lørdag 30. oktober 2010

Catedral de Santa Maria. 19.september (2)

Det tek tid å nyte katedralen i Burgos, der han reiser over torget med sine tårn og spir.
Ei gotisk kyrkje der bygginga vart sett igong på 1200-talet, men som det tok århundre før den stod der slik vi ser den idag.
Og eg, med mi interesse for kyrkjer og kyrkjekunst,( og dei fire åra med pilegrimsvandring har ikkje gjort den interessa mindre) nyt synet av den.





Utvendig har den fire dører, eller portalar, inn. Alle med sine særeigne utformingar og tympanum over. Dei ulike byggherrane har nok spegla av den tid dei levde i.






Men då vi kjem inn i skipet, kjem vi rett inn i ei gedigen samling av vakker og variert kyrkjekunst.
Katedralen har utanom hovedskipet med sitt store gulldekte retablo og sitt vakre kuppelforma tak over, 15 sidekapell i tillegg. Kvart av dei med sine eigne retablo (altervegg) eller mindre altertavler. Alle med vakre detaljar.












Eg finn skulpturgrupper med bibelske motiv, men og hogne relieffbilete i stein.
Og her er enkeltståande skulpturar som speglar av ulike tidsbolkar.
Som Kristus frå tidleg middelalder med si utforming, til vårt århundre.
Sankt Jakob er her sjølvsagt, men og vår tid er tilstades i ulike kunstformer.




Boka mi som fortel om kva som er verdt å sjå langs pilegrimsvegen, seier om katedralen at opp mot 6 timar bør ein bruke på den, og hugs - ta med kikkert.
Vel 1 time brukte vi. Det vart berre å skumme fløten, diverre. Men kanskje kjem eg attende til Burgos neste år for ny vandring. Eg får sette av litt tid då for å få med meg meir av det katedralen og Burgos har å by på.

Vi hadde planlagt å ta ein pause i vandringa her i Burgos, for å ta buss til eit par småbyar lenger sør.
Torbjørg og Reidun brukte litt tid denne dagen på å finne ut om det let seg gjere, men det vart for vanskeleg å få til. Men på turistkontoret kom dei over eit lite kontor som skipa til dagsturar sørover. Men å få kontakt med henne som dreiv kontoret viste seg å vere uråd denne dagen.
Vi hadde derfor eit allmøte på kva vi skulle gjere. Då kom vi til at neste dag skulle vi halde fram vandringa i fire mil til, fordelt over tre dagar. Og så ta buss atende til Burgos den fjerde dagen. Så fekk vi sjå om vi fekk kontakt med kvinna som skipa til turane då.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar