torsdag 23. desember 2021
Veslejulaftan
torsdag 18. november 2021
Morgon gryr
Det vart morgon denne dagen og. Det er grått ute mellom fjella ved fjorden, og lufta er metta av regn frå dei grå skyene. Det er slike morgonar ein ikkje kjenner på den store lysta til å forlate det varme husværet ein har. Kor annleis kjenner ein seg ikkje når himmelen er klår og blå, og aust om fjella lyser det opp for den stigande morgonsola. Det er slik eg hugsar morgonane dei dagane då vi gjekk på vandringsvegane i sør, på veg mot Santiago de Compostela. Lyse morgonar med klår himmel. Sonen vår seier at vi hadde vorte yngre då vi kom heim etter fjorten dagar med vandring. Men coronaen sette ein stopp for det, kanskje for godt. Men eg saknar desse morgonane når vi forlet overnattingsstaden i halvmørkret, fann ein open bar , og fekk oss ein god kaffikopp, og tinga oss ein bocadillo con jamon y queso, eit lite brød med skinke og ost, til frukost. Lite, men stort nok til å spare halva til seinare på dagen. Og så ut på vegen med den stigande sola i ryggen.
Sette vi spor etter oss der vi gjekk. Neppe noko synleg i det ytre, men nok meir i vårt indre. Ein vert merka av å gå i fleire dagar på ukjende vegar. Det går ikkje så fort fram, ein har tid til å vere i landskapet, tid til stille timar med berre knitringa av grusen under føtene, tid til å la tankane vandre sine eigne vegar.
Vi gjekk inn porten i kyrkjegardsmuren samstundes han og eg. Ein sundagsmorgon på veg til kyrkjeromet sitt stille rom for gudstenestesamling. Preike vart det sagt i min barndom, no er ikkje preika det viktigaste for meg lenger. Den er best når noko av presten sine tankar omkring teksta han eller ho har fått å dele med kyrkjelyden rører ved meg, rører ved mitt indre. Det viktigaste no er å vere i romet i eit fellesskap av medtruande, og la mine tankar møte Gud gjennom songen, tilbedinga, bønene, og i brødet og vinen. Han var nokre år eldre enn eg, han eg møtte i porten denne morgonen, ein av dei faste støttene i kyrkjelyden, trufast til stades i sin høge alder. Eg nemnde noko om den vakre morgonen det var. Ja, sa han, og eg takkar Gud for kvar morgon eg får reise frå senga, opp til ein ny dag.
onsdag 17. november 2021
Når vart Jesus fødd?
Me nærmar oss jul att, og då dukkar nok den det store spørsmålet opp. Kvifor feirar vi jul? Svar: det er fordi Jesus etter ein tradsjon frå 600-talet at Jesus vart fødd den 25.desember. Nei, vert det svarar: Det er fordi kyrkja overtok, kristna, ein heidensk romersk nyårsfest. Eller ordet jul/jol, ei kristning av det norrøne midtvintersblotet. Vel, vel, lenger kjem ein vel ikkje, det vert vel ein årleg repetisjon på temaet igjen. Men når vart Jesu fødsel fastsett til 25. desember. Det var munken Dionysis Exiguus som gjorde det i Roma i det 6.århundret. Og det er ikkje reint få år etter at hendinga hende i Betlehem.
Finst det i Bibelen nokre hint om når det hende? Ikkje klart datert, men nokre hint er der. Men då må ein først inn om Johannes døyparen sin far, Sakarja. I Joh. 1.5 står det at Sakarja høyrde til i prestelaget som hadde namn etter Abia Kva tyder det? Prestane i tempelet var delt opp i lag, og kvart lag hadde teneste ei veke i halvåret, unnateke i påska, pinsa og lauvhyttefesten. i dei tre festvekene hadde alle prestane teneste i templet. Og kvart tenestehalvår byrja i fyrste tenestehalvår ved påske og og det neste ved lauvhyttefesten. I 1.Krønikebok 24.10 ser vi at presteskiftet som hadde namn etter Abia var det åttande skiftet. Med andre ord hadde Sakarja teneste i veke åtte etter påske og veke åtte etter Lauvhyttefesten.. Men i det første halvåret dukka pinsehøgtida opp den sjuande veka då alle tenestegjorde, så i det halvåret tenestegjorde han i den niande veka. Når er det so at Sakarja tenestegjer og får vitjing inne i tempelet? Dersom vi tek utgangspunkt i år (2021) så feira jødane påska frå 28/3 til 3/4, og då tenestegjorde Sakarja den 9.veka etterpå, altså frå 5/6 til 11/6, men og frå 22/01 til 29/01 (2022). Etter endt teneste drog Sakarja heim og dersom vi trur at to dei då låg i lag når han kom heim så byrja Elisabeth på svangerskapet då. Om det var i første halvår eller andre vert det ikkje fortalt, men seks månadar etter får Maria vitjing. (Luk. 1.26.) Nokre dagar seinare dreg Maria på vitjing til Elisabeth og Sakarja. Då er det anten i desember eller juli månad etter vår kalender. Tre månader seinare vert Johannes døyparen fødd, og ni månader seinare vert Jesus fødd i Betlehem. Er det i desember Maria kjem til Elisabeth så vil Jesus sin fødselen hende i september/oktober, i lauvhyttetider, men er det i juli så vil Jesus verte fødd i mars, i påsketider.
Har Bibelen meir å fortelje om tidspunktet? Kanskje eit lite hint i Johannesprologen, (Joh. 1.14) " Og ordet vart menneske og tok bustad mellom oss" er det verset omsett til, men på gresk står det litt annleis, der står det at han slo opp sitt telt i mellom oss. I jødisk tradisjon er teltet det som gir opphav til lauvhyttefesten, telta dei budde i etter utferda frå Egypt, men og tabernakelet, møteteltet der Gud i ei sky møtte Moses under vandringa. I 3.Mosebok ser vi at Gud skipar dei tre festdagane, to, påske og pinse, om våren og den tredje, Lauvhyttefesten, om hausten.
Han som var Gud slo opp sitt telt i mellom oss. Utfrå Bibelen sine hint, slik eg les og trur dei, så vart Jesus fødd i lauvhyttetider i Betlehem. Slik Gud kom og var tilstades ved både tabernakel og seinare tempelvigslinga, då i form av ei sky som fyllte teltet og tempelet. Så slo Gud også opp sitt telt i mellom oss då Jesus vart fødd, men eit telt er berre festa med teltpluggar. Det er ikkje ein permanent bustad. Vel tretti år seinare drog Jesus sine teltpluggar opp, Men Bibelen fortel at han skal koma att, og då er det ikkje for å ha sin bustad i eit telt. Då vil bustaden vere permanent.
Gjer dette noko forskjel for vår feiring av hans kome? Nei ikkje i det heile, Det er ikkje ein dato vi feirar, det viktigaste er at han kom same kva dato det enn var. Så la oss feire jul i takksemd for det, og med glede sjå fram til at han ein gong vil kome att for å gjere alle ting nye.
onsdag 10. november 2021
Sæl er du pilegrim
Sola er alt nær middagshøgda. Det er timar sidan morgonen rann. Då stod sola lavt over åsane i aust. Men enno er det mange timar til ho ho hallar mot himmelranda i vest og nattelega ventar. Du går, steg for steg, mot vest, mot byen langt der framme ein stad. Tenkjer du der du går på målet, eller er det lyden av stavane sin små smell kvar gong dei møter vegen du går på, eller knasinga av grusen under skorne som fyller deg i ei stille ro?
Du høyrer ein kjappare lyd av stavar bak deg. Ein annan vandrar kjem opp på sida. Lyden av orda hans når deg - Buen Camino - og så er den framande framanfor. Igjen er du åleine med lyden av dine eigne steg mot veggrusen. Utanfor vegen er det brunsvidda åkrar. Kornet er hausta, berre brune halmstubbar står att. Uendeleg synest vegen der du går under den brennande sola.
tirsdag 9. november 2021
søndag 7. november 2021
Pilegrimen
Det hender eg leitar opp innlegg om andre sine vandringar på Youtube, og då kjem gjerne spørsmålet frå mi kjære; Er du ute og går igjen no?
Og eg er nok det. I tankane. Det var noko med å gå inn i det ukjende som fasinerte meg. Som når eg første gongen gjekk i Valdres. Om morgonen å sjå eit fjell langt der framme, og så når dagen si vandring var over, då låg fjellet attanfor. Og så gjennom dagen si vandring, steg for steg, å ha opplevd at ein ukjend veg , eit ukjent landskap, opna seg med alt den / det hadde å by på.
Eller som her på den franske pilegrimsvegen i Nord-Spania, når eg stod oppe på toppen av åsen vest av Castro Jeritz og såg utover den vide høgsletta framanfor, og visste at langt der framme, på andre sida av sletta låg byen Leon. Staden som eingong langt attende i tida var tilhaldstad for ein romerk legion. Men før eg kom dit låg det mange dagar med vandring på vegen eg såg bukta seg fram over sletta til han vart borte i soldisen langt der framme.
Køyrer ein bil kan det gå fort avgarde. Kilometereane vert fort til mil, og ei rekk ikkje å vere heilt tilstades i landskapet. Syklar ein får ein med seg litt meir, men det er føtene som kjenner grunnen ein går på. Om der ein skogsti, grusa veg eller asfalt føtene trør på, så merkar kroppen det, og ein er tilstades i landskapet, opplever det på ein særeigen måte. Visst kan ein verte trøytt og sliten av å gå når bakkane er tunge og sola brenn i nakken, men det er og helsebot i det. Og sjelebot når tankane får lov å verte frie, til å bearbeide opplevingane, eige liv og erfaringar.
Men eit spøsmål har eg aldri klart å gi meg svar på. Eg har nok alltid tenkt meg at pilegrim inst inne, kva trussamanhang han står i, alltid har ei søkning, ein lengt, etter å kome nærare Det Heilage, kva så den enkelte kallar denne heilage. I mitt tilfelle vil det vere den jødiske / kristne Gud. Men det står ikkje til å nekte for at under mine vandringar på dei jordiske pilegrimsvegane, har eg nok ofte kjent meg meir som ein vandrande turist enn som ein vandrande pilegrim på veg mot eit møte med meg sjølv, og med Gud. Og i Europa er der ei mengd med vandringsvegar, og ikkje alle endar i eit pilegrimsmål. Og der er mange som går, og går langt. Mykje lenger enn eg nokon gong har gått. Nokre få av dei har møtt på mine vandringar.
torsdag 4. november 2021
mandag 1. november 2021
Ein dag i Kapernaum (4)
Men stemninga mellom Jesus og dei rundt han skal endre seg med Jesus sine neste ord; - - Eg er livsens brød. Den som kjem til meg skal ikkje svelta, og den som trur på meg skal aldri tyrste. For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reise han opp på den siste dagen!
No byrjar det å murre mellom dei. -- Høyr , kva er det han seier? Kven trur han att han er? Sa han at han er komen ned frå himmelen og at han er Guds son? Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far og mor hans. Korleis kan han sei at han er komen ned frå himmelen? Og at han er Guds son? Dette er då å spotte Gud!
Men Jesus høyrer dei; - Hald opp med denne murringa! Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg dreg han - og eg skal reise han opp på den siste dagen! Eg seier ikkje at nokon her har sett Far, berre han som er frå Gud har sett Far. Sanneleg det seier eg dykk: Den som trur på meg har evig liv! Eg er livsens brød! Eg er den sanne himmelske mannaen, det levannde brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid: Og det brødet eg vil gi, er kroppen min som eg gir til liv for verda!
Uroa mellom tilhøyrane aukar i styrke ved desse orda hans, og spørsmålet høyrest: Korleis kan han sei at han vil gi oss kroppen sin å ete? Men Jesus har meir å sei, noko som ikkje minkar uro i flokken rundt han, ord som bryt totalt med alt dei har lært at lova seier. - - Sanneleg, det seier eg dykk; dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje liv i dykk! Den som et min kropp og drikk mitt blod har evig liv og eg skal reise han opp på den siste dagen. For kroppen min er sann mat og blodet mitt sann drykk. Den som et mitt mitt kjøt og drikk mitt blod vert verande i meg, og eg i han. Liksom Far, den levande, har sendt meg , og eg har liv ved han, så skal den som et meg, ha liv ved meg! Dette er brødet som har kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrene åt, dei som døydde. Den som et dette brødet skal leve i all æve!
Dette var opprørande og harde ord for mange av dei som var til stades i synagoga i Kapernaum. Så totalt braut orda hans med lova sitt forbod mot å drikke blod. Skepsisen mot orda hans lyste nok ut av andleta deira. Dette er harde ord, sa dei, kven kan høyre på slikt! Men Jesus er ikkje heilt ferdig, han har litt meir å sei når han merkar reaksjonen på orda sine: Støyter de dykk på orda mine? Kva så når de får sjå Menneskesonen stige opp dit han var før? Det er Anden som gjer levande, her kan mennesket ingenting gjere. Dei orda eg har tala til dykk er ånd og liv.
Dette vart dei utløysande orda som gjorde at mange av dei som var i synagoga den dagen gjekk ut dørene og forlet han. Jesus ser dei går og at det tynnest rundt han. Til slutt vender han seg til sine næraste vener og spør, truleg med sorg i røysta: Vil de og gå bort? Det er Simon Peter som tek mot til seg og svarar: Kven skulle vi gå til Herre? Du har det evige livs ord, og vi trur, og vi veit at du er Den Heilage frå Gud!
Det er dramatikk i Johannes si fortelling om denne dagen i Kapernaum si synagoge. Han har ikkje fortalt om nattverdsmåltidet i Jerusalem, men Johannes si fortelling knyter for meg mange band til påskemåltidet som dei andre fortel om. Men samstundes gir det meg andre og djupare innfallsvinklar til Jesus sitt oppdrag, og kvifor han kom. Og eg synest Salvador Dali sitt måleri over her, på ein fin måte skildrar brødet som kom for å gi oss sin kropp og sitt blod. Som kom for å oppfylle oppdraget han hadde frå Gud sin Far. Det som enda med dei siste orda hans på krossen. - Det er fullført! Kom Guds godkjenninga påskemorgonen i gravhagen då sola rann?
Eg trur, hjelp meg i mi vantru, var det ein som svara Jesus ein gong. Ja, eg trur, - men skjønar eg det? Der må eg nok tilstå at eg kjem til kort. Kvifor måtte Jesus gå igjenom dette? Kristne tenkjarar frå Paulus av og til idag har meisla ut forklaringar på spørsmålet mitt, men er deira forklaringar heile svaret? Eg trur ikkje det fordi deira og mine tankar vert berre mennesketankar, om vi aldri så mykje trur vi har den heile og fulle sanninga. Men over våre tankar ligg Guds tankar, og Guds råd og vilje som er mykje meir enn vi kan fatte og forstå.. Men treng eg å vite alt og forstå alt? Jesus snakkar om å tru, ikkje å vite. Då får det vere nok, også for meg. Så får eg vere nøgd med å tru og vente på at det heile og fulle svaret på kvifor det hende er gøymt til vi får sjå og høyre det eingong der framme, i Guds time, i Guds rike.
søndag 31. oktober 2021
Ein dag i Kapernaum (3)
Det er dei rundt han som dreg fram brødet frå himmelen, mannaen. Denne underlege maten som fedrene fekk å ete i øydemarka etter utferda frå Egypt. Då dei klaga over lite mat og ville attende til kjøtgrytene der. Kva er dette, spurde dei den første morgonen då dei kom ut av telta og såg det som låg på marka framfor dei. Manna tyder - kva er dette. Ja kva var det, dette brødet frå himmelen som dei fekk å ete kvar dag under heile ørkenvandringa i førti år. Men den dagen dei slo leir på andre sida av Jordanelva var det slutt.
Mange er teoriane om kva det var. Noko frå tamariskbusken? Eller noko frå andre ørkenplanter? Øydemarka er vel ikkje so overfløymd av ulike planter at den store folkeflokken som fylgde Moses kunne hauste mat av trea og buskane sine frukter kvar dag i so mange år? Eller? Og korleis smaka denne mannaen? Som honning står det, men og med ein smak som tilpassa seg kvar enkelt sin smak. Og den varde berre ein dag. Kvar morgon måtte dei ut og sanke på ny. Korleis såg den ut? Den likna på korianderfrø er det fortalt.
Men kva var det då? Brød frå himmelen, seier dei som stod omkring Jesus i Kapernaum. Englemat gav han dei å ete står det i seinare jødiske skrifter. Skal vi bruke eit ord frå vår tid må det vel verte ein overnaturleg mat. Ein mat som er over, utanfor naturen. Ein mat som ikkje er frå denne jorda. Ein mat gitt av Gud. Englemat.
Og seier Jesus; Sanneleg, det seier eg dykk. Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er brødet som kjem ned frå himmelen og gir verda liv. Fedrene dykkar åt av mannaen i øydemarka men dei døydde. Men det brødet som kjem ned frå himmelen er slik at den som et av det ikkje døyr. - Høyr, høyr kva han seier. Eit brød som gjer at vi aldri vil svelte meir. Fantastisk! -- Herre, så gje oss alltid dette brødet!
lørdag 30. oktober 2021
Ein dag i Kapernaum (2)
Kva er bakgrunnen for den intense samtalen som finn stad i Kapernaum denne dagen, og som fører til at mange forlet Jesus etterpå? Bakgrunnen finn vi byrjinga av det 6.kapittelet av Johannes sitt evangelium. Då er Jesus og fylgjet hans på den aude stranda på andre sida av Genesaretsjøn. Dit hadde dei rodd over for å få vere åleine, men sidan Jesus hadde vorte ein kjendis gjennom sine mange teikn og under, kom mykje folk etter dei. Så, etter ei tid kjem det som vert kalla brødunderet, der 5000 menn, kvinner og born ikkje medrekna, vert metta av fem byggbrød og to fiskar. Etter at Jesus først, før utdelinga, hadde bedt takkebøna over maten. Det er ikkje få som har reist sine spørsmål om truverdet i denne fortellinga. Er det noko her som ikkje vert fortalt? Hadde folk med seg mat som dei delte mellom seg? Og kvar kom dei tolv korgene frå, dei som etter måltidet vart fyllt av restane ? Ikkje rart at når det vert fortalt at fem byggbrød og to fiskar er nok til å mette ei så stor folkemengde, så reiser tvilen seg hjå mange. Men ligg det noko anna i fortellinga, med ei rot attende til ei anna fortelling mange hundre år tidlegare?
Om morgonen er framleis mange av dei som deltok i måltidet dagen før, samla på austsida av sjøen. Dei er der fordi dei såg at Jesus ikkje var med i båten som læresveinane drog med kvelden før. Det kjem fleire båtar frå Tiberias, men Jesus er ikkje å sjå. Kvar er han? Då set dei kursen over sjøen igjen og finn han i Kapernaum. Og spørsmålet deira då er ; Når kom du hit? Det svaret får dei ikkje, i staden peikar Jesus på årsaka til at dei har leita etter han. når han seier at det er ikkje fordi de såg teikn at de har leita etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. Men så vender Jesus samtalen inn på seg sjølv og oppdraget han har fått med orda; - Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gir evig liv. - den mat som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen sett sitt segl.
Johannes gir samtalen vidare eit stort rom. Han har ikkje attfortalt påskemåltidet i Jerusalem den siste kvelden der Jesus tok først eit brød, og så vinstaupet, og sa; Dette er min kropp, dette er mitt blod. Men Johannes let Jesus føre vidare fortellinga frå dagen før med brødunderet, sjølv om det er det tilhøyrarane er opptekne av. Men hjå Jesus er det ikkje byggbrøda og fiskane frå gårdagen som er sentrum, men han sjølv og oppgåva han fekk av Gud.
Johannes er teologen mellom evangelieskrivarane, og når Jesus seier at den gjerning Gud vil dei skal gjera er å tru på han Gud har sendt, så svarar tilhøyrarane at fedrene deira fekk manna å ete av Gud. Kva kan du Jesus gjere?
onsdag 27. oktober 2021
Ein dag i Kapernaum
Eg har vore der nokre gonger i den byen som vart Jesus sin heimby etter at han drog frå Nasaret, - Kapernaum. Fiskeribyen, grensebyen med tollstasjon og romersk garnisjonby ved nordbredden av Genesaretsjøn. Då, på Jesu tid ein livleg by med ei stor synagoge. I dag ein ruinby, det var fransiskanarane som byrja å grave ut ruinane. I dag er der og ei moderne kyrkje der, den ser ut som ein UFO, og er bygd over restane av svigermor til Peter sitt hus, og som i tidleg kristen tid var ei huskyrkje. Og med restane av ei synagoge frå bysantisk tid. Synagoga frå Jesu tid er gøymd under murane på denne. Ein kan sjå grunnmuren av ho under denne.
Korleis såg Jesus sitt Kapenaum ut? Utgravingane har gjort at det er råd å skape seg eit bilete av den, med fiskerihamna sine kaier og moloar ut i Genesaretsjøen.
Mange av fortellingane i dei fire evangelia er plasserte her i denne byen, og her budde brødrepara Peter og Andreas, og Jakob og Johannes, sjølv om dei opphaveleg var frå Betsaida på andre sida av Gallileagrensa. Var det fordi denne fiskeribyen låg betre til, og med ei god hamn, nærare fiskefelta enn Betsaida som låg lenger nord ved utløpet av Jordanelva. Var det derfor dei busette seg her?
Og her er det at ordskiftet mellom Jesus og dei som hadde opplevd Jesus dagen før og som no var kome over sjøen for å leite etter han hende. Om det var i synagoga fortel ikkje Johannes noko om i det 6. kapittelet i evangeliet sitt. Men ein tenkje seg det for der var det plass til mange.
fredag 22. oktober 2021
Egg (5)
Ein gong år attende var eg på ei fotomesse i London,og då budde eg på eit lite hotell nær Hyde Park. Kvar morgon ved frukosten gjekk kelnaren gjennom matsalen og spurde kvar enkelt kva slags egg dei ynskte til frukosten. Boild egg, egg and bacon or scrambled eggs var mantraet hans. På den tida var eg vorten van med egg i andre former enn eggedosis som var den einaste form av egg eg åt i barndomsåra. Og på vitjingar i mi kjære sin barndomsheim så var det gjerne steikt egg eg fekk til frukost. Medan mi kjære og eg alltid har kokt egg til søndagsfrukosten. Og der set eg mi ære i å ha rett timing på koketida. Kva koketid dei brukte på egga i Israel når vi var der veit eg ikkje, men det var nok lenger enn det eg brukar. Dei var hardkokte og hadde grønegule guler. Det var nok for at eventuelle bakteriar skulle vere avliva.
Det var ikkje så ofte det var egg på menyen under vandringane i Frankrike og Spania, men det hende nokre få gonger. Ein av gongane var i Oviedo i Asturias. Vi hadde vore inne katedralen og då vi kom ut att var det tid for litt varm mat. På torget ved katedralen stansa vi opp for ein bar som annonserte med namnet Bestemor sin eggebar. Det lokka oss inn, og menyen synte ei liste med ulike eggerettar. Kva vi enda opp med? Steikt egg med potetbitar og spansk pølse til - og brød.
Vi var på vandring frå Burgos og sørover mot Covarubias og utpå dagen kom vi fram til ein liten landsby. Her må det vere råd å få kjøpe oss litt mat, tenkte vi. Etter litt vandring i gatene fann vi ein bar som var open. Ei eldre kvinne stod bak disken. Eldre og eldre? Det kan vere litt vanskeleg å bedømme alderen på andre i høve til ein eigen. Kanskje ho var yngre enn eg sjølv var, det vart ikkje undersøkt, men medan mine fem kvinnelige medvandrar tok seg av å forhandle om maten, tok eg meg ein tur opp til nabobygget. Ei raud musteinkyrkje oppe på ein bakke like ved. Diverre var ho stengd, som dei fleste landsbykyrkjer i Spania synest å vere. Og truleg lite besøkt då graset stod langt rundt veggane.
Vel nede att var maten tinga. Det var steikt egg med spansk pølse og brød til. Det var visst det einaste ho hadde å by og. Dei første porsjonane med ferdigsteikte egg kom fram på disken, så då var det berre å forsyne seg. Fram med kniv og gaffel for fem av oss. Ei takka nei takk til egg, men då vart det til oss andre. Og det smakte sjølv om brødet var i hardaste laget. Eg vona at gamle amalganfyllingar framleis ville vere på plass etter forsøka på få laus nokre bitar av brødet. På bakromet var kvinne komen i siget. Stadig nye ferdigsteikte egg dukka opp. Det vart gjort fleire forsøk på nå fram med ei melding at det var nok no, men nei - det nådde ikkje fram. Den eine etter den andre takka av og la frå seg kniv og gaffel. Men endeleg stogga og straumen av nysteikte egg og dei siste kunne og få legge frå seg bestikket. Vi takka og bukka oss ut av baren, fekk på oss sekkane og kunne byrje på vegen vidare mot Covarubias. Mette på steikt egg og spansk pølse.
Puerta del Perdón (5)
Eg kneler ved alterringen i mi heimekyrkje. I handa har eg eit lite staup. Brødet får eg i handa og legg det inn på tunga. Så står der ein framfor meg med eit større staup i hendene. Eg ser den raude vinen det fyllt av, og eg lyfter mitt vesle staup opp og ser raud vin kome over i mitt vesle staup. Samstundes høyrer eg orda kome mot meg: Kristi blod utrent for deg.
Er det blod, spurde guten ved sida mi ein gong. Nei, det er ikkje blod. Det er raud vin frå pressa vindruer.. Vindruer som har vokse langt frå våre strender. Vakse på solrike stadar i grøderik jord. Men i denne raude vinen er på ein underleg måte som eg ikkje skjønar, og heller ikkje kan forklare, er Jesus sitt blod tilstades med si frelsande kraft. Over denne raude vinen som forrettande prest ved starten av nattverdsmåltide las Jesus sine ord frå påskemåltidet i øvresalen, slik Paulus attfortel dei.
Den raude vinen funklar i staupet mitt når eg lyfter det mot leppene og let den verte ein del av min kropp medan ei takkebøn fyller mitt sinn. Ei takk for at han opna Puerta del Perdón, Nåden sin port også for meg då hans blod rann på Golgata.
Skjønar eg det? Treng eg å skjøne det? Er det ikkje nok å ta imot -- og tru? Så tok han ein kalk, takka gav dei og sa; Drikk av den alle! Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.
Eg bøyer hovudet stilt over det tome staupet medan takk fyller mitt sinn, så lyfter eg eine handa og teiknar meg med krossmerket, reiser meg går attende til plassen min i benkane. Så kjem orda igjen mot meg; - Den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus har no gjeve oss sin heilage lekam og dyre blod, som han gav til soning for alle våre synder. Han styrkje oss og halde oss oppe i ei sann tru til evig liv. Nådens port er å finne, -- nådens port er open.
torsdag 21. oktober 2021
Puerta del Perdón (4)
Hendinga i Jerusalem påska for snart 2000 år sidan har vore mykje debattert gjenom åra. Kvifor hende det? Var rettsaka rettferdig? Var det eit justismord? Kven var i so fall årsak til det? Var det Pontius Pilatus, eller var det øvstepresten og dei andre prestane i tempelet? Kva var i sofall årsaka til at dei valde å presse igjenom ei dødsstraff for Rabbien frå Nasaret. Meiningane er fleire, og det rette svaret får vi vel aldri.
Men kanskje var dei alle, medrekna Judas Iskariot berre brikker i noko som måtte hende for å opne Puerta del Perdón, nådens dør for vår falne menneskeætt. I så fall gir kanskje desse to gamle relieffane over ei kyrkjedør, på pilgrimsvegen mellom Burgos og Covarubias eit hint.
onsdag 20. oktober 2021
Puerta del Perdón (3)
Framme på Golgata er hans Via Dolorosa, Smertenes veg, tilende. Eller er den det? Går den ikkje istaden over i ei ny fase, den avsluttande?
Her vert han kledd naken og lagt ned på krossen. Med klubber vert naglar slegne gjennom føter og hender inn i krosstreet før krossen vert heist på plass, ståande i grusen, jorda på Golgata. Så heng han der til spott og spe for folkehopen, berre to av hans eigne er vitne til lidinga hans. Kjem det klagerop frå han, eller teier han i smerten, som sauen dei fører til slakting på tempelplassen? Frå såra på føter, hender og rygg fargar blodet treet raudt, slik det eingong farga dørstolpane i Egypt.
Forbanna er den som heng på eit tre, skriv Paulus til Galatarane. Kvar kjem dei orda hans ifrå? Dei kjende nok til det, prestane i tempelet som pressa Pilatus til krossfestingsdom. Kjende som dei var i skriftene. Den som vert opphengd i eit tre er forbanna av Gud står det skrive. Forbanna av Gud. Er det ikkje berre smerten ved krossfestinga han må lide? Er det også å vere under Guds vreidsdom? Er det derfor skriket kjem frå djupet i han? Elí, Elí, lemá sabaktáni! Min Gud, min Gud, kvifor har du forlete meg?
Det er ikkje mange orda som kjem frå han der han heng. Men enno står noko att. Eg er tyrst seier han, og ein soldatane set ein svamp på ein isopstilk, fyller den med edikvin og rettar den opp mot munnen hans. Slik avsluttar han påskemåltidet, det fjerde vinstaupet som han ikkje drakk på salen, drikk han no. Og med orda; Det er fullført, avsluttar han oppdraget han fekk av Gud og andar ut. Men endå litt står att, blodet hans skal attende til jorda. Ein soldat stikk spydet sitt i sida hans , og jorda tek imot blodet og vatnet som renn ut.
Vårt påskelam er slakta, skriv Paulus, og Jesaias skriv: Han vart såra for våre brot, sundbroten for våre synder. Straffa låg på han så vil skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom. Og før festen for det usyrde brødet er til ende i Jerusalem kviler lekamen hans i ei grav i hagen nær rettarstaden.
tirsdag 19. oktober 2021
Puerta del Perdón (2)
Det er den dagen påskelamma vert slakta på tempelplassen. Den kvelden på øvresalen er dei samla til påskemåltid. Der deler han brød og vin med sine vener. Under det måltidet seier Jesus at vinen er den nye pakt i hans blod. Kva meinte han med ei ny pakt? Då må der vere ei gamal pakt omtala i skriftene. Der er fleire pakter omtala mellom Gud og særleg Abraham og i dei fleste av dei gjeld dei lovnader om at Gud vil vere med ætta hans, og lovnader om landområde. Men ei pakt skil seg ut, og den kjem etter at Moses hadde vore på gudsfjellet og fått dei to steintavlene med boda. Men då han kjem ned og ser folket danse om gullkalven, knuser han steintavlene i sinne og fortviling. Men Gud kallar han endå ein gong opp på fjellet og han får to nye steintavler, og eit påbod om å lage til eit offer. Eg vil gjera ei pakt sa Gud til han. Og Moses bygde eit alter og sende ut nokre unge menn for å bere fram brennoffer og slakte oksar som fredsoffer for Herren. Og Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skålene. Halvparten skvette han på alteret, resten skvetta han på folket og sa; Sjå dette er blodet til den pakta som Herren gjer med dykk. Men profeten Jeremia skriv; Sjå dagar skal koma, seier Herren, då eg skal gjera ei ny pakt med Israel og Juda si ætt, ei pakt som er annleis enn den eg gjorde med fedrane deira. Er det den pakta Jesus snakkar om som er i blodet hans?
Dei går ut i natta etter måltidet dette siste døgnet Jesus lever, ned bakkane til Kedrondalen, ut porten, over Kedronbekken, som er farga raud av blod frå ofringane oppe på tempelplassen, og inn mellom trea i Getsemanehagen. Det er natt men fullmånen sender sitt lys over det som no byrjar. Noko han hadde varsla dei om fleire gonger, noko som låg framfor og som han grua seg for. Noko han sa til Peter ein gong, at han hadde ei vreidesskål å tøme, ein dåp, ein bloddåp å gå igjenom. Og der inne mellom dei eldgamle oliventrea fell han til jorda i si sjelekvide og ber: Far er det råd så la denne skåla gå meg forbi. - men det får verte som du vil. Og der inne med ansiktet mot jorda, gruvande i angst fell svetten som blodsdråpar mot jorda, og jorda tek imot.
Så kjem romarane og tempelvakta og fører han bort til forhøyr, sterke anklagerop med krav om død, hudfletting og tornekroning, og til slutt domen; krossfesting. Slik han hadde fortalt sine vener at det ville hende han i Jerusalem.
Det er morgon i Jerusalem då han med vaklande, smertefulle steg byrjar på si siste vandring gjennom gatene i byen, sin Via Dolorosa, smertens veg, mot Golgata, rettarstaden utanfor bymuren. Med krossbjelken gnagande mot såre blodige skuldrar.
mandag 18. oktober 2021
Puerta del Perdón (1)
Den andre porten, døra, inn til Basilika de Isidoro i Leon er kalla Puerta del Perdón, Nåden sin port. Og då er vi ved oppfyllinga av Abraham sine ord til Isak; Gud vil sjølv sjå seg ut eit offerlam.
Det er rett før påske, minnedagen for utferda frå Egypt. Ordet kjem frå det hebraiske pesach som tyder å gå forbi. Det er den kvelden, natta, då dei sit i sine hus i Egypt med reisematen klar, usyra brød. Og med blod på dørstolpane. Ute går engelen fobi deira dører. Dei ventar på at deira frelsar Moses skal gi dei si melding om oppbrot.
I Jerusalem mange hundre år seinare er det og kvelden før påskehelga. Jesus og hans vener er samla på festkvelden for det usyrde brødet. Samla på øvresalen for påskemåltidet. Truleg var dei fleire enn dei som er nemnda, dei var i alle fall fleire når påskemorgonen rann. Det er her dei har sitt siste påskemåltid i lag.
Det er her han deler brødet med dei og seier Ta dette og et det for dette er min kropp. Og det er her han vinstaupet og sender det rundt og seier; Drikk alle av den! Dette er mitt blod, paktsblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene. Og legg han til; Heretter skal eg ikkje drikke av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.. Men sjølv drikk han ikkje det fjerde begeret som høyrer avslutninga av påskemåltidet til. Men han seier til og dei: Så ofte de drikk av den så gjer det til minne om meg: Og sidan har vi som trur, i snart totusen år trufast samlast til måltid med vin og brød slik han ba oss.
Men er det då Puerta del Perdón, Nådens Port opnar seg? Eller er det i det som hende dagen etter?
søndag 17. oktober 2021
Haust
lørdag 16. oktober 2021
Puerta del Cordero
Etter den lange vegen over den store sletta sør om Dei kanabriske fjella kom vi til gamlebyen Leon. Ein gong i romartida låg det ein romersk legio stasjonert her, av det kjem namnet. Så overtok goterane den spanske halvøya. Goterane var arianske kristne. Dei neste som hadde makta var muslimske maurarar, før dei kristne styrkane i Kastillia og Leon byrja å presse maurane sørover att og Leon igjen vart ein kristen by. Der er ein mektig katedral i byen, men og ein eldre basilika som er tileigna biskop som medverka til at den gotiske kongen i Sevilla førde den ariske kyrkja over til romer katolsk rite. Biskopen var Isidor av Sevilla. Då han døydde vart han gravlagd i Sevilla, men då maurane sitt herredøme i sør var pressa, fekk den kristne kongen i Leon overta kista med Isidor og førde den nordover til Leon der det vart reist ei kyrkje til ære for San Isidor. Så langt ei lang soge.
På Basilika de San Isidor er det to portar, dører, inn til kyrkjeromet, og over kvar dør er det hogge ut ein relieff som skildrar hendingar Bibelen. Den eine porten er kalla Puerta del Cordero, Lammet sin port, og den skildrar Abraham i det han har lyfta kniven over Isak for å utføre eit menneskeoffer, Isak hans son. Men samstundes ser vi Guds hand som stoggar Abraham før han får fullføre den vonde handlinga. I staden er det lammet som sit fast kjerret ved sida av som må ofre sitt blod og liv.
tirsdag 12. oktober 2021
mandag 11. oktober 2021
Er det blod?
Eg har nokre tenesteår i kyrkja den norske, som konfirmantgruppeleiar, så fekk eg det som arbeidsstad i mange år. Attåt det vart eg spurd av biskop Bondevik om å vere lek gudstenesteleiar. Det er vel ikkje anna å vente at trusspørsmål har kome meg nær, og er årsak til både undring og grubling.
Nattverden sin plass i kyrkja har vore i endring frå frå mine besteforeldre si tid då det å gå til nattverd var ei alvorleg sak der dei først måtte møte opp hjå presten og melde at dei ynskte å få nattverd, og det vart skrive inn i protokollen kva søndag dei skulle få brødet og vinen. Det var vel dette som førde til det sokalla store nattverdsfråfallet. Då eg vaks opp var dette påbodet borte, men nattverden høyrde ikkje til i kvar gudsteneste. Så kom endringa der nattverden fekk plass i mest kvar gudsteneste. Det neste steget var då intinksjonen kom, då brødet og vinen vart delt ut ved kortrappa og ikkje ved alterringen. Det var nok mange som miste litt av høgtida når dei ikkje fekk knele ved altreret, men fekk brødet og vinen ståande i ei lang rekke. Men intinksjonen braut ei grense for mange, fleire våga seg fram då, dei kjende seg nok ikkje så synlege når dei var ein av mange i flokk. , der ein får brødet av presten, stig eit steg til sida og dyppar brødet i vinen medan ein får høyre utdelingsorda som fylgjer med. Så overlet ein plassen til den neste i rekkja. Men då det vart vanleg med nattverd i mest kvar gudstenesta dukka det opp eit problem for nokre. va tenkjer eg om nattverden? Eg fekk ei vitjing ein dag på kontoret. Kva vitjinga gjaldt? Jau det var nattverden. Kunne eg ikkje overtale prestane til å ha fleire gudstenester utan nattverd? Eg måtte svare at dit nådde ikkje mitt mynde. Men då må de endre ordlyden, de må slutte å sei dette er Kristi blod. Eg kunne ikkje hjelpe han i det heller. Då kom dei sterke orda frå han; Då får eg halde meg undan kyrkja når det skal vere nattverd, for - eg er ikkje kanibal heller. Ord kan vere sterke og ha stor verknad på mange. Når gjestane ved nattverdsbordet kneler ved alterringen kjenner dei fleste kva innhald som ligg i orda, om dei alltid tenkjer over det veit eg ikkje. Men det er ikkje sikkert at alle i kyrkja har same grunnlaget for å skjøne innhaldet i ordet.
Og det var under ein nattverd med intinksjon det hende. Presten og eg stod nedfor kortrappe. Eg hadde staupet med vinen i hendene. Det hadde vore barnedåp tidlegare i gudstenesta så innfor meg i benken sat ei dåpsfamilie. Den dagen skulle utdelingsordet for meg med vinen vere; Dette er Kristi blod. Ord som ein gjentek for kvar som dyppar brødet i kalken. Då er det eg høyrer spørsmålet frå den vesle guten som står i benken ved sida mi og fygjer nøye med i kva som skjer: Er det blod? Kva skulle eg gjere? Legge handa over kalken, stogge utdelinga ei lita stund og svare guten; Nei det er ikkje blod, det er raud vin, men var det lygn eg for med når eg sa til kvar ny som dyppa brødet i kalken? Eg valde ikkje å stogge men å halde fram. Eg høyrde ikkje kva foreldra sa til han heller, men spørsmålet festa seg i meg. Korleis kan eg forklare dette dobble i at vinen er og vert vin, og vert ikkje, er ikkje blod slik presten på O Cebreiro opplevde det. Men samstundes meiner og trur vi at vinen er noko meir, Kristi blod, Messias, den salva sitt blod er i den. Det same gjeld vel og for brødet. Det er brød men samstundes er det noko meir; Kristi kropp som det vert sagt i dag. Men det er ikkje alltid like lett for intelektet å forklare kva som ligg i orda.
Og eg les at opp gjennom århundra har synet på kva nattverden er endra seg, og dei ulike kyrkjene tenkjer svært ulikt på den teologisk. Men sidan Jesus var jøde, og dei som refererte orda hans var jødar, så ligg der kanskje nokre jødiske røter bak orda hans, det er i alle fall ikkje unaturleg å tru det.
Kvitt i toppane
lørdag 9. oktober 2021
Berre brød og vin?
O Cebereiro er eit 1293 meter høgt fjellpass som ein må over på vegen mot Santiago. Der har det vore busettting langt attende i tida. Romerane hadde ein stasjonen her for å vakte vegen mot dei mineralrike fjella lenger vest i Galisia. Eit slag her i 968 hindra vikingar frå nord i å kome inn i Castillia. Benediktarane slo seg ned her 1072 med eit hospits for pilegrimar. I dag har det vakse fram ein liten landsby der på grunn av den store pilegrimsstraumen på veg mot vest, med overnattingsstadar, barar og små butikkar. Ein varm seinsommardag sleit vi oss opp den lange og bratte lia mot passhøgda der oppe. Fleire små landsbyar i lia låg etter kvart bak oss medan salt sveitte svei i augene. Så, endeleg var vi oppe og kunne setje oss på muren som skilde lia frå bilvegen oppe på O Cebereiro. Det høyrer ei gamal legende med til soga for O Cebereiro, ei hending som reiser spørsmålet. Er nattverden sitt brød og vin, berre brød og vin, eller? Den heilage Gralen skulle ha tilhaldsstad i den vesle benedektinarkyrkja der. Og i 14.århundre ein gong spela Gralen, ein kraftig snøstorm og ein idiot av ei prest (ja slik står det i ein song frå 1500.talet) ut ei hending som har sett O Cebereiro på kartet. Ei hending som har fått plass i det Galisiske flagget, og i mange byvåpen vest i Spania. På ein stormfull vinterdag på 1400.talet er ein prest (idioten av ein prest) i gang med å førebu messa, nattverdsgudstenesta. Samstundes slit ein mann seg opp lia i snøstormen for å nå fram i tide til å få ta del i den heilage stunda inne i den vesle kyrkja. Og i det presten lyfter brødet mot Gud for å seie fram innstiftingsorda, går døra opp og snøføyka står inn i romet, og midt i den ein mann, kvit av snø. Kjem det verkeleg noko i dette veret for ein liten bit brød og nokre få dråpar vin, tenkjer presten der han står med brødet i dei lyfta hendene. Då, brått merkar han det, brødet endrar karakter, det vert mjukt og klebrikt, Forskrekka ser han det verte til raudt kjøt. Det glepp ut av hendene hans og landar på alteret med ein mjuk lyd, samstundes som han ser vinen i kalken mørkne til raudt blod. I 1487 godkjende pave Innocent VIII hendinga som eit under, eit mirakel.
Kyrkja på O Cebereiro. Det var nok ikkje i denne kyrkja det hende, men det er funne restar av fleire tidlagare kyrkjer på staden. Men her skal kalken frå hendinga vere oppbevart. Eg må tilstå at det klarer eg ikkje heilt å tru.
Noko eg seinare under vandringa i Galisia såg ofte var det Galisiske flagget. På mange rådhus i Spania heng det gjerne tre eller fire flagg på frontveggen. Det er det blå EU-flagget med sin gule stjernering, det er det spanske raud og gulstripete flagget, det er byflagget, og så regionflagget som er ulikt frå region til region. I Galsia er det kvitt med ein blå stolpe på skrå over det kvite. Og midt på er der eit symbol omgitt av små gule krossar. Og symbolet er ein gyllen kalk med ei rund oblat over. Er det mirakelet frå O Cebereiro som vi finn att på Galisia sitt flagg?
fredag 8. oktober 2021
Tenkjer eg.
Kva veit ein om livsvegen når ein er i ungdomen og skal velje vegen vidare i livet? Svært lite er mi erfaring. Så sit eg her i dei grå hår sin alder og ser attende på livet eg fekk og undrar meg over korleis det vart, og korleis det kunne ha vorte om ein kjende seg sjølv betre når ein var byrjinga av vaksenlivet. Angrar eg på korleis det vart? Nei, men det som kom til å interessere meg seinare i livet, var det for seint å gjere noko med som yrke.. Det kunne vorte ein veg, men fekk i staden verte ei interesse som fekk lov til å vekse seg sterkare i meg til eldre eg vart.- Vel: so ist das leben; er det ikkje det tyskaren seier? Eg er vel ikkje åleine om den erfaringa? Så sit eg her og undrar meg, og tenkjer, og les. Eg har lese meg i gjennom Jon Fosse sine siste bøker. Han var eit namn eg hadde høyrt mykje om, men helst som ein som skreiv skodespel med stadige attakingar. Og då band ein i septologien, kom kjøpte eg den, og vart fengsla av fortellinga. Eg hamna på St.Olav den hausten, og dei dagane eg budde på pasienthotellet fekk eg god tid til å lese boka som er heilt utan punktum. Ei fortelling og livet, venskap, kjærleiken og døden - og om tru.
Ordet -- tenkjer eg,-- kjem ofte att i fortellinga, og som truande, fann eg tenkinga hans omkring trua spanande. Og kanskje er det der eg og er, som truande. Eg undrast, grundar, tenkjer over trua sine grunnvollar. Kva tyder orda? Er det heilt slik som ordet har vorte tolka og overlevert, eller er der andre måtar å skjøne dei på? Korleis tolkar andre trussamfunn dei, og korleis vart det forstått av dei første på trusvegen?
Korleis har dei som tolka ordet før sett det? Kva med Augustin, med britiske Anselm eller franske Abelard, eller tyske Luther, og alle dei andre. Kva kom ut av deira tolking, vart noko endra av korleis dei las ordet? Tenkjer eg, undrast eg.
Har du tenkt å konvertere til den katolske kyrkja, spør mi kjære sidan eg interesserer meg for den romersk katolske kyrkja sit liv og grunnvoll. Kanskje er det grunna på erfaringane eg fekk under vandringar i Italia, Frankrike og Spania. Nei, eg vil nok alltid høyre til i den norske kyrkja, men eg likar å sjå kva, korleis andre trusamfunn tenkjer og les Ordet. Er det så heilt sikkert at den tolkinga eg vaks opp med er den einaste sanninga. Slik kan eg undre meg, grunde og tenkje. Tvilar eg på trua, på evangeliet, på nåden i Jesus sitt fullenda frelsesverk. Nei, og atter nei. Men når eg ser og høyrer og les kor bastant enkelte uttalar seg om det skrivne ordet, og kor det skal forståast, då er det eg undrar meg, - er der nokre sterke personar tidlegare i kyrkja si soge som med si tolking av ordet har vore årsak til at den kyrkja som skulle vere eit i dag er splitta i så mange særkyrkjer.
Biletet til desse orda mine fortel om det som ein dag der framme skal hende. Kristus skal kome att i himmelens skyer, og alle skal sjå han som den har er, Messias, himmelkongen. Må det då ikkje lenger vere noko som skil oss, men at vi alle må vere eit i han.
onsdag 6. oktober 2021
Bokstavtru (2)
Eg er ein som nyttar kyrkja sin nattverd så ofte eg kan. Det å få dei få dråpane med vin, og den vesle oblaten med brød gjer noko med meg. Eg kjenner på ei djup takksemd over det offeret Jesus gjorde då han frivillig gjekk i døden for oss menneske, og med det opna ei bru over til Gud. eller som det står i Hebrearbrevet: Han gjekk inn i den himmelske heilagdomen ein gong for alle, og med sitt eige blod vann oss ei evig utløysing. Punktom finale. Eg har fleire gonger vore tilstades i katolske gudstenester, men det er berre eit par gonger har eg gått til nattverd i dei. Grunnen har vore at den katolske kyrkja ikkje ynskjer samkvem med protestantar ved nattverdbordet. Men begge gongane eg har delteke i deira nattvverdsfeiring så har eg fått løyve at presten. Den eine gongen ville presten vite kva syn vi hadde på nattverden, var den røyndom, realpresens som det heiter, eller var den symbolsk. Og for meg er det røyndom, sjølv om eg veit at det er berre brød og vin, så trur eg at Jesus er verksam i dei to elementa når dei er vigsla til det.
Men her ein dag høyrde eg ein som sa noko som skurrar for meg. Vedkomande sa at brødet og vinen berre er verksam dersom brødet er av kveite, og vinen har alkohol i seg. Det han då sa var eit nei til glutenfritt brød og nei til avalkoholisert vin. Det tyder etter mitt syn på at mange då vert utestengde frå nattverdbordet. Det problemet er ikkje der, sa han vidare, då dei som ikkje kan få i seg gluten, får likevel ein fullverdig nattverd ved å få berre vinen. No er ikkje vinen noko problem i den katolske kyrkja, anna kanskje for prestane, for etter det eg har sett under katolske messer så er det berre prestane som får vinen, medan kyrkjelyden må greie seg med brødet. Eg har enno til gode å sjå at nokon i kyrkjelyden får vin i staden for brød, om vedkomande får helseproblem av å få i seg gluten. For meg vert dette ei litt for stor formalistisk bokstavtru.
tirsdag 5. oktober 2021
Bokstavtru
Det er noko som undrar meg mykje. Dette å ha så sterk tru på bokstaven, det skrivne ordet, at ein ikkje klarer å sjå den djupare meininga i ordet. Bokstaven slår i hel, men ånda gjer levande; er det ikkje slik det er sagt av einkvan.
Vi fekk sjå resultatet av ei slik overtyding på turen vår i Marokko. Der hadde dei greve fram restane av nokre gamle bygningar i ein by, og omvisaren fortalde oss kva vi såg. Dei eldste bygningsrestane var frå då islam erobra Marokko. Men med tida endra det første styret seg til å verte meir romsleg, men så kom ei ny bylgje med meir bokstatru og fanatiske krefter. Attende til røtene var kampropet, og når dei fekk makta måtte dei gamle bygningane bort og erstattast av nye. Men tida verka også på dei, etter nokre generasjonar kom nye radikale på bana Bort med det gamle og råtne, attende til dei opphaveleg røtene. Fem, seks slike omskifte såg vi framfor augene vår, restar av av stendig nye omveltingar.
Det er vel det vi ser utfalde seg framfor augene våre i nokre muslimske land i dag, IS i Syria og Irak hadde ropet, no sist høyrer vi det i Afghanistan. Attende til det opphavelege og reine. Vi må fylgje bokstaven sine ord sjølv om nokre må misse livet for si vantru og uislamske livsførsel. Det er bokstaven som råder.
Men er vi er vel ikkje heilt ukjende med den bokstavelege tolkinga av ordet hjå oss heller? IMF-kyrkja si haldning til at berre menn kan ha læreansvar, eller mannlege prestar som ikkje kan ha gudstenestefelleskap med prestar av det andre kjønnet. Meiner dei at Gud har delt ut vit og forstand i teologien i høgare grad til dei som av naturen er fødde med ein mannleg kjønnslem? Eg trur ikkje det, noko Paulus og fortel at han både hadde kvinner til kyrkjelydsleiar og sikkert og til forkynnarar.
mandag 4. oktober 2021
Ætta etter Adam
mandag 27. september 2021
Egg (3)
Det var andre gongen vi tre gjekk den engelske ruta sør til Santiago., og den byrjar med å vandre langs den lange fjorden som går inn i landet frå Ferrol. Det er fleire små byar på vegen langs fjorden, og ein av dei er Betanzos. Eg hadde på ei internettside lest noko av ein mann som skrytte av den gode tortillaen dei hadde der i byen. Den var ulik alle andre og det fanst ikkje maken skreiv han, så den hadde eg eit sterkt ynskje om smake.
Det var festivitas i byen då vi kom dit så det var mykje folk samla. Det krydde av dei sentrum, særleg på og rundt det store torget der det var samla mest alt av motorsyklar i regionen. Derfor hadde vi litt problem med å finne ein bar der det var råd å kome inn, men nede i ei lita sidegata lukkast det. Kva vi skulle ha? Sjølvsagt den lokale varianten av totilla så det tinga vi.
Så kom den på bordet. Den såg litt annleis ut en det vi var van med. Den såg ikkje ut for å vere heilt gjennomsteikt så då vi opna den den flaut eggegulen ut over tallerkenen. Mine to medvandrarar var litt tvilande til dette slaget av tortilla så dei var nøgde med berre eit stykke kvar, til meir vart det på meg. Eg forlet i allefall bordet mett, men er litt meir usikker på dei andre to.
Kor den smakt? den var god, men det vert nok einaste gongen eg tingar den. Likevel.
lørdag 25. september 2021
Egg (2)
fredag 24. september 2021
Egg (1)
Mange foreldre slit med born som ikkje vil ete all slags mat, born som er matvande. Eg kjenner meg att i det. Eg var sjølv ein av dei. Min gode onkel brukte å fortelje meg at vatn og brød er fugleføde, og årsaka låg i at det var stort sett det guten vaks opp på. Ta til dømes egg, noko ufyseleg som kom ut av høna sin ende. Det einaste av egg mi mor fekk inn for mine lepper var eggedosis, men då helst ilag med noko anna som ripsbær, eller puffa kveite. Men då eg kom i ungdomen byrja eg på ei bratt læringskurve når det gjaldt kva som var etande. Eg byrja å kjenne på skam når eg helst ville sei nei takk til det som stod framfor meg på bordet. og det førde til at eg fann at egg faktisk var god mat.
No er det ikkje berre born som sier nei takk til ulike slags mat, og då tenkjer eg ikkje på dei som av helsemessige grunnar må takke nei. Eg har vore saman med vaksne som bryskt har takka nei til maten dei fekk sett framfor seg med ord som; eg likar det ikkje, og då har eg stilt takka mi yngste dotter for at ho tok på seg oppgåva å lære far sin at all mat er god, det gjeld berre å endre innstillinga ein har i hovudet.
Men no var det eggerettar eg inn på. Det var tredje året vi gjekk på Camino Frances. Vi hadde gått frå Zubiri om morgonen og kom fram til Pamplona ut på ettermiddagen der vi fekk rom på eit tyskleia hospits. Så var det inn i gatene for å få oss litt mat. Men det var ikkje rette tidspunktet for slikt. Alle matstadar var stengde fram til dei opna att på sein ettermiddag, tidleg kveld. Men endeleg fann vi ein stad der det var ope og stima inn med forventing i blikket; endeleg mat. Etter grundig studie av menykartet, stansa T som hadde vore i Spania før ved ein rett, Tortilla Espaniol. Den er god, sa ho. Vel det var greit. Så ville ho vite med damene kom stor den var, og dei brukte hendene til å vise det, og vi samde om at det måtte verte ein på kvart par av oss. og så kom tinginga: Dos Tortilla Espaniol, por favor. Damene såg spørja og undrande på oss: Dos? Si, dos, por favor, svara T. Eit par damer ved eit anna bord såg småflirande på oss.
Vi fekk tilvist bord, og damene bak disken svinga opp med alt som bordet trong for eit gasta måltid og litt meir, duk og greier. Det var tydeleg att dette var ikkje heilt normen å tinge to tortilla på ein gong.
Så kom dei på bordet, to varme, nysteikte runde tortilla, i storleik nesten som ein middagstallerken. Det var første gongen eg smakte tortilla, og den var god, veldig god. Og mett vart eg av den halve som var min del. Sidan har det vore ein av mine favorittrettar i Spania.
Kva Tortilla Espaniol er? Spansk omelett laga av egg, løk og poteter.