søndag 31. oktober 2010

Hontanas. 21.september

Det er søndag og stilt i stova.
Ute regnar det, så sjølv om det er mildt, så held eg - vi - oss innandørs.
Og då, for å sysselsette meg, vandrar eg vidare mot vest, i minna frå vandringa tidlegare i haust.


Vi nærmar oss slutten på vandringa for i år.
Eg tok med meg eit par Devold T-skjorter, sånn for sikkerheits skuld. Om nettene skulle vert for kalde, og eg ikkje fann teppe til å dra over meg.
Så viser det seg at vi er tre som har med det.
Eg fann snart ut at desse ull T-skjortene kunne brukast til meir enn å varme meg om natta. Dei vart raskt forfremma til å gå med, sjølv når sola varma som hardast ut på ettermiddagen.
Så denne nest siste dagen stilte vi tre opp i våre langerma variantar, som var gode å finne tidleg om morgonen, til avfotografering ved kyrkjegardsmuren.

Så var vi på veg. Hontanas, 11 km lenger framme, var dagen sitt endemål.
Landsbyane ligg på vel 850 m o.h., medan åsane aukar med 50-100 høgdemeter til, så det er ikkje store bakkane som utfordrar oss.
Men kroppen ikkje fungerar heilt godt, kan dei få høgdemeterane likevel vere harde nok.
I dag er det berre Reidun som er heilt på topp, og som fleire gonger må setje seg ned og vente på oss i baktroppa.

Vegen stig først opp jamt oppover til åstoppen, der han flatar ut vestover.
Oppe på åsen har Reidun funne ei steinrøys som høver for ein liten rast til morgonandakt og litt snop.


Etter vel halvgått distanse berst det ned eit lite dalsøkk med ein bekk i botnen.
Ei hundre meter tilsides for vegen ligg SanBol.
Landsbyen som låg her med eit kloster oppe i bakken, vart av ukjende årsaker lagt øyde på 1500-talet. I dag er der berre eit hus der, under skuggefulle tre, i eit skoglaust og nake landskap.
Men dette huset , som er utan innlagt vatn, er eit ettertrakta hospits. Mykje på av at det er så primitivt der.
Reidun hadde seg ein rask tur bortom for å sjå, medan vi andre traska opp bakkane mot åskanten igjen.
Ho kunne fortelje at det primitive no hadde byrja å vike for det meir moderne.


Oppe på åskanten igjen kviler vi ut etter motbakken.
Her er det ikkje eit hus å sjå. Berre store flater med gulbrune kornåkrar der berre stubbane står att.
Og langt borte i horisonten ser vi bilvegen på andre sida av eit nytt dalsøkk.


Så dukkar reklameskilta for hospitsa i Hontanas opp. Berre 500 m.att.


Bak det gamle Jakobskorset, dukkar den nye tida opp mot horisonten.


Om litt kjem vi fram på åskanten, og der, under føtene våre ligg landsbyen.


Hontanas viser seg å vere ein landsby der moderniseringa endå har late ein rest av det gamle stå att.




Hospitset ligg overfor kyrkja, ved eit lite torg.
Det var før eit kyrkjeleg hospits, men forfall etter kvart.
Så tok andre over og restaurerte og moderniserte det.
Vi får oss eit rom med fem senger. Kanskje vi får selskap til natta?
Og det får vi. Ein japanar kjem stilt inn døra, og må ta til takke med ei overkøye.

Han har eit kors hengane i halsgropa.
Er han kristen?
Nei det er han ikkje.
Kvifor går han pilegrimsvegen då?
Han går for å finne ut kvifor han går.
Javel?
Svaret undrar meg, men kanskje det er ein variant av mitt eige spørsmål; er eg pilegrim eller berre ein vandrar der eg går caminoen?

Det viser seg at karen har mykje å gjer utover ettermiddagen og kvelden. Det er fleire kvinner med såre føter og ryggar som ber om hans assistanse, og han tilbyr dei massasje.

Å gå pilegrimsvegen kan vere ei stor utfordring både for kropp og sjel. Vi har sett dei som haltar fram med vonde gnagsår på føtene. Men og dei som har alt for tunge bører på ryggen. Og eg tenkjer at desse burde avslutte vandringa før dei får varige helseskader. Men mennesket er eit stirrigt vesen. Har det sett seg ein ting, så skal det gjennomførast uansett konsekvensar.
Og nokre av desse kvinnene som fekk massasje, dei hadde store problem med å gå, og då ikkje grunna gnagsår.

Landsbyen er ikkje stor. Ei lita runde i gatene, så har ein sett det meste, og då vert det hospitset sin pub resten av dagen. Finne seg eit bord under ein skuggefull parasoll og sjå andre kome vaklande ned gata, i vona om at her endå er senger ledige.


Hontanas kjem frå eit gamalt ord "fontanas", og her er mange kjelder som kjem ut i åsen rundt landsbyen.
Ei av dei kjem fram i ei fontene ved kyrkja. Og ho skal ha eit særs helsesamt godt vatn. Dit kom landsbyfolket med store dunkar for å fylle opp med vatn.
Kyrkja opna ut på kvelden, og eg ville ha meg ein tur inn, slik eg plar gjere i opne kyrkjer.
Men innanfor døra sit ei eldre kvinne. Ikkje for å kreve betaling for å kome inn. Nei ho sit der for å passe på at alle besøkande donerar ei gåve på minst ein euro for å få vitje kyrkja.

Denne dagen har også Bodil hatt ein lei dag. Bakkane har vore tunge for henne.
Ut på ettermiddagen byrjar ho å fryse, og går, for henne å vere, tidleg til sengs.
På hospitsa skal det vere stilt frå kl. 22, slik at alle som startar tidleg om morgonen (gjerne før kl 6) skal få si nødvendige kvila.
Den siste som kjem til ro denne kvelden er japanaren. Klokka er 22 då døra går lydlaust opp og han kjem inn. Og det tek ikkje mange minutta før han er i soveposen.
Men før han kryp i posen, fullt påkledd, sørger han for å late att vindauget.

Det er visst berre vi frå nord i Europa som vil ha frisk luft om natta. Andre sørger for å skalke lukene.
Det vert for varmt med fem stykke på romet. Ut på natta vaknar eg av ein trykkande varme og tung luft. Men så er det ein kvan i sengene nede ved golvet som opnar opp for frisk luft, og eg sovnar inn att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar