lørdag 30. oktober 2021

Ein dag i Kapernaum (2)

Kva er bakgrunnen for den intense samtalen som finn stad i Kapernaum denne dagen, og som fører til at mange forlet Jesus etterpå?  Bakgrunnen finn vi byrjinga av det 6.kapittelet av Johannes sitt evangelium. Då er Jesus og fylgjet hans på den aude stranda på andre sida av Genesaretsjøn. Dit hadde dei rodd over for å få vere åleine, men sidan Jesus hadde vorte ein kjendis gjennom sine mange teikn og under, kom mykje folk etter dei. Så, etter ei tid kjem det som vert kalla brødunderet, der 5000 menn, kvinner og born ikkje medrekna, vert metta av fem byggbrød og to fiskar. Etter at Jesus først, før utdelinga, hadde bedt takkebøna over maten. Det er ikkje få som har reist sine spørsmål om truverdet i denne fortellinga. Er det noko her som ikkje vert fortalt? Hadde folk med seg mat som dei delte mellom seg? Og kvar kom dei tolv korgene frå, dei som etter måltidet vart fyllt av restane ?   Ikkje rart at når det vert fortalt at fem byggbrød og to fiskar er nok til å mette ei så stor folkemengde, så  reiser tvilen seg hjå mange. Men ligg det noko anna i fortellinga, med ei rot attende til ei anna fortelling mange hundre år tidlegare?  

Om morgonen er framleis mange av dei som deltok i måltidet dagen før, samla på austsida av sjøen. Dei er der fordi dei såg at Jesus ikkje var med i båten som læresveinane drog med kvelden før.  Det kjem fleire båtar frå Tiberias, men Jesus er ikkje å sjå. Kvar er han?  Då set dei kursen over sjøen igjen og finn han i Kapernaum. Og spørsmålet deira  då er ; Når kom du hit?  Det svaret får dei ikkje, i staden peikar Jesus på årsaka til at dei har leita etter han. når han seier at det er ikkje fordi de såg teikn at de har leita etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. Men så vender Jesus samtalen inn på seg sjølv og oppdraget han har fått med orda; -  Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gir evig liv. -  den mat som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen sett sitt segl.

Johannes gir samtalen vidare eit stort rom. Han har ikkje attfortalt påskemåltidet i Jerusalem den siste kvelden  der Jesus tok først eit brød, og så vinstaupet, og sa; Dette er min kropp, dette er mitt blod. Men Johannes let Jesus føre vidare fortellinga frå dagen før med brødunderet, sjølv om det er det tilhøyrarane er opptekne av.  Men hjå Jesus er det ikkje byggbrøda og fiskane frå gårdagen som er sentrum, men han sjølv og oppgåva han fekk av Gud.            


 Johannes er teologen mellom evangelieskrivarane, og når Jesus seier at den gjerning Gud vil dei skal gjera er å tru på han Gud har sendt, så svarar tilhøyrarane at fedrene deira fekk manna å ete av Gud. Kva kan du Jesus gjere?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar