lørdag 16. oktober 2010

Viana. 11.september (2)


Så, framme på ein bakketopp, dukkar Viana opp, med store nybygde bustadblokker nede på sletta.
Viana var eingong ein viktig grenseby mellom Navarra og Castilla. Den spanske kronprinsen ber framleis tittelen: Prins av Viana.
Ein annan med tilknyting til Viana, og som er gravlagd i kyrkja Sankta Maria, er krigsherren Cesar Borgia, son av pave Alexande VI. Cesar Borgia som hadde eit langt og hardt krigarliv både i Spania, Frankrike og Italia, døydde i 1507 då han reid ut i kamp åleine mot troppene som kringsette Viana.


Vi kjem inn i hovedgata i den eldste bydelen, den med kyrja og rådhuset ved torget.
I ei smal sidegata finn vi hospitset vi har tinga oss rom på.


Byen hadde eingong to store kyrkjer, men den eine - og eldste - Iglesia San Pedro, fall saman i 1843. I dag er ruinane delvis restaurerte.




Det er mykje vakkert smijarnsarbeid å sjå i kyrkjene langs pilegrimsvegen.


Det var ein varm dag. Ute på kanten av åsen som byen er bygd på, bak restane av San Pedro-kyrkja, er der ei fin terasse med skuggefulle tre og flott utsikt. Der finn vi oss ein fredfull plass denne varme ettermiddagen.




Ut på ettermiddagen opnar også Iglesia de Santa Maria de la Asunción - Sankt Maria si himmelferd.
Inne er der messe på gang, og eg hentar inn dei andre. Etter messa vert alle pilegrimane kalla fram til presten som vil vite kvar den enkelte er ifrå, der vi står i ein halvsirkel rundt han. Etterpå tek han runda til kvar enkelt med vievatn og velsigning med handpålegging.




Vi såg mange fantastisk flotte retablo - alterveggar - i kyrkjene langs pilegrimsvegen. Som denne i Iglesia de Santa Maria de la Asunción.



Viana

Viana sitt flagg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar