torsdag 14. oktober 2010

Vatn og vin. 10.september (1)


På pilegrimsvegen er det mange som er ute av sovesalen og klar til å gå alt kl.6 om morgonen.
Vi låg nok gjerne litt lenger i sengene, men denne morgonen var vi også tidleg oppe og hadde fått sekkane på nå klokka gjekk mot 7.30, for denne dagen skulle vi fram til Los Arcos som låg 26 km lenger mot vest.


Oppe på høgda over byen, byrja det å lysne. Borte på flata låg ei einsleg kyrkje, Eremita San Miguel frå det 10.hundreåret.


Etter ein halv time er sola i ferd med å kome over åskanten, og flya teiknar sine kondensstriper på den klåre morgonhimmelen.


Endå ein ein halv time seinare er vi framme i utkantane av Estella der det gamle steinkorset møter oss.


Litt lenger framme ved vegen ligg ei fontene, dekorert med både pilegrimsstav og kamskjel, og den lovar oss exelent aqua.


Før vi kjem inn i gatene, ligg den gamle kyrkja (14.århundre) Iglesia del Santo Sepulcro ved vegen. Inn kjem vi ikkje for forfallet har kome langt på den.


Men frontveggen mot vegen er framleis vakker med to rekkjer med apostlane oppe under takrafta, og døra med eit vakkert tympanum under.




Estella ligg i åssidene langs elva Rio Ega. Dei andre kyrkjene som guideboka skriv så mykje om, ligg diverre oppe i lia, og vi skal langt idag, så eg får setje dei på vent til neste gong. Om det vert nokon neste gong då?


Vi hastar gjennom dei tronge gatene i gamlebyen, og inn i dei breiare gatene i den nyare bydelen. Der vert det ein liten pause på ein bensinstasjon for toalettbesøk og innkjøp av flaskevatn, før vi held fram opp bakkane gjennom nyare villastrøk.


I utkanten av villastrøket, der bakkane går over i flatare lende, vert eg stogga av denne porten. Dekorert som han er med mange ulike kors, og med pilegrimar på vandring over korsa. Og over er stjernene frå Compostela - stjernemarkene.
Nærast finn vi Jakobskorset- sverdkorset, så kjem etter kvarandre Templarkorset, Taukors, Roncevalleskorset, Ocakorset og til slutt Jakobskorset igjen.


Men ved det tidlegare klosteret, no vinhuset Bodega Irache vert det stogg.
Staden er verdskjend, ikkje på grunn av sin utmerka vin, men på grunn av den utvendige vinkrana, vinfontena, der vegfarande får fylle sine krus med gratis vin.
Og her er det ikkje berre vi som har pause. Her er fullt av vandrarar. Det er kø for å kome fram til krana.


Ei krane med vin, og ei med vatn. Og instruksjon om fyllinga av dei tome krus.


Damene nytta alle høve. Her får Torbjørg vere representant for dei.

Estella

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar