mandag 20. juni 2011

Moratinos

Eg tolde visst ikkje å kome heim frå Spania sine solvarme sletter, til Norvestlandet sitt kjølegare og fuktigare klima.
I går måtte eg gi tapt for krimsjuka, legge meg flat på sofaen og pakke meg inn i eit pledd.

Og på den har eg stort sett helde meg denne dagen også, medan eg som underhaldning har fulgt med på Hurtigruta si ferd mot nord, langs vår vakre kyst. Og med undring sett mine landsmenn (langs strendene, på kaiene og i småbatar) sin ihuga innsats for å kome på TV.

Men medan "Nord-Norge" enno ligg ved kai Tromsø, tek eg meg ein snartur attende til høgsletta i Nord-Spania.
Til første del av vår 5.vandringsdag.

25.mai 2011


Vi har lagt oss til ein litt høgre standard på overnattingane dette året. Vi tinga oss dobbeltrom og ikkje seng på sovesalar. Og då får vi og gjerne eige bad i tillegg.

Det vil sei at vi har gått opp frå albergue til hostel. Det har kanskje noko med alderen å gjer. Eit ynskje om litt meir komfort. Oppreidd seng til dømes. Og å kunne ta ein toalettur om natta, utan å risikere å hamne i seng med ein ukjend person etterpå, slik det heldt på å hende meg ei natt i Frankrike. Men det har sjølvsagt sin sjarm det og.

Men det klaffa ikkje alltid. Her er romet vårt i Ledigos, og toalettet med dusj var borti gangen eit stykke, og det var felles for alle i den etasja.


Torbjørg har fått problem ein fot, og då må det støttebandasje til. Bodil som fekk erfaring med det ifjor, tek seg av lindinga før vi startar vandringa.


I morgonsol forlet vi Ledigos.
I dag er det tre landsbyar vi skal i gjennom på vel 16 km, før vi er framme i Sahagun.


Den første er "Terradillos de los Templarios". Den vesle jorda til tempelriddarane tyder namnet. Og som namnet fortel heldt Tempelriddarane til her på 1300-talet, før organisajonen var fordømd og knust.

Medan vi tek ein liten rast under eit frambygd tak, kjem ein annan pilegrim bort til oss. Han spør om eg snakkar engelsk, og eg må bekrefte det.
Då gjer han meg merksam på leggane mine. Dei byrjar få ein noko sterk raudfarge. Eg må passe meg så eg ikkje vert brend, seier han.
Eg takkar høfleg for meldinga.
Men det er vel slik med nokre av oss menn, vi skal ikkje nytte solkrem.

Eg har vore klår over det ei stund at mine leggar byrjar likna på andre menn sine sterkt raude leggar. Leggar som eg har vore freidig nok til å kommentere til mi kjære, i det dei har gått forbi oss på vegen.
Om kvelden får mi kjære, aller nådigst, smørje leggane mine inn med kremen ho har brukt på seg sjølv heile tida.


Det kan sjå ut som om det er bortimot heilt flatt, men det er det ikkje.
Det går både litt opp, og litt ned.
Denne dagen startar vi på 882 m, og vi når er framme i Sahagun, er vi nede på 816 m.


Vindmøller har vi sett mange av under vandringa, både i år og i fjor.
Men her møter vi også på ei større samling av solcelle-panel.


Den neste landsbyen er Moratinos, og namnet fortel at her budde det muslimar, eller omvende muslimar, som vart tvangsflytta hit frå Andalucia på 1500-talet.

Torbjørg og eg har undervegs snakka ein del om Moratinos. Og grunnen var at her bur det ei kvinne frå USA og hennar engelske mann. Denne kvinna, Rebekah, skriv ein blog som vi begge er innom og les.
Og eg som har hatt mykje glede av å lese bloggen hennar, har sett fram til å gå gjennom byen for å sjå det ho skriv om med eigne auge. Kyrkja, puben, herberga etc.
Å få møte henne hadde eg aldri drøymt om.




Men Reidun som er den raskaste, er sjølvsagt inne i landbyen før oss. Og ho går inn på puben og spør om nokon kjenner Rebekah, og då tek kvinna henne med gjennom landsbyen og inn ei lita sidegate, og ringer på ei dør.
Og då vi kjem etter, står Reidun på gatehjørnet og vinkar oss inn. Vi skal vitje Rebekah.

Vi kjem inn i ein trivelg forhage. Der står eit bord under ein solparasoll, og eit par hundar helsar oss logrande velkomne. Så får vi helse på Rebekah og Paddy. Ein skotsk gjest er der og. Vi vert bodne på te og kjeks, prat og stempel. Torbjørg som slit med sin vonde fot, vert bydd skyss dei siste kilometerane fram til Sahagun.
Inn i bilen forsvinn våre tre andre sine sekkar også. Då vert det lett gange uten noko på ryggen for oss tre fram til Sahagun.

So, thanks to Rebekah and her husband who opened up their home for us four old norwegians, a nice day in the end of may. Thanks for your hospitality, kindness and help. We finished our walking i Astorga and went home.
In the autumn next year, we hope to continue to Santiago de Compostela.
The best whishes to you both, from the man, Harald.



Vegen vi gjekk vår femte vandringsdag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar