torsdag 21. oktober 2010

Nájera.13.september

Det vart frukost i herberget denne morgonen. Enkel frukost.
Men kl 8 når brødbutikkane opna, fekk vi proviantere det vi trong for dagen si vandring, og kom oss ut av Navarrete.
Etter dei 23 km i går, hadde vi berre 17 km å gå denne dagen.
Og igjen var det sol frå ein klår himmel.


Vi gjekk forbi byen sin kyrkjegard. Artigt å sjå kor annleis det er gjort langs pilegrimsvegen, enn det eg hadde ansvaret for heime i nokre år.
Her er det høge murar rundt kyrkjegarden, og stengde portar inn.


Eg brukte telelinsa for det ho var verdt, og tok eit nærbilete av bygdene under fjella i nord.
Dei vi har sett under heile vandringa, om enn berre som ei lang fjellrekke i synsranda.


Om sola skein, så strauk det likevel ein kakd vind inn frå nordvest.
Derfor var godt å sjå Ventosa dukke fram oppe i bakkane.
Der skulle det etter boka vere ein bar.

Ofte viste det seg at opplysingane i guideboka ikkje viste røyndomen. Butikkane og barane som skulle ver der i dei små byane, var der ikkje lenger.
Kundegrunnlaget hadde nok vorte borte med at folk fekk seg eigne bilar og brukte berre nokre minutt til næraste by.
Då var det litt verre for oss som gjekk på to føter, vi brukte timar på same strekninga.
Og måtte derfor handle inn der det var råd å få det nødvendige.
Men det smakte med ein kaffi med noko attåt, når vi fann ein open bar.


Landskapet endrar seg til lenger vest vi kjem. Det vert flatare, opnare og vidare.
Men i mest alle småbyane er det bygt fleire nye bustadblokker. Og det ser ut for at mange leiligheiter står tome. Det er i alle fall mange skilt som reklamerar for kjøp eller leige.


Vi fann oss ein plass ute i sola, og i le for vinden.
Brått står ei av kvinnene inne frå puben ved sida mi og tek fotoapperatet mitt ut av hendene mine. Seier noko på spansk og går.
No ser du det ikkje at meir, seier dei andre.
Men oppe i puben vert det opna eit vindauge, og kvinna stikk hovudet ut og lyfter kameraet mot oss.
Resultatet ser ein over her.


Det er mange Jakobar langs vegen. I mange fasongar, storleikar og utføringar.
Denne her får vere med å vise kvar vegen går vidare.


Sjølv i i vinlandet er ikkje alle vinhus like frampå med å vise seg fram, som dette ved Ventosa. Dei fleste var meir anonyme.


Vinmarker og vide horisontar. Der framme på sletta ligg mange små byar. Ein av dei er Nájera, men kva for ein?


Vi såg ikkje berre blå druer, men og grøne, Dei var i sterkt mindretal, og vintrea hadde ikkje same rike druemengda som dei blå.


Her ved Alesón, nær Nájera, er åstaden for ei av dei første legendene om riddaren Roldán (Hjå oss kjend som Roland) Her kjem han i kamp med ein muslimsk gigant Ferragut. Ein kar på over 200 kg og av Goliat si slekt.
Kampen mellom dei to varer i fleire dagar, og endar når Ferragut får lagt Roldán under seg, og er klar til å ta livet hans. Då er det Roldán finn Ferragut sitt svake punkt, navlen, og stikk sverdet sitt i han.
Etter dette forlet maurarane Nájera, og Roldán får namn av å vere den beste riddaren i den kristne verda.


Så dukkar Nájera opp ved elva Najerilla, under nokre raude klipper. Nájera kjem frå arabisk, og tyder mellom klippene.
Vi finn Hotel Hispano i den nyare bydelen og får gode rom.
Og så ut på byen ein tur, men eg frys og er småforkjøla, så eg vender snart attende til romet og senga. Medan damene held fram med byturen på leit etter eit apotek. Torbjørg har fått ein vond ankel, etter dei mange kilometerane med asfalt, og treng støttebandasje.

Ut på kvelden vert det varm mat, grønsaksuppe, kalvekjøt og is. Men eg undrar meg framleis på at det er så lite grønsaker til varmrettane, og det i eit land der det ikkje er mangel på ulike sortar grønsaker.


Nájera

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar