søndag 12. juni 2011

Iglesia de San Martin

22.mai 2011

Fromista har to kyrkjer som er verdt ei vitjing, fortel pilegrimsvegvisaren.
Så når vi er vel instalert på roma, vandrar vi gatene inn til sentrum.
Ettermiddagssol frå klår himmel gjer det ikkje kjøleg i gatene og på plassen framfor kyrkjene.
Iglesia de San Martin er den første som får vitjing, men alle dører inn til kyrkja er stengde.
Siesta må vite. Opnar først att kl.16.00.
Så då vert det ei runde rundt kyrkja, litt fotografering, og så kaffi og is i næraste bar, medan vi ventar på at klokka skal verte 16.00.


Kyrkja er i romansk stil.Innvigd i 1066. Klosteret som var bygd saman med kyrkja, og som modellen på fotoet viser restar av, er no borte.
Kyrkja er kalla eit utsøkt smykke av spansk-romansk bygningskunst, og er smykka med mange ulike små detaljar.




Utvendig og innvendig er den høgt oppe smykka med 315 figurar med ulike motiv,

og 100 kapittelhoved med plantemotiv.


Klokka nærmar seg opningstid, men framleis stengde dører.
Vi slår oss ned på ein benk og ventar, men ingenting skjer, og vi bestemmer oss for å gå til den andre kyrkja, litt lenger oppe i gata.
Då dukkar det opp ein turistbuss som stansar, og ut veltar ein busslast med tyskerar.
Kanskje det von om opa kyrkje likevel?
Eg vender attende på plassen framfor kyrkja, ser eg med eit at ei dør opnar seg og ut kjem nokre kvinner.
Aha, her kjem vi inn. Eg vinkar på dei andre og smett inn døra til eit enkelt og stilfullt kyrkjerom.


Ingen store gullglitrande retablo i koret.


Sentralt er eit enkelt krusifiks.


Med Sankt Jakob, pilegrimen, på den eine sida.


Og Martin av Tours, biskopen, som kyrkja er vigsla til, på andre sida.
Martin var fødd i Ungarn, men døydde i Frankrike i 397.
Han grunnla eit kloster i Tours som fekk stor betydning for kyrkja og evangeliet si framtid i seinromersk tid.
Frå klosteret hans gjekk det seinare sterke straumar av inflyting nordover til britisk og keltisk område, som igjen førde evangeliet over til norsk vestland med keltisk munkar og slavar.
Martin sin minnedag på primstaven er Mortensmess 11.november.


Eit lite apropos til San Martin.
Mortensmess vert i Danmark og Tyskland knytt til ei gås. Noko som har samanhang med ei hending i Martin sitt liv.
Oppe kanten av taket på det eine tårnet, står der ei gås.


Våpenmerket til Fromista

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar