mandag 11. oktober 2010

Obanos, 8.september (3)


Det er berre omlag ein kilometer frå Eunate til Obanos, og vi fann hospitset tett ved torget og kyrkja.
Det er eit stort hospits med ein sovesal som har mange køysenger, og ein dusj/toalett for kvart kjønn. Innanfor sovesalen er der ein liten hage, omgitt av høge murar.
Her er benkar ein kan slappe av på, og tørkestativ for reinvaska kle.

Vi er tidleg ute, det er ikkje så mange senger som er opptekne då vi kjem. Vi får oss tildelt 2 køysenger i krysset mellom tre deler av salen.
Men før kvelden kjem er alle sengene, over 30, opptekne.
Hospitset er dreve av ein mann, og ber nok litt preg av det, men her er ryddig og reint. Bortanfor inngansdøra og resepsjonen er der kjøken med eit stort bord der ein kan ete eigen mat.


Det romet har litt utsmykking med pilegrimspreg. Mellom anna denne vesle statuen av Madonnaen med barnet.


Kyrkja er ikkje så gamal, frå 1911, men har nok erstatta ei eldre kyrkje som var til nedfalls, for byen har ei soge som går langt attende her den ligg i vegkrysset mellom to pilegrimsvegar frå Frankrike.
Innvendig er ho lys og lett, med eit alterparti som lyser i gull.


På eine veggen finn vi og dette lekamstore, realistiske krusifikset frå seint 16-hundretalet. Det er ikkje ofte ein finn krusifiks der alle musklane i kroppen er så detaljert utforma.


Det er ikkje så mykje gjer når dagen si vandring er over. Først finn ein seg plass i herberget, så ser ein seg om å byen, vitjar kyrkja, om ho er opa, finne ut kvar ein kan proviantere - og kvar ein kan få seg eit måltid varm mat.
Det vert pilegrimsmeny denne dagen og. Suppe på meg, så godt kyllingkjøt, med ei stor skive melon som dessert.
Og så vert det å ta det roleg, slappe av som best ein kan og la timane gå.

I parken ved kyrkja var der benkar under skuggefulle tre. Der slo vi oss ned, sette oss inn i neste dags vandring, og såg på borna som leika under oppsyn av foreldra, medan vandra mot vest - og kveld.



Det vart 16 km denne dagen, frå Cizur Menor til Obanos.

Obanos

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar