onsdag 13. oktober 2010

Det er langt til Villatuerta. 9.september (2)


Ein skulle nok gjort som denne sneglen. Slått seg til ro på støvelen og lete dagen, timane, segle sin eigen sjø.
Men vi skulle fram til Villatuerta denne dagen, og dit var det 23 km frå Obanos. Så her var det berre å få sekken ryggen og byrje å gå.
Framme i Villatuerta ventar det oss seng i Villa Magica. Eit spennande namn på eit hospits. Kva bestod det magiske i, tru?


Vegen leidde oss inn i ein liten dal. Høgt oppe i den bratte dalsida var motorvegen skoten ut.
Inne i dalbotnen var det slutt på den flate sletta for oss. Bratt opp lia mot motorvegen og skarhøgda skulle vi medan sola steikte oss i ryggen.
Endeleg er vi oppe og kan setje oss ned og puste ut.
Pilegrimsvegen smyg seg vidare fram i kanten mellom jordbrukslandet og motorvegen, og litt lenger framme ser vi toppen av eit kyrkjetårn stikke opp over åskanten. Vi skjønar at der må det ligge ein landsby. Skal tru om det er råd å få seg ein kaffikopp der?

Her er vi på veg inn mot den første byen etter Puente la Reina, Mañeru. Med nye bustadblokker utanfor den gamle, men nyrenoverte landsbyen rundt kyrkja ved torget.
Men kaffi fekk vi ikkje der nei.

Mi kjære skriv i dagboka si:
Det vart ein lang og slitsom dag med mange bratte opp- og nedstigningar.
Alle kyrkjene var låste, og i byane var dei fleste butikkar og kaféar stengde. Dei hadde siesta.


Så kjem, etter nokre kilometer, Cirauqui.
Middeladerbyen som hevar seg opp over landet rundt, med kyrkja på høgste punktet, og nede ved sletta, dei nyaste husa.
Bratte bakkar og gater opp til kyrkja, og så ned att på andre sida.


Men der går gata over i ein gamal romersk vegstubb som endar nede på restane av ei romersk bru over elva i dalbotnen.


Oppe frå elvadalen får vi kontrastane imot oss når det gjeld utviklinga av vegane.
Vi kjem opp frå den eldgamle romerske vegen, og møter den moderne trafikkmaskina, motorvegen med fire felt, ved sida ligg den førre generasjonen veg som no er nedgradert til bygdeveg med berre to køyrefelt. Og på andre sida av autopistaen buktar ei endå tidlegare utgåve seg fram mellom bakkane. Ein grusveg som har har vorte jordbruksveg. Og den har fått ein mest like eins veg ved sida si for oss pilegrimane som forflyttar oss på apostelane sine hestar.




Lenger framme kjem vi til Rio Salado - Saltelva, og brua over den. Her tek vi ein rast og litt styrkjande smågodt.
Elva var rekna for å vere giftig, og det vart åtvara mot å la dyra drikke av den.
Gamle pilegrimsfortellingar fortel om lokale som sat klare med skarpe knivar. Klare til å flå hestane til pilegrimane, når dei segna døde om etter å ha drukke seg utyrste av elva.



Siste by før Villatuerta er Lorca. Igjen bratte gater opp byen, og så ned att på andre sida.


Så ventar ei halv mil over slettelandet fram til Villatuerta.
Det byrjar å leite på kreftene etterkvart.
Då vi kjem inn mot Villatuerta er Reidun og Bodil fremst. Når eg kjem på eit gatehjørne ser eg dei framme ved ein liten park. Eg ser etter Torbjørg, men då eg snur meg att er dei borte. Framme ved parken set eg meg på ein benk og ventar på Torbjørg, og så går vi saman vidare gjennom den nye bydelen, kryssar brua over Rio Iranzu og inn i gamlebyen.
Kvar er hospitset tru?
Vi går og går, og eg byrjar undre meg på om vi har gått forbi, då Torbjørg kastar eit blikk inn i ei sidegate, og der oppe i bakken står Bodil.

Det er godt å kome inn i eit kjøleg rom, få sekken av ryggen og setje seg ned i god stol. Eg kjenner meg sliten, men vertinna har stor omsut for ein gamal kar og kjem med kald drikke til meg. Ho fortel at ho er frå Brasil, men driv dette hospitset saman med mannen sin som er masør.
Vi får tildelt rom, trangt men med berre 4 senger.
Nede på hoveplanet er der kjøken og matsal. Frå kjøkenet er det dør ut til ein ei overbygd terasse med mange sitjeplassar, og med ein liten hage nedanfor. Alt skjerma mot naboane sitt innsyn av høge murar.
Eg sit der ei stund og høyrer på dei andre pilegrimane, men her er lite norsk eller engelsk tale, så eg vandrar mest i mine eigne tankar.

Reidun og Torbjørg går igang og lage middag på kjøkenet. Dei er ikkje åleine om det, men med litt smidig samarbeid går det greit. På benken står det mykje grønsaker til fritt bruk, så det vert ei Wok-gryte med grønsaker, og med svinekotelettar og poteter til. Nydeleg.

Etter middagen tingar eit par av damene massasje. Men det vert ei anna soge som det ikkje er opp til denne pilegrimen å fortelje.


Mañeru

Cirauqui

Villatueta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar