søndag 3. oktober 2010

Attende i bygda.

Så er vi attende i det kjende, mi kjære og eg.
Vandringa mot vest etter Camino Frances over for dette året og.
No er det refleksjonstida som ligg føre.
undringa kvifor ein utset seg for dette ukjende. Slitet, varmen, trange sovesalar, svetten etter solvarme vegar utan skugge og otten for å verte råka av "bedbugs", blodsugande veggdyr.
Men og fellesskapet etter vegen, møte med andre vandrarar, opplevingane av ein annleis natur, spanske byar og landsbyar, og storslegne kyrkjer.
Eg vil etter kvart kome attende til vandringsdagane, med foto.

Men om opplevingane framleis ligg lagra bak i hovudet,og må lokkast fram att med litt hjelp, så er det heimturen som ligg øverst og fersk.
Eg kunne nok undervegs langs vegen undre meg på kvifor eg frivillig utsette meg for denne galskapen å gå mil etter mil med tung sekk på ryggen langs varme og støvete vegar i framandt land, men då er det å kome heim til det kjende den rake motsetninga. Det er berre godt.

Og fredag 1.oktober køyrde våre vertar på solkysten oss til flyplassen i Malaga. Vi hadde nokre avslappande dagar hos Reidunn og Ottar i Marbella på Costa del Sol etter avslutta vandring.
For meg vart dei 3,5 timane på flyet heim ei pine i eit for trangt flysete. mi kjære fora meg med smertestillande pillar utan at det hjelpte stort,. Så det var ei lette å kunne forlate flyet på Gardemoen og finne ein stol som gav meg god plass for ryggen min.
Eg grua meg for nattbussen heim, men vi hamna på ein ekstrabuss med god plass, så eg kom meg gjennom natta utan ei verkande side, om søvnen for det meste var fråverande.
Og når bussen nærma seg Volda ynskte ein fargerik morgonhimmel oss velkomne heim.

1 kommentar:

  1. hei. kor spennande det blir å fylgje deg framover, men me hadde faktisk 10 års bryllaupsdag den 7. :)
    ikkjw så lett å huske andre sine merkedagar....

    SvarSlett