onsdag 15. juni 2011

Villalcazar de Sirga

23.mai 2011


Vi har sett heiskranene rage opp over den store kyrkja på lang veg, og når vi kjem inn i gatene ser vi at Iglesia de Nuestra Señora de la Virgen Blanca i Villalcazar de Sirga er under oppussing.
Er ho steng?
Vil det vere høve til å kome inn?

Det er her vi skal avslutte vår fortelling om den norske prinsessa Kristina, dotter av kong Håkon Håkonsson som drog til Spania for å verte gift med kong Alfonso X el Sabo (den vise), men som enda med å måtte ta til takke med broren don Felipe.



Kyrkja er stor, og vestdelen er godt innpakka av bygningsstillas med meir, så vi ser ikkje så mykja av kyrkja som Tempelriddarane i si tid bygde opp her.
Men gjennom sidedøra, under det store tympanumet, kjem vi inn i kyrkja.


Utanom det store hovedalteret med sine mange fortellingar frå Jesus sitt liv, er Sankt Jakob, San Tiago, tilstades fleire stadar i kyrkja.
Kyrkjevakta vert etter kvart frimodig og byrjar fortelje om kyrkja og om mange vitjingar frå Norge og om Kristina og Felipe.


I eit sideskip står det tre sarkofag.
Og her endar vår ferd med prinsesse Kristina, princesa Triste som ho er nemnd som på ei spansk nettside. Truleg på grunnlag av statua som står i Covarrubias der ho er gravlagd. På den statua ser ho trist og sorgfull ut.
Men her ligg ektemaken hennar gravlagd, saman med si andre kone, doña Leonora.
Don Felipe fekk ikkje barn med nokon av konene sine.
Heller ikkje kong Alfonso X som ho skulle gifte seg med, men som ombestemte seg, fekk born.
Han ligg gravlag i kongebyen Valladolid, litt lenger sør på sletta.

Valladolid der Kristina vart gift med don Felipe, og Sevilla der ho budde resten av sitt korte liv, ligg lenger sør, og er ikkje på vår vandrarrute.


Ute på torget prøver eg meg på ei lita samtale med ein kar, men han er heller fåmelt.


Så er det ut på sletta at. Vi skal fram til Carrion de los Condes før det vert alt for varmt.





Og så ligg byen framfor oss.
Berre ned denne vesle bakken og så opp til byen, så er vi der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar