onsdag 20. oktober 2010

Vinkemannen


Eg fekk magasinet "Strek" i dag, og der les eg om vinkemannen.
Kven?
Det var ein eldre mann på Leknes oppe i nord som vart einsam etter at kona hans døde.
Ein dag han var ute gjekk langs vegen, var det ein bilist som blinka med lysa og vinka til han. Då byrja han sjølv å vinke til dei som køyrde forbi.
To til tre gonger om dagen stod han omlag ein time ved vegen og vinka.
Det vart vinka igjen, og han kjende seg ikkje lenger så einsam.
Han vart ein kjent person med si vinkande hand, og då han døydde vart han sakna av dei vegfarande.

Då eg las det, rann det meg i minnet ei kvinne på Jæren, som sat ved kjøkenglaset sitt og sende ei bøn oppover om å sende englar med trailersjåførane som køyrde forbi.
Dette fekk dei kjennskap til, og byrja dra i fløyta når dei passerte huset hennar.
Men så vart det endringar. Vegvesenet bygde ny veg, og sjåførarane køyrde ikkje lenger forbi kjøkenglaset hennar. Dei kunne ikkje lenger dra i fløyta for å helse og be om at englar vart med bilen.
Kven skal no be om englevakt for oss, vart det spurt mellom sjåførane.

Og så.
Kva vil eg med å fortelje om desse to?
Det veit eg ikkje.
Kanskje minne meg sjøl, og andre om å vere til for kvarandre?
Samstundes let eg tankane fare til noko vi møtte meir av i Frankrike og Spania, enn vi gjer her heime. Eg sjølv er ikkje noko unntak.
Høfleg og venleg helsing til dei ein møter. Om det er kjentfolk eller ikkje.

I Frankrike møtte vi det alltid frå dei som kom i vår veg, ung eller gamal, kvinne eller mann.
Eit "Bonjour" var fast.
I Spania litt skjeldnare. Kanskje er det mange fleire som rek etter vegane der.
Men eit "Bueno Camino" frå både gåande og syklande var temmeleg fast helsing. Dei eldre brukte gjerne "Buenos Dias".
I det heile vart vi møtt på, for ein "rett på" nordmann, ein overraskande høfleg måte overalt.

Er det noko vi har misst i vår måte å omgå kvarandre på?
Det høyrde visst med til vanleg sed og skikk her hos oss og, i våre besteforeldre og oldeforeldre si tid.
Det er i alle fall noko som kan gjer dagen betre og lysare for dei som kjem i vår veg, om vi nyar opp att denne væremåten mellom oss. Og det kostar då så lite med eit lite smil og eit lite "God dag".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar