tirsdag 7. juni 2011

Monasterio de las Huelgas

21.mai 2011.

Turen til katedralen viste seg å vere nyttelaus.
Dei hadde ikkje pilegrimspass å selje meg, slik eg trudde. Det var herberga som hadde det.
Då stod det att ein post på programmet før vi forlet Burgos.
Det er det kongelige klosteret, vest i byen.
Det går buss har "Mr. Bean" fortalt oss, men om vi vel å gå, gjer vi det på 20.minutt.
Det vert til at vi går, men litt feil gateval gjer at vi nok brukar litt meir tid.


Men til slutt kan vi gå inn porten til Monasterio de las Huelgas Reales.
Eit cistercianarkloster omdanna i 1187 av kong Alfonso VII og kona hans, Leonora de Aquitania, frå kongeleg residens til eit kloster for høgborne kvinner som var enkjer eller ugifte. Og det var styrt av kvinner.
Om det var eit Cisterciansk kloster så var der eit men. Priorinna raporterte direkte til kongen. Huelga tydde opphaveleg til glede eller til behag.

Hit var det prinsesse Kristina, kong Håkon Håkonson si dotter, julaftan 1257 kom med sitt fylgje. På veg til kongebyen Valladolid for verte kong Alfonso X si kone.
Her i Burgos vart ho teken i mot av Alfonso si syster, Berenguela, som var priorinne i klosteret, og her feira ho julehelga.

Truleg var Alfonso sin lovnad om giftarmålet, eit forsøk på alliansebygging for å verte vald som den neste tysk-romerske keisaren. Han hadde lova å skilje seg frå henne han alt var gift med for så å gifte seg med Kristina. Men han trekte seg frå lovnaden, og istaden vart Kristina gift med bror hans, don Felipe.


Det er berre i borggarden det var lov å nytte fotoapperat. Og vi fekk ikkje gå rundt på eigahand. Og omvisinga var berre på spansk, vart det sagt. Men ho som viste gruppa rundt, la inn nokre forklarande ord på engelsk for oss som var betre bevandra i det målet. Etter kvart kom der mykje også om Kristina si tid her.

Sidan det var fotoforbod, har eg plukka nokre bilete frå klosteret på verdsveven.


Taket i klostergangen hadde vakre dekorasjonar. Mange av dei i mudéjar-stil. Mudéjar var maurarar eller muslimar frå Andalucia som vart verande i dei gjenerobra, kristne, områda i nord.


I ein del av klosterkyrkja var der fleire sarkofag tilhøyrande den castillianske kongefamilia.( frå det 12. til det 14. århundret.) Også til henne som tok imot prinsesse Kristina i 1257.


Opninga til klosterhagen var stengd med store med store glasflater, for å stenge ute kulde og fukt som skadde dei gamle dekorasjonane innanfor.


Eit eige kapell var vigd til St. Jakob. På frontveggen hang denne utgåva med sverd i handa. Sverdet vart nytta når nokon vart slegen til riddar inn i ordenen av Santiagoriddarar. På mitt spørsmål om det var maurardreparen Jakob som var der, sa omvisaren nei. Men andre kjelder stadfestar at det er Jakob Matamoros.
Det byrja i 1219 med at Fernando III vart slegen til riddar med dette sverdet, og etterpå vart alle castillianske kongane i middelalderen slegne til riddarar med dette sverdet under denne statua.


Så var vår vitjing i klosteret over, og turen gjekk attende til sentrum, og bussen vidare til Castrojeriz.

Men først gjorde eg endå eit forsøk på å få meg eit pilegrimspass.
Eg var der rett etter at herberga opna kl.12.00, men i det eine var det alt ein lang, lang kø av pilegrimar som ville sikre seg overnattingsplass, så der var det berre å gi opp. Og på det andre var det ingen kø, men dei hadde ikkje noko pass til meg, og då var eg like langt.
Eg måtte berre ta fatt på vandringa i vona om at manglande pass ikkje ville gi meg vanskar med å få overnattingsplassar. Vonleg ville eg kunne kjøpe meg eit om ikkje mange dagane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar