lørdag 9. oktober 2010

Alto de Perdón. 8.september (1)


Det hadde vore regn og torevær om natta, men morgonen kom med lettskya og sol.
Denne dagen skulle vi over det første fjellet.
Lite visste tre av oss då at dette vart vårt einaste fjell dette året.
Vi går gjennom eit åkerland. Her var det for veker sidan bylgjande kornåkrar, men no var det berre gulbrune, solsvidde stubbar att. Mange stadar stod det fleire meter høge stablar med samanpressa halm.


Langt bak oss ligg Pamplona i morgonsola.
Landet byrjar å stige opp mot fjellet.
Vel, fjell. Vi skal opp 255 m frå Cizur Menor til passhøgda Alto del Perdón på 735 m.
Ikkje akkurat sunnmørske fjellhøgder.
Undervegs går vi gjennom ein liten landsby med eit namn som tunga slår krøll på seg av når eg prøver å uttale namnet; Zariquiegui. Der ligg ei kyrkje ved torget. Den skal vere verdt å sjå inn i, fortel ei tavle, men kyrkja er, som så ofte i Spania, stengd. Ulikt Frankrike der kyrkjene oftast var opne.


Oppe i lia går vi forbi ei kjelde, Fuente de la Teja. Der kunne djevelen vere for å tilby vatn til tørste pilegrimar mot at dei avsvor Gud, jomfrua eller i det minste St.Jakob. Men sterke og modige pilegrimar greidde å motstå tilbodet.
Siste stykket opp mot skarhøgda er vegen sikra ut mot lia nedanfor. Det er bratt og laus grunn nedover.


Omsider er vi oppe på passhøgda og ser utover landet aust om Sierra del Perdón - Perdonfjella.
På denne sida er det eit land med fjell nordaustover mot Pyreneane.
Og under oss skjer motorvegen mot sør seg tvers gjennom fjellet.


Her på Sierra del Perdón vart nokre av dei første møllene reiste for å gi straum til Pamplona, og som takk for at det vart gitt løyve, reiste energiselskapet desse jarnskulpturane av eit pilegrimsfylgje på veg over Alto del Perdón.


Det vert ein rast her i ly for vinden, ved eit minnesmerke over eit pilegrimhospits som låg her fram til 1816.
Det smakar med litt brød og vatn.
Her oppe har ein lokal funne ein liten marknad. Frå bilen sin , i bakgrunnen, sel han kaffe, vatn og småmat. Så då vert det formiddagskaffi på oss også. Café con leche for to av oss, medan resten vel café americano.
Og så syner det seg at han har vore i Norge, og skal attende til vinteren. Til Oppdal.



Eit lite situasjonsbilete framfor pilegrimsfylgjet, tatt av mi kjære. Eg har gått ned på grunnplanet medan Torbjørg er meir himmelvend med fotoapperatet. Reidun derimot, tek det heile med stor ro mellom skulpturane, skodande straumen av pilegrimar, syklande og gåande, som passerar forbi.


Her heime har vindmøller vore eit stort debattema i mange år. Vindmøller som dei fleste kan godta, berre ikkje innanfor eige synsfelt.
Her oppe på fjellet kom vi i nærkontakt med dei. Dei stod i ei lang, lang rekke bortover heile fjellkammen.
Og vindmøllene fylgde oss heile vegen fram. Kvar gong vi nærma oss ein større by, dukka rekke på rekke med møller opp på fjella og åstoppane rundt oss.
Og når sant skal seiast: eg tykte dei hadde noko vakkert og skulpturaktig med seg, og var ikkje til skjemsel for landskapet.



Her oppe ved møllene fall eg for desse to vakre blomane. Den eine ein blømande tistel, den andre vaks rett opp av steinjorda. Ein naken blome utan blad rundt seg.


Medan fjella dominerte landskapet på austsida, så synte vestsida eit flatare, vidare landskap. Det er det vi skal vandre igjennom i dagane framover. Og der nede, nokre kilometer framme, ligg Uterga der vi skal overnatte, og så Puente la Reina - dronningbrua.
Men først skal vi ned av fjellet.


Det var brattare ned enn opp, På Torbjørg sitt kart var der raude utropsteikn for fare. Men vi kom trygt ned. Også syklistane som der var mengder av etter pilegrimsvegen.
Vi har gått verre nedstigningar heime enn dette. Men det har kanskje noko med kva ein er vand med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar