fredag 24. juni 2011

Ein dag i León

27.mai 2011


Så sit vi i morgonsola under det gamle korset, tett ved bymuren vest i Mansilla de las Mulas. Vi ventar på bussen som skal ta oss til storbyen vest på sletta,Leon.

Vi har valgt å nytte buss, både for at Torbjørg sin fot skal få sleppe påkjenninga ved å gå, men og fordi vi reknar med at mykje av strekninga vert gjennom industriområde og forstadar til byen, og ved det mykje gåing på asfalt og fortau. Noko som er slitsomt for alle føter.

Vi kjem tidleg fram, men verten i Hostel Londres, opnar dørene for oss så vi får setje sekkane våre inn på roma.
Og så er det ut for å nyte ein dag i Leon.


Den store arkitekten Antoni Gaudi, mest kjend for sine byggverk i Barcelona (Sagrada Familia m.m.) har også vore her i byen. Casa Botines er hans verk, det ligg ved ein stor open plass.



Her møter vi att den spanske protestaksjonen som vi møtte ein spire av i Burgos, 15M. Men på dagane sidan Burgos har den tydeleg vokse mykje.
Her er det masse folk samla, både protestantar og nyfikne andre.


Men så er spørsmålet: Kva skal vi sjå - og kvar skal vi gå?


Katedralen er førstevalet.


På plassen framfor katedralen står det ein skulptur med avtrykket av mange hender i ulik storleik.
Her gjeld det å finne si hand.



Eg tek meg ein liten tur rundt katedralen - trur eg. Men den vert lang, eg kjem både langs den gamle bymuren og forbi mange vakre bygningar.



Real Basilika de San Isidoro




Men vi må ha mat. På ein pub bestiller vi noko som heiter cecina. Kva det no er?
4 porsjonar vil vi ha. Verten himlar med augene når vi insisterar. Han skjønar nok at her er det nokre som ikkje veit.
Vi ventar ei stund ved bordet, og så kjem han med eit stort trefat fullt av noko kjent. Det er spekemat. I tillegg får vi eit fat med store tomatbitar som flyt i olje.
Så er det berre å gå laus og gumle cecina og tomat.
Cecina er luftturka kjøt frå lår av hest, storfe eller geit, tilbereidt i Leon.
Spør ikkje om det smakte.
Men det er kanskje noko med å ete det der.


Det er ikkje berre baskarane som vil ha sjølvstende i Spania. Også Leon har tydelegvis si sjølvstenderørsle, om ikkje så valdeleg som ein kan finne hos baskarane.

Etappen vi ikkje gjekk.

Leon by sitt våpenmerke

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar