tirsdag 19. oktober 2010

Navarrete.12.september (2)

Det er 13 km frå Logroño til Navarrete, og i halvparten av dei går pilegrimsvegen gjennom eit vakkert parkområde.
Her møter vi stor aktivitet. Folk går, spring og syklar etter vegen vi går på. Skal ein døme etter desse mange trimmarane, er det ikkje noko i vegen med folket i Logroño, når det gjeld å halde seg i form.
I enden av parken stig vegen litt opp gjennom ein skogkledd dal. Opp til eit oppdemt vatn, og på demninga er det fiske som er aktiviteten. Og fiskarane har mange deltakande tilskodarar.
Litt bortanfor endar parken i eit stort piknik- og rekreasjonområde med mange tilbod.
Vi får oss is og kaffi, men det er litt kald vind, så vi gjer ikkje opphaldet langt.

I mange dagar har vi hatt sol og varme, men i dag er himmelen grå og med litt kald vind inn frå nordvest.
Og værmeldinga truar med regn i dagane framover. Mykje regn.


Det er nokre dagar sidan.
Eg såg henne kome inn på hospitset. Ei høgreist vakker kvinne på omlag 50 år, med ein høveleg bra sekk på ryggen.
Men det var ikkje det som gjorde at eg la merke til henne, for der er så mange vakre kvinner etter vegen.
Men grunnen var tanken som kom då ho steig inn.
Eg tenkte: "Kva fører henne ut på pilegrimsvandring? Det kan då ikkje vere lenge før ho skal føde.?"
Ho hadde stor mage, og såg høggravid ut.
Fylgjet mitt var flinkare med å skape kontakt enn eg, og dei kunne fortelje meir om henne.
Ho var frå eit av landa som hamna bak jarnteppet etter krigen, og dreiv eiga forretning i heimbyen.
Ho skulle gå heilt til Santiago, men i Logroño skulle ho møte dotter si, og så skulle dei gå saman vidare.
Nei det var ikkje noko barn som venta på å verte fødd. Det var ikkje graviditet som var årsaka til magen. Grunnen var sjukdom.

Kvifor gjekk ho til Santiago?
Ho var ingen truande. Fødd og oppvaksen under eit kommunistisk og ateistisk styre hadde ho ikkje lært noko om trua.
Men ho hadde ei von, eit lite håp om at å gå til Santiago kunne hjelpe henne.
Kanskje var vona at ho skulle verte lækt?

Ho gjekk raskare enn vi, men vi såg henne igjen nokre gonger i dagane framover.
Vi møtte henne for siste gong igjen her ved vatnet. Ho hadde møtt dotter si. Sekken hadde ho overlete til bagasjetransport.
No hadde ho fylgje på resten av vegen.


Vegen stig oppover gjennom vinmarker.
Oppe på høgda ser vi vatnet og byen ligge bak oss. Med dei kantabriske fjella som eit bakteppe i disen, og med skodde på toppane.


Så hallar vegen nedover att mot Navarrete.
Byen er kjend som ein pottemakarby.




I utkanten av byen ligg restane av eit gamalt pilegrimshospital, grunnlagt i 1185.


Bilen ber namnet og adressa til ein kjend person, men eg hadde ikkje venta å finne han i den slags aktivitet her. Sjølv om det vart vert sagt at dei fann grava hans tom etter krossfestinga. Og han har fylgt med i tida og skifta yrke frå snekkeri til bilverkstad. Men adressa er framleis; Jesus prior Gallilea. tlf. 646 348 959.

Vi hadde tinga oss hus i herberget El Cantaro. Vi hadde litt arbeid med å finne det nede i ei sidegate. Vart registrerte i eit hus, medan roma var i eit anna hus og ei anna gate. Dei var i ei leiligheit som var omgjord til rom for utleige. Med gode senger og fine dusjar.
Var det ei fylgje av Spania si økonomiske krise? Eit tomt husvære var teke i bruk til eit anna formål?


Igelesia de la Asunción - Himmelfartskyrkja - ruvar i gamlebyen. Ho hadde ein ekstragavant altervegg frå barokken. Kledd i gull frå golv til tak.

Navarrete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar