tirsdag 26. oktober 2010

To leie dagar. 17.og 18.september.

Eg vakna i senga på hospitset av torebrak og lyn som lyste opp romet, og det hadde vorte så kaldt at eg måtte leite opp eit tjukt ullteppe for å dra over meg.
Men så kjende eg at det var ikkje berre ute det var uvær. Kroppen min sa ifrå at den ville starte ei storreingjering i mine nedre fordøyingskanalar, så då var det berre å kome seg ut av overkøya og leite seg fram til toalettet i nattemørke gangar.
Omsider lysna det av dag, og då hadde uværet ute reist forbi.
Men ikkje uværet i min eigen kropp.
Så då frukosten kom på bordet var matlysta på eit minimum. Og synet av to ferdigsmurde brødskiver med tjukke lag med smør på, gjorde den ikkje større. Men eg tvinga dei ned. Mat må ein ha skal ein gå 19 km fram til neste overnattingsstad.


Eg kjenner meg i slekt med snegelen idag. Det går seint, kroppen er tung og eg frys så smått.
Regnet hadde ikkje gjort så mykje på pilegrimsvegen. Ein og annan sølepytten og far etter rennande vatn var alt. Verre hadde det vore om pilegrimsvegen hadde vore stiar, trakka gjennom åker og eng. Då hadde den raude jorda klistra seg til skorne i tjukke lag.

På dei knapt to mila mellom Villamayor del Rio og Villafranca Montes de Oca ligg det fire landsbyar med 4-5 km´s mellomrom, og vegen går gjennom ein vid dal mellom åsane på sidene.


Belorado, Tosantos, Villambista og Espinosa del Camino.
Vegen byr ikkje på store utfordringar frå naturen si side, men været viser seg ikkje frå si beste side.
Det er grått. Det byrjar yre frå dei lave skyene, og yret går etter kvart over til eit våtare slag, så regncapane kjem nokså tidleg på.


Det var opne pubar i nesten alle byane, og dei vart nytta til å få av seg sekk og regnkle. Kvile ut og få seg ein kopp varm kopp kaffi.

Torbjørg slit med sin vonde ankel. Sjølv kjenner eg tidleg smerten i sida dukke opp, og at storreingjeringa i nedre regionar endå ikkje er over.
I Tosantos varskur magen at no er det nok kaffi. På veg ut av landsbyen må eg inn mellom ruinane etter eit hus og gi hals.


Då vi kjem til Espinosa er det stogg. Både Torbjørg og eg er tome for krefter, og kvinna inne på den lokale puben er hjelpsam med å tinge drosje til oss fram til Villafranca Montes de Oca.
Så kjem vi også denne dagen fram til hospitset med bil.



Reidun og Bodil var ute og såg seg rundt. Dei vitja kyrkja, og leitte etter ein stad der det var råd å få seg eit måltid varm mat, uten å lukkast. Så då vart det kveldsmat på hospitset sitt kjøken i staden.
Og det vert bestemt at dagen etter vil Reidun gå over Oca-fjella åleine, medan vi andre tek bussen til Burgos.
Det er 4 mil dit, to dagars vandring for Reidun, medan vi brukar noko over halvtimen.
Vi får klarert at det er rom til oss på hotellet som vi har tinga rom på, sjølv om vi kjem ein dag for tidleg.

Morgonen etter ligg skyene lavt over Villafranca.
Etter frukosten tek Reidun sekken på, og byrjar gå opp bakkane mot fjellet. Det 200 m opp til høgste punktet på 1160 m.o.h.
Medan vi får oss plass på ein overfyllt buss. Og der vi ikkje åleine pilegrimar. Det er visst mange vandrar som tek buss denne dagen. Kanskje for å avslutte vandringa i Burgos.

Oca-fjella er vasskiljet mellom aust og vest i nord-Spania.
Aust for fjella renn elvane mot Ebrodalen og Ebro for å ende i Middelhavet.
På vestsida renn dei motsett veg, vestover, og samlar seg i Duoro-elva som renn ut i Atlanterhavet ved Porto i Portugal.

Vegen stig oppover gjennom lia. På fleire strekningar går bilvegen og pilegrimsvegen ved sida av kvarandre. Vi ser han inne mellom trea oppe på fjellet. Så er vi over og vegen går ned i bebygde grender att.
Etter ei tid vert det tettare med hus langs vegen, og så er vi inne i byen og ferda endar på busstasjonen.


Derifrå vandrar vi over elva, går forbi porten inn til plassen ved katedralen. Så nedover i eit parkområde langs elvebredden.
Ved enden av parken finn vi hotellet.

Roma er klare om ein halv time, får vi høyre.
Torbjørg og Bodil tek seg ein tur ut i gatene. Eg orkar ikkje. Set meg ned i ein sofa for å vente på at romet er klart.
Nå eg får den beskjeden, tek eg Bodil og min sine sekkar, og leitar meg fram til romet og senga.
Dei to andre kjem attende til hotellet, men finn ikkje meg. Undrande spør dei han i resepsjonen kvar eg og sekkane er.
Han tok sekkane og forlet, er svaret.
Dei må sjå noko overraska ut, for han er snar med å fortelje at eg hadde gått til romet.

Ut på ettermiddagen vil Bodil høyre om Torbjørg er klar for ein ny gatetur.
Eg høyrer stemmer ute i gangen, men det er ikkje Torbjørg, det er Reidun.
Er ho her alt?
Kva slags tempo har ho hatt som alt har gått 4 mil?
Ho fortel at ho gjekk begge fjella. Det første var skog og skodde. Det andre hadde berg i dagen. Men då ho byrja leite etter overnattingsplass, fann ho det ikkje.
Då dukka det opp ei drosje, og den fekk ho sitje på med inn til Burgos og hotellet.


Været hadde betra seg, og igjen skein sola fram mellom skyene.
Vi tok ein liten tur i gatene rundt katedralen noko seinare, men for meg vart ikkje turen lang før eg vende attende til hotellet og senga.


Dei andre fekk seg eit måltid varm mat, før dei rusla rundt i gatene og såg på eit mangfaldig folkeliv denne laurdagskvelden. Der var mellom anna nokre var igong med å varme opp til den komande generalstreiken mot regjeringa sine økonomiske innstrammingar.

Belorado

Villafranca Montes de Oca







Burgos


Burgos sitt flagg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar