mandag 11. oktober 2021

Er det blod?

 Eg har nokre tenesteår i kyrkja den norske, som konfirmantgruppeleiar, så fekk eg det som arbeidsstad i mange år. Attåt det vart eg spurd av biskop Bondevik om å vere lek gudstenesteleiar. Det er vel ikkje anna å vente at trusspørsmål har kome meg nær, og er årsak til både undring og grubling.

Nattverden sin plass i kyrkja har vore i endring frå frå mine besteforeldre si tid då det å gå til nattverd var ei alvorleg sak der dei først måtte møte opp hjå presten og melde at dei ynskte å få nattverd, og det vart skrive inn i protokollen kva søndag dei skulle få brødet og vinen. Det var vel dette som førde til det sokalla store nattverdsfråfallet. Då eg vaks opp var dette påbodet borte, men nattverden høyrde ikkje til i kvar gudsteneste. Så kom endringa der nattverden fekk plass i mest kvar gudsteneste. Det neste steget var då intinksjonen kom, då brødet og vinen vart delt ut ved kortrappa og ikkje ved alterringen. Det var nok mange som miste litt av høgtida når dei ikkje fekk knele ved altreret, men fekk brødet og vinen ståande i ei lang rekke. Men intinksjonen braut ei grense for mange, fleire våga seg fram då, dei kjende seg nok ikkje så synlege når dei var ein av mange i flokk. , der ein får brødet av presten, stig eit steg til sida og dyppar brødet i vinen medan ein får høyre utdelingsorda som fylgjer med. Så overlet ein plassen til den neste i rekkja. Men då det vart vanleg med nattverd i mest kvar gudstenesta dukka det opp eit problem for nokre. va tenkjer eg om nattverden? Eg fekk ei vitjing ein dag på kontoret. Kva vitjinga gjaldt? Jau det var nattverden. Kunne eg ikkje overtale prestane til å ha fleire gudstenester utan nattverd? Eg måtte svare at dit nådde ikkje mitt mynde. Men då må de endre ordlyden, de må slutte å sei dette er Kristi blod. Eg kunne ikkje hjelpe han i det heller. Då kom dei sterke orda frå han; Då får eg halde meg undan kyrkja når det skal vere nattverd, for - eg er ikkje kanibal heller.  Ord kan vere sterke og ha stor verknad på mange. Når gjestane ved nattverdsbordet kneler ved alterringen kjenner dei fleste kva innhald som ligg i orda, om dei alltid tenkjer over det veit eg ikkje. Men det er ikkje sikkert at alle i kyrkja har same grunnlaget for å skjøne innhaldet i ordet.


Og det var under ein nattverd med intinksjon det hende. Presten og eg stod nedfor kortrappe. Eg hadde staupet med vinen i hendene. Det hadde vore barnedåp tidlegare i gudstenesta så innfor meg i benken sat ei dåpsfamilie. Den dagen skulle utdelingsordet for meg med vinen vere; Dette er Kristi blod. Ord som ein gjentek for kvar som dyppar brødet i kalken.  Då er det eg høyrer spørsmålet frå den vesle guten som står i benken ved sida mi og fygjer nøye med i kva som skjer: Er det blod?  Kva skulle eg gjere? Legge handa over kalken, stogge utdelinga ei lita stund og svare guten; Nei det er ikkje blod, det er raud vin, men var det lygn eg for med når eg sa til kvar ny som dyppa brødet i kalken? Eg  valde ikkje å stogge men å halde fram. Eg høyrde ikkje kva foreldra sa til han heller, men spørsmålet festa seg i meg. Korleis kan eg forklare dette dobble i at vinen er og vert vin, og vert ikkje, er ikkje blod slik presten på O Cebreiro opplevde det. Men samstundes meiner og trur vi at vinen er noko meir, Kristi blod, Messias, den salva sitt blod er i den. Det same gjeld vel og for brødet. Det er brød men samstundes er det noko meir; Kristi kropp som det vert sagt i dag. Men det er ikkje alltid like lett for intelektet å forklare kva som ligg i orda.

Og eg les at opp gjennom århundra har synet på kva nattverden er endra seg, og dei ulike kyrkjene tenkjer svært ulikt på den teologisk. Men sidan Jesus var jøde, og dei som refererte orda hans var jødar, så ligg der kanskje nokre jødiske røter bak orda hans, det er i alle fall ikkje unaturleg å tru det.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar