søndag 26. juni 2011

Den lange brua.

28.mai 2011


I vakker morgonsol, bryt vi opp frå herberget i Villar de Mazarife.


Gatene ligg morgonstille ved kyrkja. Berre storkane oppe i tårnet held vakt.


Men trass i morgonsola, teiknar skyene ein dramatisk himmel bak oss.


Også i vest, dit vi er på veg, er det skyer på himmelen.
Er det uværet i sør og vest som er på veg mot oss, tru?


Vegen leier oss langs fleire vatningskanalar.


Med jamne mellomrom er det bygt opp eit slusesystem til å fordele vatnet utover jordene.



Vi møter mange nasjonalitetar under vandringa, og det kan vere berre tilfeldigheiter som gjer at vi får kjennskap til kva land pilegrimane kjem frå. Ikkje alle er like godt merka som han her.


På veg inn i landsbyen Villavente vert det rast ved ein plass med eit fint forma vasspunkt. Ikkje drikkande vatn står det på eit skilt, men vatnet glimrar med sitt fråvær. Heldigvis har vi medførdt vatn på flasker.

På veg ut av byen prøver vi oss på kyrkja, men ho er som dei fleste av kyrkjene midt på dagen, stengd.


Så dukkar dagen sitt mål opp. Hospital de Orbigo, og den lengste brua på pilegrimsvegen.
20 brukar har ho, og vart bygd på 1300-talet over elva Orbigo.
Ho rekk heilt bort til husa vi ser mot kyrkjetårnet.
Denne brua var åstaden for ei namngjeta hending, ei riddarturnering i 1434. Den siste i Europa, er det sagt.


Det var riddaren Suero de Quiñones frå Leon som var utfordraren.
Han hadde i eit anfall av kjærleik som ikkje vart gjengjeldt, gitt ein lovnad om å bere eit jarnband rundt halsen, til han fekk kvinna. Noko han ikkje hadde hellet med seg i.
For å verte kvitt bandet, utfordra han alle riddarar i Europa som ville kjempe mot han på brua. Stod han til slutt att som sigerherre, kunne han fjerne halsbandet.
Og dei strøymde til frå fjern og nær.
Om dagen kjempa dei på brua, og om kvelden festa dei på sletta nedanfor.
11. juli byrja turneringa, og dei heldt fram til 9.august. Då stod han att som sigerherre og kunne fjerne halsbandet. 300 lansar hadde han då brote.
Men 24 år seinare møtte han ein som ville hemne sitt nederlag, og det vart Suero sin bane.



Nede i ei gate inne i byen finn vi hostellet vårt, Nuestra Señora de Lourdes.
Det såg litt beskjedent ut frå gata.


Men då vi kom innanfor gatadøra opna det seg ein nydeleg stad.
Og lengst inne ein vakker, innelukka hage.
Vertinna fortalde at dei hadde kome frå Portugal for 30 år sidan og kjøpt ein forfallen eigedom, som dei så hadde restaurert opp til denne vakre eigedomen det var no.



Våpenmerket til Hospital de Orbigo

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar