mandag 18. oktober 2010

Fest i Viana, 11.september (3)


Då vi kom inn i gatene av gamlebyen, såg vi ei stor innhegning på torget ved borgarmeisteren sitt hus. Rundt den var det i gang arbeid med å reise tribuner.
Kva er dette?- undrast vi - er det ei tyrefektar-arena?
Lenger oppover i gatene møtte vi folk i kvite drakter, med raude skjerf om livet og halsen.

Reidun prøvde seg frampå til nokre ungdomar med kva som vart feira, og det synte seg at var den yngste av dei som kunne mest engelsk og gav si forklaring på det var ein fest for ei lokal heilagkvinne, ei virgina.

Etter kvart vart det tettare med folk i gata. Kvinnene bar på store matkorger medan mennene kom etter med store kokekar og mellomstore gassflasker.
Det var tydeleg at her var det eit kvart under oppsegling.


Vi kom oss inn i våre hospitsrom, men vi var snare ut på gatene att.
På torget mellom kyrkja og rådhuset var mange samla. Vi fann oss eit bord ute på torget ved ein restaurant. Men å kome til disken inne for å få seg ein kaffikopp og ein is var ikkje like enkelt. Der var stuvande fullt i romet, og med eit svært høgt lydnivå, men vi lukkast til slutt.


Dei kvit og raudkledde i alle aldrar kom og gjekk forbi oss i jamn straum, eller stod i - såg det ut for - triveleg samtale.
Sjølv så born var kledde opp i kvit og raudt.


Under ein overbygd gang langs rådhuset stor der tre store, fint oppkledde skapningar. Dei måtte vere opp mot 4 m høge. Bodil og Torbjørg vart i alle fall små ved sida av dei.


Litt bortanfor figurane heldt to menn på å rigge opp eit stort lydanlegg.
Nyfikna mi vart for stor, så eg våga meg bort for å spørje om nokon av dei kunne engelsk, og kunne fortelje meg kva som var under oppsegling i byen.
Og heldigvis, den eine var frå Kanariøyane, og han kunne gi meg ei lita forklaring, supplert av den andre på spansk.

I oktober feirar dei i Navarra San Fermin - eller som det heiter på spansk: Sanfermines - med ein stor fest. Dei dekker langbord i gatene og et i fellesskap, og her er opptog gjennom gatene med dansande gigantar, og her er fest på torget til langt på natt.
Og dei raude og kvite kleda?
Det er gamal tradisjon under Sanfermines.
Og arenaen vi så nede på andre torget?
I morgon er det okseløp dit.

Eg kom på at eg hadde sett nokre lokale oppkledde på same måten i nokre andre byar, og at i Pamplona brukar dei som deltek i okseløpet der å vere kledt slik.
Men det okseløpet er då i juli, og no var det september.
San Fermin sin dag er 10.oktober, men vart det sagt meg, ulike byar feira den på ulike datoar.
Så var altså ikkje Pamplona åleine om å ha okseløp og San Fermin feiring. Det gjekk føre seg over heile Navarra. Sjølv om Ernst Hemingway hadde gjort okseløpet der til ein stor turistatraksjon gjennom boka: Og solen går sin gang.

Kven var så denne San Fermin som var gjenstand for feiringa?Han vart fødd i Pamplona på 300-talet. Vart i unge år kristen og reiste rundt for å vitne om trua si.
Vart bispevigd 24 år gamal, og martyr (halshoggen) i Toulouse 31 år gamal.
Nokre legender fortel at han miste livet ved å verte dregen etter ein okse gjennom gatene (det var visst biskop Saturninus, som døypte han, som leid den skjebnen), men her er nok opphavet til okseløpa.
At Pamplona har det i juli har sin grunn i at byen i 1591 slo San Ferminfesten saman med julimarknaden og fastsette datoen til å vere i juli. Årsak. Borgararane klaga over at det var dårlegare festvær i oktober.

Medan vi var avgarde og tinga oss middagsplass på ein restaurant lenger oppe i byen, høyrde vi frisk hornmusikk.
Eit opptog var på gang. Men det var berre enden på det vi fekk sjå denne gongen.
Men inne på torget var det rigga til ei pølsebud.
Nokre kvinner og menn var i hektisk aktivitet med å lage til varme pølser og brød, og å fylle opp pappbeger med vin.
Vi vart fortalt at vi kunne kjøpe oss ein bilett for 50 cent (4kr), og når vi leverte den ved disken, fekk vi ei grovmalt pølse i mellomgrovt brød, og eit halvt pappbeger med vin.
Med pølse/brød i eine handa, og vinbeger i andre handa, fann vi oss ein sitjeplass på det overfylte torget, og kunne nyte ekte spansk Navarrapølse og vin, medan vi skoda på folkelivet rundt oss.
Så oppdaga eg at kyrkja var open, og at den var vakker inne.
Messe var på gang, men eg var ut og henta dei andre inn så de og kunne få nyte det vakre.
I tillegg fekk vi med oss ei høgtidleg pilegrimsvelsigning etter messa.


Då messa i kyrkja var over, og vi sat utanfor i kveldssola, kom opptoget nedover gata på nytt.
Først kom eit lite hornorkester. Dei hadde visst berre ein melodi som dei tok oppatt og opptatt. Ein frisk og kvikk melodi.
Etter dei kom eit par menn med store hovud, og ei lita pisk i handa. Med den leikepiske dei borna til ellevill jubel og mykje skrål.


I gata rundt dei krydde det av menneske, ved borda, på husaltane og i heile gata så langt vi kunne sjå.
Det var fest og moro for både små og store denne dagen i Viana.


Så kom gigantane dansande gjennom gata. No var dei vortne fire. Det var kongen og dronninga først, så ein maurar (muslim) og med ei vakkert kledd kvinne til slutt.
Rundt og rundt gjekk dansen, så det forundra meg ikkje at dei inne i figurane med jamne mellomrom måtte ta seg ein pause og krype ut gjennom foldene i kleda til ein pust i næraste pub. Skal tru om dei vart mindre øre i hovudet av det?

Så måtte vi avslutte festen, kome oss til restauranten og stille oss i middagskø for å sikre oss eit bord når dei opna dørene.
Det vart pilegrimsmeny denne dagen og; salat, kalvekjøt og is til dessert. Godt var det, og mette vart vi - etter kvart - for ho som serverte hadde nok å gjere når ho åleine skulle betjene alle borda i restauranten.

Sola gjekk ned og det mørkna mot natt.
Vi gjekk til ro på hospitset.
Men sjølv om hospitset låg i ei sidegata, høyrde vi musikken og lydane frå festen langt utover i nattetimane.

Okseløpet neste dag?
Det fekk vi ikkje sjå. Då hadde vi alt vandra fleire timar mot neste by.
Men ifylgje verdsveven er det berre Pamplona som kan vise fram blodfyllte, dramatiske bilete av ville oksar og overberusa, galne turistar frå heile verda.
Andre stadar går det visst rolegare og fredlegare for seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar