Det er tidleg torsdag morgon.
I bygda mellom fjella har det regna i natt, men no skin sola inn vindauget.
Ute har naturen fått haustfargane. Det lyser i gult, brunt og raudt, saman med det som enno er grønt.
Vi skriv 7. oktober.
Men når eg skal opne minneboka for vandringa på Camino Frances 2010, då må eg gå attende ein månad, til 5. september om kvelden.
Det var då det starta.
Her står Bodil, Torbjørg og Reidun saman med meg ved nattbussen.
Sekkane er pakka med eit minimum av det vi treng dei neste tre vekene - det gjeld å få dei så lette som mogeleg -, og er komne inn i bagasjeromet.
Eit siste farvel til dei som står att, og det vert teke eit foto av oss der vi står spente og forventingsfulle ved bussen.
Så finn vi oss plassar inne og ferda startar gjennom natta mot Gardemoen.
Når morgonen renn den 6.september, med sol over Mjøstraktene, er vi framme, og om litt tid lyfter flyet seg med oss mot sør, mot Barcelona.
På flyplassen der kaprar vi oss ein drosje som tek oss inn til byen og busstasjonen.
Det vart det nokre timar på buss undervegs mot nordvest, mot Pamplona.
Når det nærmar seg kvelden er vi komne inn i Navarra, og det dukkar opp vindmøller på åsane. Samstundes byrjar det å gå regnbyer over landskapet.
Vel framme i Pamplona vel vi igjen drosje for å ta oss til hotellet.
Vi får instalert oss på roma, men mat må vi ha før natta, så det vert ut for å finne oss noko å ete, og for å finne ut kvar vi kan kjøpe oss nødvendig proviant neste dag,
Det vert og ein liten sightseeingtur i sentrum, men det er sein kveld så dørene inn til mellom anna karedralen er stengde.
Om natta vaknar eg av kraftigt regn ute.
Spania
Spania sitt flagg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar