onsdag 8. juni 2011

Teikn?


Er det berre tilfeldigheiter som rår, eller er der nokon ved sida vår fylgjer med på vår ferd?
Er der ein Gud?
Er der englar ved vår side?
Eg var med i ei lita samtale her ein kveld der dette spørsmålet var ein del av samtalen.
Og det er vel ikkje heilt enkelt å gi eit klart svar på det/dei spørsmåla.
Det vert vel helst eit spørsmål om tru kontra ikkje tru.

Men kvar hamnar biletet eg i dag fann i nettavisa til den svenske avisa Dagen?
"Det er Hillevi Fahlquist i Kalmar som tok biletet på väg från Larmtorget mot Stortorget i Kalmar under Nationaldagens Jesusmanifestation i stan. Då gjorde en god vän henne uppmärksam på ett märkligt fenomen på himlen."

Ho såg det som eit teikn frå Gud. Andre vil nok hevde at alt har ei naturleg forklaring. Også dette kvite korset på den skyfrie og blå himmelen.
Eg sjølv?
Eg undrast, men har litt vanskar med å sjå den naturlege forklaringa.
Kanskjer er ho der likevel?

Men som truande har eg ikkje vanskar med å sjå teiknet, sjølv når den natrurlege forklaringa er der.
Treng det stride mot kvarandre å kunne sjå begge deler?

(Eg har auka kontrasten i biletet for å få tydelegare fram det kvite korset.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar