søndag 5. juni 2011

Til Burgos


20.mai 2011.
Så er vi igang igjen.
Tre kvinner og ein mann frå ei sunnmørsk fjordbygd. Bodil og Torbjørg som saman med meg har vandra frå Le Puy en Valey i Frankrike, og Reidun som kom med i Pamplona i fjor.

Det er femte året vi er på vandring etter pilegrimsvegen mot katedralen som er bygd over apostelen Jakob si grav på stjernemarkene. Heilt vest i Galicia.
20 mil lang er etappa i år, og vi har planlagt å bruke 11 dagar på den.
Frå Castrojeriz til Astorga. 20 mil over flatt, og vonleg solfylt, opent sletteland.


Og det starta som alltid før. Med nattbuss til Gardemoen, og så fly, denne gongen med Lufthansa om Munchen til Madrid. Etter nokre timar vidare med buss til Burgos, kunne vi sjekke inn på Hotel España, og vi vart ynskt hjarteleg velkomen attende av nattportieren, den spanske utgåva av "mister Bean".

Og i gata utanfor var det også denne gongen demonstrasjontog på gang.
Seinare var det ei stor folkemengde samla på Plaza Mayor, med plakatar, store banner, taler og høg musikk. Medan politiet stod roleg i utkanten av plassen.
Det var starten av M-15 bylgja som gjekk over Spania vi var vitne til.
Ein folket sin revolusjon, kalla ein ungdom det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar