mandag 1. november 2010

Siste vandringsdag. 22.september

Så er vi på veg att for den siste vandringsdagen dette året.
Ikkje så lang vandring i dag. 10 km fram til Castrojeriz.
Og i dag vert det lite av bakkar.


Vel ute av Hontanas går ikkje vegen opp til åskanten, slik den ofte har gjort, men svingar av bort gjennom lia.
Nede i dalbotnen renn ei lita elv, og på andre sida av dalen går bilvegen. Men på vår side er det stille og fint i morgonsola. Berre lyden av fuglar som syng, føter som trakkar på grus og skramling frå syklar som fer forbi, uroar freden.

Men brått er der ein annan lyd som når oss.
Ein spinkel, tynn lyd kling mellom dalsidene.
Er ikkje det ei fløyte vi høyrer?
Jau det er det.
Ein eller annan stad i dalen overfor oss er det einkvan som spelar på fløyte.
Vakre tonar kjem mot oss oppe på vandringsvegen.
Men kvar er den som spelar?
Vi speidar over dalen, saumfer dalsida.
Ingen å sjå, vi høyrer berre tonane frå eit vakkert musikkstykke klinge gjennom den morgonstille lufta.
Er han nede ved elva?
Der ligg restane av nokre gamle hus mellom trea ved elva.
Er det der han gøymer seg?

Vi ruslar sakte framover vegen medan vi nyt dei spede fløytetonane.
Då ser vi spelaren.
På ei opning mellom trea nede ved husrestane står han med instrumentet sitt.
Om litt går vi vidare, men tonane fylgjer oss til avstanden vert for stor, og dei tagnar.

Oppe på bakkekanten over vegen står restane av ein einsleg og høg husvegg.
Det ser ut som endeveggen på ei kyrkje, for der er ei boga døropning i den.
Meir ser vi ikkje. Men er der meir?
Eg kravlar meg opp og kikar over kanten.
Nei, der er ikkje meir. Berre denne einslege veggen.
Kva var det?
Ein gong i tida. I det 12-århundre vart det bygt eit lite kloster her for å tene pilegrimane. No er det berre denne einslege veggen, med ei døropning inn til det som var kyrkja, som står att.


Vi tek det med ro denne siste dagen. Finn oss nokre steinar i vegkanten som vi kan ta ein liten rast på - og ha vår vesle morgonbøn.
Det kjem nokre pilegrimar forbi, og dei er villige til å ta eit bilete av oss alle fire.
Det viser seg at dei er frå Brasil.
Det er ikkje få nasjonalitetar vi har møtt på desse dagane vi har vandra caminoen mot vest.


Freden på vegen mellom kornåkrane er over. Han endar på bilvegen. No vert det å gå på vegskuldrane fram til Castrojeriz.


Så dukkar endå fleire runinar opp, og desse går vegen rett igjenom.
San Anton-klosteret var ein gong eit stort og mektig bygningskompleks.
Her var og eit hospital der pilegrimar som var sjuke av St.Antons-eld vart lekte.
Sjukdomen kom frå ei parasitt som levde på dårleg tørka bygg, og som vart med når mjølet vart baka til brød.
Det var mykje av dårleg tørka bygg i nord-Europa under mellomalderen på grunn av det råkalde klimaet som var då.
Sjukdomen enda som regel med at den råka døydde, og den nådde epidemiske høgder på 1400-talet.
Men munkane her oppdaga at dei sjuke vart lækte når dei fekk brød laga av kvitt kveitemjøl, som var det vanlege her langs pilegrimsvegen.

Men klosteret er og kjent for å ha introdusert T-korset (Tav eller Tau) som eit pilegrimskors.
Dei laga dette korset og sende det med pilegrimane vidare som deira vern.
Tav er den siste bokstaven i det hebraiske alfabetet, og symboliserar fullendinga. Men det er og eit teikn på vern. Tav er i Bibelen (Joh.op) nemnt som det teiknet englane merka Guds born med, og som gav dei Guds vern.

No går bilvegen rett igjennom restane av klosteret, ja midt under rundbogen ved døra som leidde inn til kyrkja.


Så svingar vegen, og vi har ei lang slette framfor oss.
Framme ved enden av sletta, reiser det seg ein rund kolle opp frå landet rundt.
Oppe på kollen ser vi restane av ei borg, og nede ved foten ligg Castrojeriz. Landsbyen som er vårt endemål dette året.
Ein smal og lang landsby. Den har ei lang gate som går gjennom heile landsbyen, utanom bilvegen nede på sletta, og den gata er to kilometer lang.
I dag har den tre kyrkjer. Ei opa kyrkje i kvar ende, og ei stengd midt på. Men i sine glansdagar i mellomalderen var her 5 kyrkjer og 7 kloster med pilegrimshospits.

Det var visgotharane som bygde her, og dei kalla staden Castrum Sigerici. Den var ein viktig stad i kampen om å drive maurarane ut av nord-Spania i det 9. og 10.-århundret. Og det 11.årure var byen også residensby for kongen av Castilla.
Som alle viktige byar langs pilegrimsvegen hadde også denne ei blanda befolkning i mellomalderen. Her var utanom lokale også mange fransk og jødar.
Og byen sitt fyrstebrev sa noko så skjeldan som at bota for å drepe ein jøde var like stor som for å drepe ein kristen.

Men det var plasseringa under den bratte kollen over byen som skapte Castrojeriz. Den som hadde herredømet i borga der oppe, hadde og herredømet over landet rundt. Her var eit stort kornland, og her gjekk vegen til gullgruvene vest i Galisia forbi.
Men i ein krig på 1500-talet valgte Castrofamilien, som då hadde herredømet i byen, feil side. Og då byrja nedgongen for den tidlegare så viktige og rike byen.


Ved inngangen til landsbyen ligg Santa Maria del Manzano-kyrkja - jomfrua av epletreet-kyrkja.


Midt i byen ligg Iglesia de Santo Domingo som no er i forfall, og difor stengd. Men på muren mot gata er der to hovudskallaer. Og over dei er det hogge inn: "O Moors" og "O Aeternitas" - "Hugs det som var" og "Hugs det som kjem". (fritt omsett)

Og heilt i utgangen av byen ligg den store Iglesia de San Juan-kyrkja.


Austdelen av byen.


Og vestdelen.

Reidun og eg klatra opp til borga. Der oppe hadde vi utsyn heile horisonten rundt.
Eit ope og flatt land. Og under oss låg byen.


Og vestover breidde slettelandet seg heilt til det vart borte i soldisen.
Over denne sletta, mesetaen, går vegen til neste år.
20 flate, endelause mil forbi Leon og Astorga.
Heilt til landet igjen byrjar å stige opp mot Cruz de Ferro (Jernkorset) på Monte Irago.
Orkar vi det tru?



26 mil vart året si vandring på, medrekna det vi tok lettare transport på - drosje.
Start i Pamplona ved det grøne merket, over Logroño og Burgos, merka med eit lita gul kyrkje, og til Castrojeriz , med raudt merke.





Og i kveldmørkret steig Jakob fram.
Om vi kjem att neste år, kva har han då å by oss frå veska si av opplevingar langs dei mange mila vestover mot Galisia?


Castrojeriz

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar