lørdag 25. juni 2011

León katedral

27.mai 2011


Katedralen er vigsla til Santa Maria de la Regla.
Det er fjerde kyrkja som no står her på Plaza Regla i León, og den har katedralen i Reims som forbilde. Påbyrja i 1205 i gotisk stil.


Sørsida var stengd grunna restaureringsarbeid.


Ein går inn under eit vakkert tympanum.

I ei tid då folk ikkje kunne lese, og bøker heller ikkje var eit masseprodukt, var det dei store retablo over alter og tympanum over dørene, som på mange måtar var folk sin bibel. Her fekk dei bibelfortellingane synleggjort i bilete.
(ved å trykke på bileta kan ein auke storleiken)


Katedralen har tre tympanum på vestsida, og tre på sørsida.
Det er Virgin Blanca som smilande ynskjer kyrkjelyden velkomen, og over seg har ho bileta frå Domens dag.
Det sentrale bilete er Jesus som Allherskaren, med Maria og Johannes knelande ved sida.
Under er det engelen Gabriel som veg sjelene. Dei til venstre er smilande og glade, medan dei til høgre ikkje har ein like lukkeleg skjebne.


Over døra til venstre er det Maria sitt liv som Jesu mor som er motivet. Vi ser heile soga omkring unfangelse, fødsel og flukt til Egypt.


Over døra til høgre er det Maria sin død, himmelfart og kroning til himmeldronning, som vert fortalt.


Over hoveddøra på sørsida er det bilete frå apokalypsen som stig fram.
Kristus er omgitt av dei 4 evangelistane som skriv orda dei får frå han. Og under står alle 12 læresveinane på rekke og rad.


Så går vi inn mellom dei gamle dørblada av valnøttre, frå 1600-talet, med utskorne bilete frå Jesus si lidingssoge. Enno vakre, trass i slitasjen frå vær og vind gjennom århundra.
Her syner det eine biletet Maria som møter den oppstadne i hagen.


Så kjem ein inn i kyrkjeskipet, og har korstallen rett i front.


Den og vakkert dekorert med bilete frå Jesus si fødselssoge.


Framom korstallen opnar skipet seg fram mot høgalteret med det vakre retabloet under dei fargerike vindauga.
Vi fekk høve til å vere tilstades under ei av messene.


Retabloet i eit av sidekapella.


Her ser vi inn i korstallen, vest mot rosevindauget over hovedinngangen.


Katedralen har fleire sideskip. Ei kveldsmesse vi deltok i, var i eit av dei.
Dette sidekapellet er pryda med ein vakker, men enklare altervegg.


og fleire gamle veggmåleri.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar