mandag 18. oktober 2010

Inn i vinlandet. 12.september (1)


Denne dagen står det 23 km på dagsplanen. Vi skal fram til Navarrete der vi har tinga oss husrom.
Derfor er vi tidleg oppe og finn oss plass på same restauranten som vi hadde middag på kvelden før. Av erfaring veit eg at spansk frukost er ikkje det same som norsk, så eg ber om litt meir, - for bukselinninga har byrja å verte mistenkjeleg rom.
Å gå pilegrim brukar å ha slankande verknad på meg, endå det ikkje kan seiast at eg har for mange kilo på kroppen i utgangspunktet.

Så er det attende til hospitset for å hente sekkane og låse oss ut av huset.
Klokka er ikkje mykje over sju når vi legg den enno morgonstille Viana bak oss.


Første stykket går gjennom vinmarker, og vi høyrer kraftige smellar rundt oss med jamne mellomrom. Kva er det, tru?
Vi kjem til at det er ei form for trykkluftkanoner som går av med jamne mellomrom for å skreme bort fugl.

Etter vel ei halv mil forlet vi grusvegen, går over ei elv og inn i eit industriområde.
Og kryssar ei grense.
Vi forlet Navarra og går inn i den autonome regionen La Rioja.
Vinlandet.
For det er det La Rioja er kjent for, den gode vinen.
Den er og årsaka til at regionen har stor grad av sjølvstende, sjølv om det er eit heller lite landområde.

La Rioja har ei 2000 årig soge som vinland. Det var romarane og fønikiarane som førde vinplantene inn i Ebro-dalen. Den gode kvaliten på La Rioja-vinen er dokumentert alt frå 1200-talet.
Utan at eg kan gå god for den. Det vart heller lite riojavin på meg medan eg var der.
Ikkje er eg ekspert heller.


Frå no er det asfalt og atter asfalt heile vegen fram til Navarrete, og det startar med ein lang motbakke opp frå industriområdet.
Eg slit med pusten i motbakken og vert liggande etter dei andre, som har fått fylgje av nokre svenske kvinner.
Oppe i bakken kryssar ein stor snegel, med huset på ryggen, vegen framfor meg.
Der eg slit meg opp med tung pust, kjenner eg meg med eit i slekt med han som sakte kryp over asfalten mot graset i grøftekanten.
Pilegrimen og snegelen har mykje felles, om ikkje nødvendigvis tung pust.
Begge har ei roleg framdrift.
Begge ber det dei treng på ryggen.
Og begge burde ha tid til å la tankane finne rom til å verte tenkte til ende.
(om snegelen kan tenkje då, og pilegrimen er villig til å la tanken finne seg rom)


Oppe på bakkekanten står mi kjære og ventar på meg.Ved sida hennar i vegkanten står eit vegmerke for pilegrimar. Vi såg fleire av desse på dei vel 5 mila gjennom La Rioja.


Nede i bakken vert det stans igjen ved eit blomepryda hus.
Mange pilegrimar sit på benkane utan huset med kaffikoppar i hendene.
Vi får av sekkane og stig inn.
Det var ei Doña Felica som budde her tidlegare, og ho hadde omsorg for vandrarane. Dei fekk noko å styrkje seg på, samstundes som ho stempla passa deira.
Etter at ho gjekk bort, var det no dotter hennar som heldt fram mora sitt virke.
Då eg såg på passtempelet så stod der: "Higos - aqua y amor" - fiken, vatn og kjærleik.



Kamskjelet er pilegrimsmerket fram om alle andre.
Det ber pilegrimane dinglande på ryggsekken.
Det fann vi nedfelt i gatene for at dei syklande lett skulle finne veg og retning.
Det viste veg på mange slags skilt, saman med dei gule pilene, for dei som vandra til fots.
Og byar og landsbyar gjorde aktiv bruk av det til å pynte opp byen.
Som her i Lograño.


Ebro lærde eg i skulen, er største elva i Spania.
Ho er mykje av grunnlaget for at La Rioja og Lograño har fått den posisjonen det har i dag.
Men for byen, som er hovedstad i regionen, har og elva ført med seg mykje krig om herredømet over byen, mellom ulike kongedøme ned gjennom soga. Derfor er det få minnesmerke frå eldre tid i byen. Det meste har vorte rasert i krigar.


Vi kryssar oss bort frå pilegrimsvegen mot Catedral Sankta Maria de la Redonda ved Plaza del Mercado.






På plazaen var det torgdag med bugnande bord med grønsaker, frukter og - vin.
Flagget er regionen La Rioja sitt flagg.





Vi vart verande i området ved kyrkja i snart to timar. Såg på folkelivet, vitja kyrkja og handla litt mat.
Før vi igjen tok sekkane på ryggen, og på nytt gav oss pilegrimsvegen i vald.




Den autonome regionen La Rioja

Logroño


Logroño sitt flagg

La Rioja sitt flagg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar