søndag 10. oktober 2010

Eunate, 8.september (2)


Vel nede bakkane møter vi ei lita madonnastatue. Står ho her for å minne vandrarane om å takke for at dei kom velberga ned?
Ikkje veit eg, men bakkane var då ikkje så utfordrande.


Etter bakkane er det rolegare lende med gode stiar, eller vegar, fram mot Uterga.
Ein liten landsby med mange nye bygg, og ei kyrkje.
Men kyrkja er, slik vi ofte møtte det i spanske landsbyar, stengd.
Etter 3 km til er vi framme i ein ny liten landsby, Muruzábal.
Her tek ei alternativ rute av for å møte den andre pilegrimsvegen frå Frankrike, Camino Aragonés.
Og der sidevegen møter Aragonvegen ligg ei lita kyrkje som vi er oppmode, både skriftleg og munnleg, om å vitje.
Så i Muruzábal tek vi av ned på ei vid slette.


På eine sida av vegen har vi berre stubbane att av det kornet som for veker sidan stod her, men på andre sida er det grønt av grønsaker og vinrankar.
Og langs vegkantane står ugraset brunsvidd og tett. Og dei tjukkaste ugrasstengelane er dekte med kvitbrune sneglehus. Tett i tett heng dei der.


Etter ein kilometer på Aragonvegen kjem vi til eit lite skogholt ved ein bekk. Og ei bru fører oss inn til Eunatekyrkja.


Eunatekyrkja er ei oktogon - åttekanta - kyrkje frå 13.hundretalet.
Ho er omgitt av ein ytre ringmur, og ein indre søylegang.

Siste stykket på vegen over sletta, vart vi innhenta av ein flokk tyske vandrarar med lette sekkar.
Og framme ved kyrkje ser vi at dei er i ferd med å legge sekkane sine inn i to parkerte småbussar. Vandringa deira er over for denne dagen.
Slik kan det og gjerast, tenkjer vi som kom med tunge sekkar på ryggen.
Verte køyrde nokre stykke av vegen, og gå andre stykke med lette dagtursekkar på ryggen. Og i tillegg få all anna bagasje frakta frå overnattingsstad til overnattingsstad.
Og med eit kjenner ein på at det hadde vore godt for ein gamal skrott å kunne gjort det på den måten. Kome fram ut på dagen i god form, utan såre føter og verkande rygg.

Men heldig for oss. Dei skulle inn i kyrkja for å sjå, og då vart kyrkja låst opp for dei - og for oss.


Så kunne vi gå inn porten i den ytre muren, og vidare inn opninga i den indre søylegangen, og så inn i kyrkja. Ikkje gjennom hoveddøra, men gjennom ei sidedør som vende mot vest.


Kyrkja er enkel og stilrein inne, Uten alle prangande sidealter og heilagmenn rundt om.
Om i lysopningane er der ikkje glas, men tynne marmorskiver som slepper lyset igjennom.
Og taket vert bore oppe av bogar som møtest i ein spiss heilt øverst oppe i den åttesidige kuppelen.


På skiltet veg vegen såg vi at Eunatekyrkja var vigd til St. Maria.
Og på veggen bak alteret i koret finn vi henne, Maria og barnet.



Kapitelhovuda på søylene har ulike utsmykkingar. Hoved som her, figurar, blomar og ornament som minner om det vi finn i norske stavkyrkjer.


Kva slags kyrkje er Eunate?
Og kva har ho vore nytta til her ho ligg åleine ved Camino Aragonés? Berre med eit portnarhus som nabo.

På baskisk tyder Eunate huset med 100 dører.
Der er ting som tyder på innflyting frå Tempelriddarane og deira tilknyting til Gravkyrkja i Jerusalem, som og har eit åttekanta grunnplan.
Men dei åttekanta kyrkjene er ei av de første kyrkjeformene. Slik restane av den første Peterskyrkja i Kapernaum viser. Seinare kom langkyrkjene slik vi kjenner dei.
Men her er og mange detaljar som viser maurisk (muslimsk) påverknad, både i bygnaden og i utsmykkinga av søylene.

Funn av graver innanfor murane syner at mange av dei gravlagde hadde fått kamskjel med seg i grava.
Var kyrkja bygd som gravkyrkje for pilegrimar som møtte døden i nærleiken?
Svaret får ein vel aldri. Men det var ei spennande kyrkja.

Uterga

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar