tirsdag 12. oktober 2010

Puente la Reina. 9.september (1)


Mellom kyrkja og rådhuset i Obanos ligg det ein liten stubbe att av den gamle bymuren. Det er tidleg morgon når vi, etter å fått i oss ein enkel frukost i hospitset, går ut den gamle byporten som er merka med både Roncesvalles-korset og Jakobs-korset med kamskjel, og nedover bakkane mot Puente la Reina.


Endå er landskapet prega av dalsøkk mellom lave, skogkledde åsar.
Oppe på denne åsen ligg der eit kloster, men starten på det var ein adelsmann som enda sitt liv i Obanos.
Soga bak er slik: Guillermo, ein hertug frå Aquitania i Frankrike, drog til Santiago de Compostela saman med syster si, Felicia. På heimvegen erklærte Filicia at ho ville leve som ein eremitt i Amocain i nordre Navarra. Guillermo som frykta at ho aldri ville vende attende til hoffet på heimstaden, prøvde å ta henne med makt bort frå eremittstaden uten å lukkast. I sinne over at ho nekta, kom han til å ta livet hennar.
I djup anger over gjerninga, drog han endå ein gong attende til Santiago for å be.
Og på si andre heimferd, bestemte han seg for å verte verande i Obanos, der han sørga i bøn over si døde syster fram til sin eigen død. Og han vart gravlagd i Ermita de Nuestra Señora de Arnótegui, kloster på åskanten sør om Obanos.


Der vi kjem vandrane på Aragonvegen og møter vegen frå Roncesvalles tett før Puente la Reina, står denne karen på ei trafikkøy, midt i vegkrysset.
Frå her og vestovet til Santiago de Compostela er der berre ein veg, Camino Frances. Franskevegen.



Puente la Reine har vore ein viktig pilegrimsby heilt frå starten av pilegrimsvandringane mot Jakobs grav langt vest i Galicia. I 1142 gav kongen av Navarra, Garcia Ramirez, byen til Tempelriddarane, og dei hadde byen til ordenen var knust i 1312- Men framleis er minnet etter dei tilstades. Mellom anna i kyrkja ved inngangen til byen si hovedgate, som høyrer til, og bær Maltesarriddarane sitt raude og kvite korsflagg.
Denne kyrkja ber namnet Iglesia del Crusifijo etter ein uvanleg 1500-tals Y-forma kross i kyrkja. Ein trur krossen er ei gåve frå pilegrimar frå Rhinenområdet i Tyskland.


Litt lenger nede i gata ligg endå ei kyrkje, Iglesia de Santiago, Jakobskyrkja.
Men vi er for tidleg ute til å få sjå inn i begge kyrkjene. Dei er framleis stengde.


Men det som har gitt byen namnet er brua over Rio Arga.
Opphaveleg heitte den Gares på baskisk.

Elva Arga var ein bom, på pilegrimsvegen, som dei vandrande ikkje kom over utan hjelp.
Og det var mange som gjerne ville gjere seg eit levebrød av å frakte pilegrimane over den litt for breie, og litt for djupe og strie elva - mot ein god mynt sjølvsagt.
Men i det 11-århundre var der ei dronning i Navarra som bestemte seg for å gjere slutt på utnyttinga av pilegrimane. Ho bestemte, og betalte, bygginga av brua over Rio Arga. Kva dronning det var, dõna Mayor eller dõna Estefanía veit ein ikkje, men brua kom, og byen tok namn etter brua- Puente la Reina - Dronningbrua.


Vel over på vestsida av elva ser vi attende på byen, elva og brua.

Puente la Reina

Puente la Reina sitt flagg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar