fredag 15. oktober 2010
To tvillingbyar. 11.september (1)
Det vart ikkje mange inntrykk av Los Arcos. Vi kom seint på dag. Ikkje lang tid før sola gjekk ned, så det vart berre hospitset og restauranten på meg i den byen. Og klokka var ikkje mykje over sju, då vi gjekk gjennom dei morgonstille gatene og ut av byen.
Ein time seinare er sola i ferd med å kome over bakkekanten bak oss, og tre vandrarar teiknar ein silutt mot morgonlyset.
Det er ikkje langt mellom vandrarane som kjem opp på sida av oss, helsar sitt "Buen Camino" - god veg eller god vandring - i det dei passerar oss som ikkje held same farta, og som kanskje ikkje skal gå like langt heller.
19 km er dagens mål for oss. Det er mange som har både 3 og 4 mil som mål på ein dag, og då kan ein ikkje ligge etter på vegen.
Det er vegen som er eit av dei viktigaste tinga som fyller tankane der vi går. Sjølv om autopiloten er kobla inn.
Vegen og vatnet, maten og rasten, og til slutt å få seg ei seng på eit hospits.
Men det første er vegen. Endelaus ligg han under føtene. Helst vil vi ha grus, men der er mykje av det hardare slaget og, asfalt. Den røyner på føtene når det vert for mykje av den.
Vi går og går. Føtene flyttar seg automatisk framover, og etter ei tid er vi komne fram til bakken eller landsbyen som vi for noko sidan såg langt i det fjerne.
Men då er det nye sletter, nye bakkar og landsbyar som dukkar opp langt der framme.
Klokka nærmar seg 9 då vi går opp bakkane mot byen sanasol, orsak; Sansol.
Vi gjer ikkje vegen lang gjennom gatene, forbi kyrkja og ut på andre sida.
Og der på åskanten over Rio Linares nede i dalbotnen, ser vi tvillingbyen Torres del Rio ligge på andre sida av dalen.
Nede på brua over elva har nokon måla avtrykket av nokre blå, nakne føter som stegar opp mot byen. Og framfor dei står det skrive: 221 step. Vi fann aldri ut kva det var 221 steg til, men kanskje var det kyrkja lenger oppe i byen?
Iglesia del Santo Sepulcro - den Heilage Grava si kyrkje - frå slutten av 12.århundre viser seg å vere verdt å vitje. Den har vore tilskreven Tempelriddarane, og har store likskapar med Eunatekyrkja som vi vitje for nokre dagar sidan.
Den har same tårnliknande, åttesidige forma, men utan Eunate sine ringmurar.
Kanskje har denne og vore ei gravkyrkje for pilegrimar?
Krusifikset over alteret er frå det 13.århundre.
Men det er ikkje berre i kyrkjene og byane vi møter "kunst".
Også lang vegen kan vi sjå eksempel på pilegrimane sine kunstnarlege uttryksformer.
Denne klarte vi ikkje å tyde.
Men dette er kanskje "Pie Jesu"?
Det ligg ei lita pilegrimskyrkje - Virgin del Poyo - ved vegen. Her var det laga til ein rasteplass med bord og benkar.
Kyrkja var stengd for vår morgonbøn, men den flotte trappa ned til kyrkja var ein fin stad å ha den på. Tyske Iris som vi møtte igjen her, vart med oss på morgonbøna vår. Vi rekna med at utbyttet hennar ikkje ville verte så stort, men stor vart overraskinga då ho song med i den norske omsettinga av "Danke". Så får vi høyre at ho har gått folkehøgskule heime i Tyskland, og der hadde ho hatt norsk som valfag.
Framme på åskanten var det tidlegare ein bratt sti ned mot dalbotnen, og i guideboka var det åtvara mot den med oppmoding om å vere varsam på veg ned. Men no var det istaden komen ein god, brei og lettgådd veg i fleire svingar ned dalsida.
Sansol
Torres del Río
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar