spania. Men vi har vore velsigna med godt og lageleg vær, om det har storma rundt oss på alle sider.


Etter timar byrjar vi å sjå ein jernbanelinje i nordvest, så dukkar stien ned ei lita dump og vi går under linja.
Ei lita elv renn mot sør nede botnen, så stig landskapet igjen opp mot ein liten bakkekant.
Her oppe i bakken dekker dei raude valmuene store flater ved vegen.


Framme på bakkekanten ser vi landsbyen Religios ligge ned for oss, og vegen som strekkjer seg vidare fram over sletta mot Mansilla de las Mulas.


Etter ein kaffikopp på baren i Religios, vert det nokre beine og flate asfaltkilometer fram mot Mansilla.
Oppe frå brua over kanalen ser vi byen ligge der med sine kyrkjetårn.


Vi strevar litt med å finne gata med hospitset som husar Torbjørg og Bodil.
Til slutt må dei ut og vere vegvisarar for oss.
Men så kan vi sette sekkane ned. Dusje av oss støv og svette, og sette oss i skuggen på terrassen for å nyte freden, roa og varmen ei stund utover den varmaste ettermiddagen.


Vegen vi gjekk den 26.mai

Våpenmerket til En Burgo Ranero

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar