torsdag 14. oktober 2010

Varmt og langt. 10.september (2)


Enno er det 18 km igjen til Los Arcos. Vinen var berre ein liten oppkvikkar. Heretter er det vatnet vi har på flaskene som gjeld, for boka fortel om få sjangsar til påfyll av nytt vatn etter vegen denne dagen. Og dagen teiknar til å verte varm.
Landskapet er i ferd med å skifte karakter, det er flatare, opnare.
Nord for oss ser vi fjella ut mot Biskayabukta, og i sør fjella mot Castilla i det sentrale Spania. Vi går i austenden av høgsletta som lenger vest går over i den 20 mil lange mesetaen, som til slutt endar på grensa til Galicia.


Og heile tida har vi å fylgje dei gule pilene, mot vest, inn i solnedgongen.
Ikkje som cowboyen som reid inn i den, i min ungdoms filmar. Men vandrande på føtene med stav i hand og sekk på ryggen. Varm og sveitt i den nådelause sola.


Det går oppover frå Irache. Oppover til Monjardin. Men noko før kjem vi inn i Azqueta. Ein liten landsby der nokre av dei gamle husa framleis står med sin sjarm.


Men det beste av alt. Her er det råd å ta av seg sekken, setje seg ned i ein stol, og få seg ein kopp kaffi med is til.
Bak røyser den kjegleforma toppen over Monjardin seg, med restane av borga San Esteban de Deyo. Ho har sett mange herskarar: keltarane, romarane, visgotane, muslimane, franskmennene, for til slutt å enda opp under Navarrakongane sitt herredøme.


Bakkane opp er prega av vinmarkene på begge sider av vegen. Og det er ikkje heilt fritt for at vi prøvesmaker litt druer av og til.


Så dukkar Villamayor de Monjardin fram med si høgreiste San Andreskyrkje, oppe i bakken mellom vinrankane.


Det er siestatid, så vi endar opp på plassen framfor kyrkja, innanfor kyrkjeporten.
Og der er vi ikkje åleine. Fleire pilegrimar er der alt. Nokre har leita opp skuggen ved kyrkjeveggen, medan andre sit i sola på muren som omkransar plassen.
Og dei fleste tygg på medførd niste med vatn til. Snart gjer vi det same. Brød, ost, pølse og vatn smakar godt etter solvarm vandring.


Eg vil inn i kyrkja, men obs - den er mørk.
Det står eit oppslag ved døra med ei lita boks under.
Legg på ein euro, så kjem lyset.
Eg leitar opp euroen og legg den i pengesprekka og trykkjer den ned.
Au, den vert sitjande fast. Får eg den opp att tru? Eg prøver, men den er for langt nede, så eg får ikkje tak.
Eit par nonnen vil også inn. Eg forklarar problemet.
Kanskje det er fullt - seier den eine.
Eg leitar opp ein ny mynt for å legge press på den som alt er der.
Nei, vent, seier ho, og vender seg til den andre nonna. Ho leitar i veska si, og fram kjem ein liten smørkniv.
Den første går i aksjon med kniven, og om litt er mynten laus.
Eg prøver den på nytt, og no smett han ned i boksa og lyset vert tend i kyrkjeromet.


Kyrkjeromet er enkelt. Framme i koret er der fire små heilagfigurar på veggen, mellom dei finn vi St. Andreas og Jakob.


Men enno er det 8 km att til Los Arcos, vi er komne over middagshøgda. No byrjar sola å ta skikkeleg tak, så her er det berre å forlate Monjardin og kome seg på vegen att.




Etter boka skal her vere ein skog, hevdar Torbjørg. Og til slutt dukkar det opp ein liten skogkrull med furuer.
Vi krabbar opp vegskrenten og finn skuggen inne mellom dei. Siste matbiten vert eten og vatnet minkar sterkt på flaskene. Ikkje meir vatn å finne før Los Acos. Dette teiknar ikkje bra, så varm som dagen er no.


Solsvidde, gulbrune sletter. Ikkje ein svalande vindpust. Gå, gå, kilometer for kilometer.
Eg kjenner at eg vert sliten, men det er visst mi kjære og Torbjørg og.
Vi skjønar at det vert seint før vi når fram til Los Arcos.
Etter ei tid forlet Reidun oss og går i førevegen for å finne hospitset, og skaffe oss senger før det vert fullt.

Omsider er vi framme i gatene til Los Arcos, og etter snart 10 timar på vegen kan vi gå inn døra til herberget Casa de Austria. Der er Reidun alt. Vi vert ynskte velkomne, skriv oss inn, betalar og får våre stempel i pilegrimspassa.

Bodil og Torbjørg er alt gått til romet. Eg er litt treg av meg med betalinga og pilegrimspasset, så det tek litt å få orden på sekken igjen.
Reidun seier ho skal vise veg, men då eg har fått sekken på, er ho borte.
Vel eg får prøve å finne fram sjølv, og byrjar på trappa opp gjennom huset.
Oppe i trappe møter ei av betjeninga.
"Går ikkje du feil", spør ho. Men eg trur ikkje det, og held fram, heilt til eg står oppe på loftet under bjelkane i skråtaket.
Der er det lagt ut madrasser på golvet, men mine damer ser eg ikkje nokon stad.
Så har eg gått feil likevel. Eg får gå ned att og be om hjelp.

Nesten nede møter eg henne att.
"Det var det eg visste du gjekk feil", seier ho og smiler. "Kom skal eg vise deg."
Det vert opp att ei etasje, inn ei dør der det står Privado på, bort ein liten gang. Og utanfor ei dør i enden av gangen seier ho; "Her er det", og let opp døra, og der er mine damer.
Eg snur meg til henne og takkar for hjelpa.

Der er 2 etasjesenger i eit rom som er så lite at vi må ut for å skifte meining.
Etter dusjen strekkjer eg meg på senga. Kjenner det gjer godt med kvile etter ein lang dag på vegen.
Kjenne at den stikkande smerten eg har hatt i sida nokre dagar, etter kvart vert borte.

Ut på kvelden er det ut på ein restaurant for å få oss eit varmt måltid.
Det er mørkt når vi går attende til herberget og sengene.




Villamayor de Mojardin

Los Arcos

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar