mandag 25. oktober 2010

Frå vinland til kornland 16.september


Etter ei god natts søvn i gode og breie senger, og ein herleg frukost på Paradoren, er det på tide å ta farvel med Santo Domingo og hønene hans. (Han står til venstre i dette alterskapet frå den vesle kyrkja ved torget)
Torget er vått når vi kjem ut, og sola er borte denne morgonen. I staden er himmelen grå.
Vert det regn tru?
Er det best å ha regntrekket over sekkane alt no?


Domingo bygde bru over Rio Oja for å hjelpe pilegrimane som vandra mot vest.
Det hadde ikkje vi trong for.
Elva var tørr. Det var ikkje ein dråpe i den då vi vandra over dagen si bru.
Men det kunne sjå ut for at det hadde runne litt vatn der dei siste månadane. Det var ikkje gras og buskar over heile elvebotnen.


Det var bygt ny firefelts veg vestover frå byen, og ved sida av nyvegen låg pilegrimsvegen. Ny den og. Brei og fin for oss vandrarane. Berre grupper av syklistar fauk forbi med si Buen Camino helsing. Og så andre vandrarar som hadde større tempo enn vi.


Dei ligg på rekke og rad småbyane vestover frå Santo Domingo de la Calzada til Burgos.
Vi hadde tinga oss husrom i Viloria del Rioja. Dit var det 15 km, og det var den fjerde landsbyen på dagen si vandring.
Den første var Grañón.


Men sjølv landsbykyrkjene har vakre retablo.


Det byrjar etterkvart å yre litt frå den grå himmelen.
Landskapet endrar seg når vi nærmar oss slutten på La Rioja-regionen, vinlandet.
Det byrjar verte kornland rundt oss.

Og slik såg vi ofte Reidun. Ho hadde eit anna gear enn oss andre, og gjekk lett frå oss. Og då såg vi henne langt framme, der ho stod i vegkanten og venta på at vi skulle nå henne att.


Så er grensa der, oppe på ein bakkekant.
Framfor oss ligg ein ny autonom region. Castilla y Leon. Den er samansett av dei gamle kongedøma Castilla med Burgos by som hovedstad, og Leon med Leon by som hovedstad.
Regionen har fleire provinsar. Vi går inn i provinsen Burgos, og der skal vi halde oss resten av vandringa dette året.
Og går vi inn i eit kornland med eit bakket, sandet landskap. Mest utan tre.


Første landsbyen i Burgos er Redicilla del Camino. Og det er kyrkjene som får mi interesse.



Kyrkja her har eit særeige klenodium. Ein døypefont i Romansk-bysantisk stil og med Mozarabisk påverknad. På sida av den er det himmelske Jerusalem avbilda over 8 søyler. Og på foten slynger ein slange seg. Eit symbol for kyrkja sin siger over djevelen.



Castildelgado skulle ha både pub og supermercado. Pub var der ikkje lenger, men supermercadoen fann vi etter mykje leiting. Vel det var heller ei blanding av pub og litt sal av matvarer. Men vi fekk oss i alle fall både ein kopp kaffi og litt brød med meir.

Vel, ikkje eg. Eg flytter meg ut til ein liten park i nærleiken, tørkar ein benk turr for vatn og set meg ned. Eg kjenner meg ikkje heilt i form. Frys litt, og i magen er det litt mykje liv.
Eit par hollendarar i bil kjem og parkerar ved sida av parken. Finn seg ein benk og leitar fram nista si.
Så kjem dei andre og. Dei har kjøpt med seg litt mat som vi deler mellom oss, medan vi granskar ruta vidare.

Men i Viloria de Rioja er vi ikkje venta. Vi er først førde opp på neste natt.
4 km til neste landsby. Eg sit på ein benk og kjenner at det orkar eg ikkje. Med vårt tempo tek det over ein time, og eg verkar i sida mi, frys og magen brumlar.
Torbjørg og slit med ankelen sin. Den er vond.
Vertinna orsakar så mykje mistydinga, og er hjelpsam med å tinge husrom i neste landsby, og å tinge drosje til oss til hospitset i Villamayor del Rio.
Det var godt å kome fram og i hus, og så rulle ut sovposen på ei overkøye, og legge meg oppå. Strekke ut kroppen og kjenne at dette var godt.


Ut på sein ettermiddag har eg kome meg så mykje at eg vert med Bodil og Reidun ein liten tur til ein annan landsby ein kilometer til sides for caminoen.
Torbjørg ville heller kvile foten sin.
Men Quintanilla del Monte syner oss ei anna side av Spania. Her er det ikkje nybygde hus men forfallet som slå oss i augene.
Tome hus med igjenspikra vindauge, hus med hol i taket, og samanrasa hus.
Kykja var stor, men hadde nok vore stengd i fleire år, og taket var i ferd med å rase.
Det var fleire eldre ute og gjekk tur i kvelden. Dei fortalde at presten kom ein gong i månaden, og då var gudstenestene i eit lite kapell i lia på andre sida av dalen.

Provinsen Burgos

Den autonome regionen Catilla Y Leon






Provinsen Burgos sitt flagg

Castilla Y Leon sitt flagg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar