fredag 29. oktober 2010

Burgos 19.september (1)


Vi vakna til ein morgon med sol over Burgos. Men det hadde vore litt uro frå gata utover natta. Det høydest ut for å gått føre seg demonstrasjonar der. I alle fall var det mykje taktfast roping som nådde inn i senga til meg.


Etter ein spansk frukost gjekk vi til messe i katedralen. Der var mange samla og godt å vere, sjølv for ein som ikkje er spansktalande. Ei særleg oppleving var det å vere tilstades i ei gudsteneste der instrumentalmusikken var fråverande, men der songen likevel lyfte seg sterkt og klårt under kvelvingen over oss.


Etter messa høyrde vi klokkene slå sine slag, men eg tykte dei høydest litt spinkle ut. Og det hadde sin grunn. Over døra utanfor gudstenesteskipet var der ein skøyer som sørga for klokkeklangen. Papamoscas er han visst kalla. Flugefangaren.

Etter messa gjekk vi ut på gata og runda hjørnet på katedralen for å gå inn ei ny dør, denne gongen for å kjøpe oss bilettar til å sjå resten av katedralen.
Det vil eg kome attende til i neste stykket, men det var ei kyrkje med fantastisk mykje flott kyrkjekunst.


Etter alle inntrykka inne i katedralen, sette vi oss i trappa for å fordøye alt det vakre, og for å ha eit lite allmøte om dagen og dagane vidare, før Reidun og Torbjørg gjekk på turistkontoret for å få råd.
Vi hadde tenkt oss ein tur sørover i fjella vest om Ebro-dalen for å vitje eit par småbyar, men det viste å vere vanskeleg å få til. Derfor vart det å nytte dagen der vi var.



Burgos har ei soge som strekkjer seg langt attende i soga.
På kollen over byen hadde keltarane, og seinare romarane, sine befestningar.
For visgotharane og maurarane (muslimane) hadde ikkje støttepunktet same verdien, men då maurarane var jaga bort vart det etablert eit lite fyrstedøme, Castilla, med hovedsete i Burgos. Det var ein kasteball mellom dei større kongedøma Leon, Asturia og Navarra, men greidde å overleve som sjølvstendigt område, og etter kvart utvide grensene. Så gjekk det i union med Leon, og hovedstaden vart etterkvart flytta på Burgos til Madrid. Denne unionen er grunnsteinen i det moderne Spania.
Det var her i Burgos at Columbus møtte det spanske kongeparet, då han kom attende frå "oppdaginga" av Amerika.


Og det var her ifrå ho ætta Habsburgarprinsessa Ilsbeth (eller Isabella av Burgund også kjent som Elisabet av Østerrike og Elisabet av Habsburg) som vart dronning Elisabeth i Danmark-Norge. Ho vart gift med Christian II i 1515, berre 14 år gamal. Det er ho som gav dei fem altertavlene til Norge (kalla Leka-gruppa), og der ei kom til Ørsta kyrkje.
Elisabet var dotter av Johanna og Filip I av Castilla; hennar mormor og morfar var Isabella I og Ferdinand II av Aragon, og hennar farmor og farfar var Maria av Burgund og keiser Maximilian I tysk-romersk keisar.
I 1520 gjorde Castilla opprør mot den nye tysk/romerske keisar Karl V, som var bror hennar.


Vi gjekk ein tur opp bakkane til festninga, som diverre var stengd. Middeladerfestninga vart rasert av Napoleon sine styrkar då dei okuperte område i 1808 -13, og vart ikkje bygt opp att etter det.


Men der oppe frå var det eit flott utsyn over byen og landet rundt.


Byen ligg på +/- 850 m o.h., i austenden av den store høgsletta, mesetaen i Nord-Spania, og var eit viktig økonomisk knutepunkt i tidlegare tider. Her kryssa vegane seg frå både aust, nord og vest.
Handelen gjorde Burgos til ein rik by, noko som viser att i alle vakre bygningane frå tidlegare, og rikare år.


Sidan byen ligg så høgt, og så opent til, kan klimaet vere hardt.
Eit lokalt ordtak seier; "nueve meses de invierno y tres de infierno"
Vi ser at her er eit par ord som rimar på kvarandre, men då eg ikkje er heilt inne i spansk ordbruk, tek eg med ei omsetting som ikkje har same kvaliteten med rimord, men som hjelper meg til å skjøne orda.
I Burgos er det - "ni månader med vinter og tre med helvete".
Vi var der etter helvete og før vinteren, så temperaturen var høveleg for oss frå kyst-Norge. Vel 20 grader pluss.


Langs elva som renn gjennom byen, var der på katedralsida, ein lang allé, nærast ein park, med store skuggefulle tre. Dei lavaste trea var forma i mange fantasifulle figurar.




Her var det mange slags aktivitetar og mykje folkeliv. Men og med fleire skulpturar, ikkje over kjende menn og kvinner, men av vanlege borgarar opptekne med sitt daglegliv.


Og mot vest går pilegrimsvegen vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar