søndag 31. oktober 2010

Hornillos del Camino. 20.september

Så er kviledagen over og vi legg Burgos bak oss.
Med drosje.
Men først tinga vi oss rom på hotellet til vi er attende. Fire dagar fram.
Drosje?
Var det ikkje gå vi skulle når vi tok ut på pilegrimsvandring?

Det er to mil fram til Hornillos del Camino, og vi hadde ikkje klart å få kontakt med det kommunale hospitset der.
Vi høyrer ikkje med til racerane mellom vandrarane. Vi høyrer heller med i sneglegruppa, og er tilfreds med det. Av den grunn burde vi vere framme når dei opna hospitset kl. 12.00, elles står vi fare for å verte utan seng til natta.
For å ha litt forsprang på alle dei andre som tok ut frå Burgos denne mandags morgonen, tok vi drosje 9 km fram til Tardajos, og først der tok vi frukosten på staden sin pub.


Det er berre eit par kilometer med flat og fin vandrarveg fram til neste landsby.
Der er det visst noko feiring på gang. Husa er pynta med flagg og vimplar, og i gatene høyrer vi hornmusikk.


Kyrkja er stengd så tidleg på morgonen, men fontena på torget er eit verdt eit lite stogg. Artig forma som ho er.


Er det Gaudi som har vore her? Eller har han vore inspirasjonskjelda?
Nei ho er nok av nyare dato, for der ser eg ET stikke hovudet fram mellom alle andre underlege skapningane.

Vegen går gjennom eit landskap som har vore i endring for å tilfredstille moderne landbruk, basert på stordrift.
Der det nok tidlegare var eit landskap med små bakkar og dalsøkk, hadde maskiner vore igang og jamna alle bakkar og dalar til eit stor flate. Veleigna for korndyrking der ikkje lenger sigd vert brukt i haustinga, men store maskiner.
Her og der kan vi sjå det stå att meterhøge klumpar av det opphavelege landskapet. Berre dei brattaste sandbakkane står urørde.


Det er mange vandrarar ute og går mot vest denne morgonen.
Mange har små og lette sekkar, og dei er lette på foten i framdrifta.
Andre har store sekkar som vi, men dei og kostar på. Dei skal vel fram til Hontanas denne dagen. Dit skal vi først i morgon.
Men hei sann! Der kjem eit par med eit transportmiddel vi ikkje har sett før.
Ho går så lett. Ho har berre stavar i hendene. Medan han har sekkane i eit trillebår framfor seg.


Vegen fører i lett stigning gjennom kornstubblandet opp mot ein ås.
Vi når att Reidun der oppe på åsen. Ho har funne seg ei steinrøys og sett seg ned for å vente på oss.
Så vert det ein liten rast der oppe, medan vi nyt utsikta og litt snop, og helsar Buen Camino til alle som med raske steg går forbi oss.
Vel det er ikkje alle som er raske, ser eg. Der er også dei som haltar der dei slit seg fram. Så er det vel føter med gnagsår ute og går.


Lenger framme går åsen over i ei bakke ned att, og der nede, under åsen på andre sida av sletta, ser vi Hornillos del Camino ligge bort om ei elv.


Så er vi der, inne på torget ved kyrkja.
Berre 11 km denne dagen, men det er nok for eit par av oss.
Det kommunale hospitset ligg vegg i vegg med kyrkja.
Reidun er der alt og hadde sett sekken sin som ein av dei første i køen. Men vi var ikkje langt etter.
Kl.12 vart det opna, og vi strøymde inn. Her var det om å gjere å vere tidleg ute. Vi var heldige og fekk oss tildelt to etasjesenger ved kvarandre i eit av dei roma oppe, og då var det berre å okkupere sengene med å legge soveposane m.m. oppå.
Hospitset hadde to etasjer. To rom oppe med 6 etasjesenger på kvart rom. Her var og eit rom med eit par dusjar og toalett, og vaskar. Nede var eit rom med senger og eit kjøken / matsal.

Ute var der ein vakker steinlagd plass framfor kyrkja, og ned på torget med landsbyen sin fontene.
På andre sida av gata ved torget låg puben, der vi ut på kvelden kunne kjøpe oss middag.
Så her var det berre å roe seg ned, nyte sola, kjøpe seg kaffi og is og la timane rusle avgarde.


Hospitset vart for fullt, men her kom stadig fleire til. Så vart eit nytt hus opna og vart fullt. Dei siste fekk madrasser på golvet i landsbyen sin gymastikksal Dusjar var der ikkje, så dei måtte nytte dei to i hospitset. Der var det kø utover dagen.


Vi hadde tinga middag og stillte oss tidleg i kø, for der var ikkje så mange bord der dei serverte middag, og mange som ville ha.
Vi kom inn og fann oss eit bord, men her var ikkje effektiviteten så veldig stor. Det tok si tid både å tinge maten, og få den servert. Og ute i puben stod neste bordsetting og venta, meir og meir utolmodige og svoltne.



Sola var i ferd med å gå ned over åsen i vest då vi kom ut att etter middagen.
No var og kyrkja open, så det vart ein liten tur inn. Enkel. Eit par gamle alter og i taket var det måla roser og englar.
Men snart byrja vandrarane å trekke i hus for å gjere seg klare for natta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar