fredag 8. oktober 2010

Frå Pamplona til Cizur Menor. 7.september.


Det kom nokre regnbyger om morgonen i Pamplona, men det skein opp etter kvart.
Vi fekk oss frukost på ein restaurant ved torget, før vi gjekk til katedralen og morgonmesse.


Etter messa fekk vi stempla pilegrimspassa våre i eit bakrom. Eg hadde lyst på eit spansk credencial del peregrino - pilegrimspass - men det hadde dei ikkje, så det vart å nytte vårt norske frå pilegrimskontoret i Oslo.

Ut på formiddagen sjekka vi ut frå hotellet. Damene handla inn brød (grovt om det var å få) og pålegg - og dei nødvendige vassflaskene - og eg snudde ryggen lydig til så mi kjære kunne legge brødet i sekken. Det vart mi oppgåve å bære brødet under vandringa. Ikkje berre det jordiske brødet forresten, men og det himmelske brødet. To grøne Treklang sangbøker, (merka Lystad Tenklubb)og eit nynorsk nytestament (utgåve OL Lillehammer 1994) til å nytte under våre morgonbøner.
Så tok vandringa mot vest til.


Dei gule pilene førde oss gjennom gatene ut av Pamplona. Ved eit gatekryss nær universitetsområdet vart vi i tvil om retninga, men då var der ei spansk kvinne som straks leidde oss på rett veg.
Det opplevde vi fleire gonger at lokale viste oss kvar pilegrimsvegen gjekk, og fylgde oss eit stykke som vegvisar.
I dalsøkket vest om universitetet renn ei lita elv, Rio Sadar. Ho var ikkje så stor då vi gjekk over brua, men høgda på kvelvingen tydde på større vassføringa til andre tider. Men straumen var sterk nok til at nokre ender dreiv surfing i elvestraumen.


Vi gjorde ein mjuk start på vandringa. Frå Pamplona til Cizur Menor er det 5km gjennom eit lite dalsøkk. Vel framme snur vi oss og ser byen ligge bak oss, og vegen vi gjekk, asfalt heile vegen.


Cizur Menor hadde to hospits, og vi hadde tinga oss plass på Albergue Maribel Roncal, og damen sat klar og tok imot oss då vi, sveitte av varmen, steig inn i den skuggefulle forhagen.
Alberguet var triveleg, men vi kunne sjå at det hadde vore utvidingsarbeid igong, som nok hadde fått ein pause. Det var uferdige bygningar både over og ved sida av alberguet (hospitset).
Hospitset hadde delte sanitærrom, og eigne sovesalar for kvinner, menn og ektepar.
Og som vanleg for meg på sovesalar, så hamna eg i ei overkøy. Eg har etterkvart fått litt erfaring med å kome meg ut av slike køyer om natta. Det er ikkje like enkelt.
Framfor hospitset var der ein terasse med bord og stolar, og eit par solparasollar.
I eit anna hus var der kjøken og matsal.


Her var mange spanske og franske vandrarar, og med dei var ikkje komunikasjonen av enklaste slaget.
Men der hamna ein einsleg mann inne på sovesalen for ektepar. Eg prøvde meg frampå med engelsk, og fekk svar attende. Så var det kvar han var frå, og då viste det seg at han var dansk, og eg kutte kutte ut engelsken og.
Han hadde gått til Santiago før, Denne gongen hadde han starta i Lisboa for å gå portugisarruta til Santiago, og så hadde han helde fram "galne vegen". Han gjekk mot aust. No hadde han berre eit par dagar att, så skulle han avslutte og reise heim.


Cizur Menor har to kyrkjer og. Ei på kvar side av vegen.
Dei eine, hovedkyrkja var stengd, men den andre var open.


Den høyrde til Maltesarordenen, og bar deira raude korsflagg på toppen.
Dei hadde også det andre hospitset.
Eg gjekk rundt kyrkja, og på sida som vende mot aust stod det store jordbruksmaskiner heilt inn i kyrkjeveggen.


Men plassen utanfor kyrkja mot vest var ryddig og fin.
Her var og inngangsdøra til kyrkja, med eit enkelt tympanum over. Eit Kristusmonogram.


Kyrkjeromet var enkelt og stilreint. Det uvanlege var alle flagga som hekk under taket.


I ei lita nisje i kyrkjeromet fann eg ein liten Jakob.

Kyrkja har ei broket soge. Ho var med sitt tårn ein del av Maltesarriddarane sin eigedom her etter at dei vart tvinga bort frå Malta. Dei etablerte seg her i 1135 med 7 brødre. Her ytte dei tenester for pilegrimane på veg til Santiago. Men i 1836 måtte dei forlate denne staden og.
På 1970-talet var staden berre ein ruin, og det som no er kyrkja, var brukt som kornsilo. Men er no restaurert, men eigedomen som høyrde til er i privat eige.
Kyrkja er frå 1200-talet og vigd til San Miguel.


Ein avsluttar ofte vandringa tidleg på ettermiddagen langs pilegrimsvegen, og då får ein avslappande timar mot kvelden. (Ein går tidleg til sengs og. Kl 22 skal det vert ro på sovesalen)
I den nyare delen av Cizur Menor fann vi ein supermarknad, og det smakar med ein is i ettermiddagssola.
Og seinare når matstadane opna, vart det pilegrimsmeny på ein av dei.
For min del enda det med ein stor tallerken med makaroni og tomatsaus til forrett. Og to store skiver med grilla storfekjøt uten noko til. og til dessert, is.
Om eg vart mett? Pilegrimar skal visst vere ovsvoltne og ha store magar. Min mage var i alle fall for liten til eit slikt måltid.

Ut på kvelden byrja det og blåse så solparasollane gjekk overende. Og så kom regnet, med toreslått i bakgrunnen.

Pamplona

Cizur Menor


provinsen Navarra






Pamplona sitt flagg

Navarra sitt flagg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar