fredag 22. oktober 2010

Parador. 15.september (1)

Det var igår det hende.
Mine kvinnlege medvandrar stakk hovuda saman og bestemte det -
- og eg?
Etter alle demokratiske spelereglar var eg i klart mindretal.
Så etter ei rask drøfting med meg sjølv, bøygde eg for fleirtalet og samtykka med eit - Ja, det er greit.

Kva som var greit?
Etter så mange dagar, eller rettare netter på sovesalar, og i stål etasjesenger med tynne madrasser, og do på deling med mange andre(framande av begge kjønn), så ynskte dei eit sceneskifte.
Komande natt ville dei overnatte på Paradoren i Santo Domingo.

Kva er Parador?
Parador var opphaveleg kyrkja sine hospits i byar over heile Spania.
Så overtok staten dei og gjorde dei om til eksklusive hotell.
Kunne eg anna enn sei ja og amen? (sjølv om eg sende ein bekymra tanke til vandringbudsjettet)

Var der ledige rom?
Det vart ringt, og ja det var det. Og med eit var vi booka inn på Paradoren for neste natt.


Frukost 6.30, var meldinga frå Pablo i går kveld. Presis.
Og når klokka var der, sat vi rundt bordet alle 6, og Pablo serverte kaffi eller te, restane av brødet frå middagen i går, no som rista brødstykke (så godt rista at det var svart utanpå) og heimelaga (Pedro sitt eige produkt) fikensyltetøy.
Enkelt og greit.
Så kom sekkane på og vi tok farvel med Pablo, fekk opp døra og tok eit siste bilete av det blå "Albergue Virgen de Guadalupe" i Cirueña. Huset med Pedro sine blomepotter opp etter veggen.
Eit trestjerners hospits.
Neste stad er Santo Domingo de la Calzada.
Skal tru kor mange stjerner Paradoren har?


Austhimmelen var som vanleg fargerik frå den komande soloppgangen, sjølv om det var snart ein time att før ho kom over bakkane bak oss.


Men sør- og vesthimmelen hadde ein annan kulør denne morgonen.
Fjernsynet hadde i sine værmeldingar siste dagane varsla regn, mykje regn, over Spania. Også over området vi gjekk i. Og på nyheitene hadde vi sett bilete frå lenger aust og sør, der vatnet fløymde i gatene.
Varsla fargen på himmelen at no var det vår tur?
Vel, den tid, den sorg.
Denne dagen teikna til å verte fin.

Det er ikkje langt frå Cirueña til Santo Domingo. Vel 5 km.
Vi hadde planlagt å la sekkane få stå i ro ein dag der, og ta ein kviledag.
Men det kom litt overraskande på oss då vi kom fram på ein bakkekant og såg byen ligge på sletta framfor oss.
Var det så kort?


Klokka var omlag 9 når vi var framme på torget ved Katedralen og Hotel Parador.
Men om det var tidleg på dag, fekk vi sjekke inn på romet, og kunne setje sekkane ned for denne dagen. Det kjendest godt.



Santo Domingo de la Calzada er ein by, grunnlagt og bygt ut frå ein mann si einebuarhytte.
Domingo García vart fødd i ein by i nærleiken, i omlag 1019.
Han prøvde å verte munk, men måtte gi opp det. Då slo han seg ned her ved elva Rio Oja, og bygde seg ei hytte for å verte einebuar.
Han fatta interesse for pilegrimane som gjekk mot Santiago, og sette seg føre å bygge ei bru over elva.
Legendene fortel og at han, med englehjelp, hogg ein veg gjennom den tjukke skogen som då stod her, (37 km frå Nájera til Redecilla del Camino), for å gjere pilegrimsvandringane trygge for røvaroverfall.
Men då han bygde opp eit pilegrimshospits ved elva, vart det starten for byen. For då han døydde heldt disiplane hans fram arbeidet, og med kongen si støtte til arbeidet voks det opp ein liten landsby ved elvebredden.


Sentrum i byen er Katedralen bygd over Domingo si grav.
Den ligg på eine sida av torget, som vidare er omkransa av kyrkjetårnet, ei mindre kyrkje og Parador.


Vi var i Katedralen til kveldsmesse. Kom oss så vidt inn før dei stengde dørene.
Kyrkja var heilt full, men vi fann oss nokre plassar langt bak.
Messa gjekk sin gang. Det er lite eg får med meg av orda som kjem mot meg, men eg er tilstades.
Reiser meg når andre reiser seg, og set meg når dei set seg.
Lyttar til tonefallet i orda, og deler fredshelsinga i varme handtrykk med dei som står rundt meg.
Kyrkjelyden går fram for å få brødet, men eg vert sitjande i respekt for at katolikkane ikkje ynskjer nattverdsfellesskap med protestantar.

Messa går mot slutten.
Ein av prestane framme ved alteret tek noko i handa og går ned i skipet medan folk reiser seg og syng eit eller anna.
Og så byrjar kyrkjelyden på nytt å gå fram, forbi presten - og ut.
Eg ser meg litt undrande rundt.
Det er velsigning - seier fylgjet mitt, og går i lag med dei andre.
Ja velsigning kan eg då ta i mot, og eg reiser meg og går inn i rekkja ved sida mi.

Då eg er nesten framme oppdagar eg kva det er.
Det er ikkje velsigning, men presten held i handa noko som ser ut som ein handspegel, og folk bøyer seg fram og kysser det.
Det er eit bilete av ein Heilag.
Kva skal eg gjer? Eg kysser då ikkje noko slikt!
Kan eg bryte ut av køen?
Nei, det vil sjå så demonstrativt ut.
Eg leitar etter ein utveg, men vert for sein. No er eg neste person.
Så bøyer eg meg fram og let leppene så vidt røre ved bilete av - kven det no var - lyfter hovudet og går ut.

I bakhovudet høyrer eg samvetet lyfte seg.
Harald, kva har du gjort! Kysst biletet av ein heilag. Det hadde eg aldri trudd. Du som har hatt så klare meiningar om katolsk dyrking av heilage menn og kvinner.
Og no stod du der og kysste - kysste - eit slikt bilete.
Eg leitar etter eit svar, ei orsaking, men finn inga.
Det vert berre:
Det hadde eg ikkje trudd eg heller - medan eg turkar leppene med handbaken og seier til fylgjet mitt. Det var nok ikkje velsigning det der.


Inne i tårnfoten var der ein liten souvenirbutikk. Vi var inne og leitte opp eit postkort som mi kjære ville ha. På veg ut ser eg ein figur stå ved sida av døra, og eg stiller meg opp. Det vert litt lått mellom mine medvandrar under fotograferinga.
Og det får sine fylgje. Snart er det mange samla rundt figuren, og menn i flokk og fylgje vert komandert til å stille seg opp, medan deira kvinnelege fylgje, har mykje moro av å ta bilete av dei.
Sjølv set eg meg på trappa ved den andre kyrkja og er tilskodar til moroa.

Soga som er grunnlaget for denne skikkelsen, skal eg fortelje når eg skriv om katedralen i neste stykket frå vandringa vår.

Santo Domingo de la Calzada

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar