tirsdag 21. juni 2011

Sahagun

25.mai 2011


Pilegrimsboka mi fortel at det er knapt ei mil frå Moratinos til Sahagun.
Vi går nok litt feil ut frå Moratinos. Stien er merka med gule piler, men hovedstien går nok frå kyrkja i sentrum.
Den vi går ber spor av at få føter har gått den. Slik sti har vi knapt sett sidan Pamplona. Men om den er overgrodd til tider, er den vakker å gå.




Vi gjer ingen stogg i den tredje landsbyen denne dagen, men framme på ei lita høgd, tek vi ein liten pause.
Nord-Spania har fleire autonome regionar og provinsar som vi har gått gjennom. Det byrja med Navarra og La Rioja. Så kom vi inn i Castilla y Leon med provinsane Burgos og Palencia. Støtta markerar at vi no forlet Palencia og kjem inn i provinsen Leon.


På andre sida av bakkekanten ser vi Sahagun ligge framfor oss på sletta.



Torbjørg er vel instalert i eit nokså nytt og triveleg hostel, når vi andre melder vår ankomst. Verten vil gjerne høyre om vi likar det. Han fiskar nok etter litt ros. Og det får han.


Som mange andre av byane langs caminoen, har Sahagun også si pilegrimsstatue.




Torbjørg dreg til eit legesenter. For oss andre vert det ei lita runde i byen for å vandre litt i gatene og å sjå på nokre kyrkjer. Utanfrå også denne dagen. Dørene er stengde.


Men storken nyttar kyrkjetårnet også i denne byen. Utsikt likar den fuglen.


Så mørknar himmelen over Sahagun



Og medan lynet blinkar, tora slår og regnet fløymer ned, sit vi lunt og godt i hostellet sitt opphaldsrom.
Torbjørg er komen attende. Skal ta det roleg imorgon.


Uværet dreg vidare mot aust. Og når vi går til ro, lyser kveldsroden opp skyene i vest.
Det lovar godt for morgondagen.

Våpenmerket til Sahagun


Våpenmerket til provinsen Leon

Provinsen Leon sitt flagg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar