lørdag 25. juni 2011

Real Basilica de San Isidoro

27.mai 2011

Der ligg ei kyrkje til innanfor bymuren, litt lenger nordvest for katedralen.
Det er den kongelege basilikaen til San Isidoro.
Kongeleg fordi den på ein måte er arnestaden til kongedømet Leon, og sidan det nede i gravkrypten står fleire sarkofag frå kongeslekta. 23 kongar,12 prinsar og 9 jarlar.
I romersk tid stod her eit tempel til guden Merkur. Den første kongeborga med kyrkje og kloster, vart øydelagd av maurarane. Denne kyrkja er bygd på få år frå 1056.

Den er vigsla til San Isidoro, ein visgotisk erkebiskop, (563-636). Relikviane etter han vart førde til Leon under stor festivitas 21.desember i 1063.



Utvendig var det store restaureringsarbeid på gang, og mykje var avsperra, men eg greidde å strekke meg over sperringa så eg fekk bilete av begge inngangspartia til kyrkja.

Begge inngangsportane har tympanum over seg.



På den eine ser vi Abraham si ofring av Isak, og Guds hand som kjem inn og stoggar handa med kniven.
Og over seg vi Guds Lam, Agnus Dei.



På det andre tympanumet er det sentrale motivet Jesus når han vert teken ned frå krossen. Med sidemotiv, Jesus som står opp frå døden, hjelpt av to englar, og engelen som syner kvinnene den tome grava.


Og innanfrå, fram mot høgalteret.



Frå museumet ved sida av kyrkja, kom vi ned i den kongelege krypten.
Sidan der var fotoforbod, så er bileta derifrå funne på på verdsveven.


Eit av dei mange sarkofaga.

Men det som fanga meg mest var freskomåleria i taket.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar