mandag 25. oktober 2010

Hønene i Katedralen. 15.september (2)



Den er ikkje av dei som ruvar mest utvendig, katedralen i Santo Domingo de la Calzada. Ei av årsakene kan vere at tårnet er skilt frå kyrkjeskipet, og står åleine på andre sida av gata.
Kyrkja kjem litt i skuggen av det 69 meter høge barokktårnet frå 1762.
Frå same tid er sydportalen. På veggen oppe til venstre for den er eit våpenskjold som og kyrkja heime har ei viss tilknyting til. Det er eit Habsburgarskjold, og den fyrsteætta høyrde prinsesse Ilsbeth til. Ho som gav alterskåpet som står på alteret heime.


Katedralen er bygd over Santo Domingo si grav, og over dørbogane står han i midten av dei tre heilagmennene.


I dei store kyrkjene er der fleire sideskip. Nokre er enkle i si utsmykking.


Medan andre har retablo (altertavler) som glimar av gull. Dei skildrar med mange delbilete bibelske fortellingar, men fortel og om heilage menn og kvinner sine liv.
Motivrekkja i midtsøyla av denne tavla er frå botnen; Jesus vert teken ned av krossen, så Jesus som sigerherre, vidare, Maria oppteken til himmelen, livsens tre, og aller øverst eit portrett av Jesus.


Men det er ei kjelde til stadig undring hjå meg, når eg kjem inn i katolske kyrkjer, kor bortgøymd Jesus ofte er.
Kanskje finn vi eit krusfiks høgt oppe på ein vegg, eller inne i eit sideskip.
Skjeldan i sentrum som i våre kyrkjer.


Men deira kyrkjer har noko eg godt kunne tenkje meg i mi heimekyrkje, og det er dei tolv medtiasjonstasjonane langs veggane i kyrkja. Dei skildrar langfredagsdramet.
Dei er der i alle kyrkjene, om enn i svært ulik utføring.
Her var dei utført med realistiske måleri.


I tillegg har dei noko anna som forsvann frå våre kyrkjer i reformasjonen, og det er alle desse heilage som står langs veggane inne i kyrkjene.
Dei skaper undring hjå protestanten i meg. Kva er funksjonen deira, og kven er dei?

Nokre har eg lært meg å kjenne etterkvart. Dei har vore med oss under heile pilegrimsvandringa vår. Som pilegrimen Sankt Jakob.
Han finn vi heime og. Kyrkjer var vigde i til han, og i kyrkja på Leikong står han øverst på altertavla.


Ein annan fylgjesvein i Frankrike var Sankt Roch.(omlag 1350 -80) Han forlet si rike familie i Frankrike for å verte eremitt og pilegrim. Men på veg til Rom kom han til ein pestråka by og valde å stanse vandringa for å hjelpe dei sjuke.
Så vart han sjølv råka, og då han låg sjuk kom ein hund med brød til han.
Men han var på feil stad til feil tid. Han vart kasta i fengsel, mistenkt for å vere spion, og i fengselet døydde han.
Han står med ein fot avdekka, og eit pestsår på låret. Ved sida har han ein hund med eit brød i munnen, og eit barn.
Som regel er det høgre fot som er avdekka. Men av og til kan det og vere venstre.
Her var begge versjonane til stades.


Men kven var denne kvinna?
Ho ber to barn på armen, der det eine har krune på hovudet.
Er det Anna, mor til Maria og bestemor til Jesus?
Og er det Maria som ber kuna som teikn på at ho er Guds mor og himmeldronninga?

Men kvifor har kvinna eit eple i handa.
Er ho i staden for Anna, den første kvinna Eva som plukka eplet frå livsens tre og baud Adam å ete?
Og som ber Maria og Jesus på arma. Maria med kruna, og Jesus: Han som var den andre Adam som skulle knuse ormen si makt, og lækje brotet med Gud som syndefallet førde med seg?


Ved eit alter er eit par kvinner igong med å kle opp ei kvinne i vakre kle. Er det Maria som vert pynta opp, og kvifor?
Slik kan ein uvitande pilegrim frå det høge nord undre seg i møte med eit ukjendt kyrkjeliv.

Medan vi vandra rundt i kyrkja såg vi oss rundt etter noko som berre denne kyrkja har. Høner.
Ein eller annan stad i kyrkja er der eit par høner i eit bur. Dei er der i tre veker, før dei vert skifta ut med eit par nye.
Til slutt kjende vi lukta av dei, og der - høgt oppe på ein vegg hekk buret med dei. To kvite italienarhøner.

Høner i ein vakker katedral?


Soga om hønene i katedralen er som fylgjer:
Eit tyske ektepar og sonen deira var på veg til Santiago, men i Santo Domingo del Calzada hende det ulukkeleg at ei ung barjente forelske seg i ungguten. Guten avslo tilnærminga hennar. Då vart jenta vreid og lova hemn.
Jenta gøymde noko verdfullt i guten sin sekk, og fekk han klaga for tjueri.
Det vart rettsak, og domen vart døden ved henging frå galgen.

Dei ulukkelege foreldra måtte forlate sonen, og gå vidare til Santiago.
På veg heim att, fekk dei sjå at sonen endå hekk i galgen. Og, under over alle under, han var framleis i live fordi Santo Domingo stod der og heldt han oppe på skuldrane sine.

Dei skunda seg til domaren og fortalde at sonen deira levde og ba om at han måtte takast ned frå galgen.
Domaren nekta å tru det og sa – han sat midt i eit måltid, klar til å ete eit par grilla kyllingar – at sonen deira var like død som kyllingane på tallerkenen hans.
Men i det han sa dette, reiste kyllingane seg frå tallerkenen med høge hanegal.
Til minne om dette bar byens domar i lange tider eit reip om halsen,

Vonde tunger vil ha det til at underet ikkje hende her, men i Toulouse i Frankrike. Men det er ei anna soge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar