mandag 1. november 2021

Ein dag i Kapernaum (4)

Men stemninga mellom Jesus og dei rundt han skal endre seg med Jesus sine neste ord; -  - Eg er livsens brød. Den som kjem til meg skal ikkje svelta, og den som trur på meg skal aldri tyrste. For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reise han opp på den siste dagen!

No byrjar det å murre mellom dei. -- Høyr , kva er det han seier? Kven trur han att han er? Sa han at han er komen ned frå himmelen og at han er Guds son? Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far og mor hans. Korleis kan han sei at han er komen ned frå himmelen? Og at han er Guds son? Dette er då å spotte Gud!

Men Jesus høyrer dei; - Hald opp med denne murringa! Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg dreg han - og eg skal reise han opp på den siste dagen! Eg seier ikkje at nokon her har sett Far, berre han som er frå Gud har sett Far. Sanneleg det seier eg dykk: Den som trur på meg har evig liv! Eg er livsens brød! Eg er den sanne himmelske mannaen, det levannde brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid: Og det brødet eg vil gi, er kroppen min som eg gir til liv for verda!

Uroa mellom tilhøyrane aukar i styrke ved desse orda hans, og spørsmålet høyrest: Korleis kan han sei at han vil gi oss kroppen sin å ete? Men Jesus har meir å sei, noko som ikkje minkar uro i flokken rundt han, ord som bryt totalt med alt dei har lært at lova seier. - - Sanneleg, det seier eg dykk; dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje liv i dykk! Den som et min kropp og drikk mitt blod har evig liv og eg skal reise han opp på den siste dagen. For kroppen min er sann mat og blodet mitt sann drykk. Den som et mitt mitt kjøt og drikk mitt blod vert verande i meg, og eg i han. Liksom Far, den levande,  har sendt meg , og eg har liv ved han, så skal den som et meg, ha liv ved meg! Dette er brødet som har kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrene åt, dei som døydde. Den som et dette brødet skal leve i all æve!


Dette var opprørande og harde ord for mange av dei som var til stades i synagoga i Kapernaum. Så totalt braut orda hans med lova sitt forbod mot å drikke blod. Skepsisen mot orda hans lyste nok ut av andleta deira. Dette er harde ord, sa dei, kven kan høyre på slikt!  Men  Jesus er ikkje heilt ferdig, han har litt meir å sei når han merkar reaksjonen på orda sine: Støyter de dykk på orda mine? Kva så når de får sjå Menneskesonen stige opp dit han var før? Det er Anden som gjer levande, her kan mennesket ingenting gjere. Dei orda eg har tala til dykk er ånd og liv.

Dette vart dei utløysande orda som gjorde at mange av dei som var i synagoga den dagen gjekk ut dørene og forlet han. Jesus ser dei går og at det tynnest rundt han. Til slutt vender han seg til sine næraste vener og spør, truleg med sorg i røysta:  Vil de og gå bort?  Det er Simon Peter som tek mot til seg og svarar: Kven skulle vi gå til Herre? Du har det evige livs ord, og vi trur, og vi veit at du er Den Heilage frå Gud!

Det er dramatikk i Johannes si fortelling om denne dagen i Kapernaum si synagoge. Han har ikkje fortalt om nattverdsmåltidet i Jerusalem, men Johannes si fortelling knyter for meg mange band til påskemåltidet som dei andre fortel om. Men samstundes gir det meg andre og djupare innfallsvinklar til Jesus sitt oppdrag, og kvifor han kom. Og eg synest Salvador Dali sitt måleri over her, på ein fin måte skildrar brødet som kom for å gi oss sin kropp og sitt blod. Som kom for å oppfylle oppdraget han hadde frå Gud sin Far. Det som enda med dei siste orda hans på krossen. - Det er fullført!  Kom Guds  godkjenninga påskemorgonen i gravhagen då sola rann? 

Eg trur, hjelp meg i mi vantru, var det ein som svara Jesus ein gong. Ja, eg trur, - men skjønar eg det? Der må eg nok tilstå at eg kjem til kort. Kvifor måtte Jesus gå igjenom dette? Kristne tenkjarar frå Paulus av og til idag har meisla ut forklaringar på spørsmålet mitt, men er deira forklaringar heile svaret? Eg trur ikkje det fordi deira og mine tankar vert berre mennesketankar, om vi aldri så mykje trur vi har den heile og fulle sanninga. Men over våre tankar ligg Guds tankar, og Guds råd og vilje som er mykje meir enn vi kan fatte og forstå.. Men treng eg å vite alt og forstå alt?  Jesus snakkar om å tru, ikkje å vite. Då får det vere nok, også for meg. Så får eg vere nøgd med å tru og vente på at det heile og fulle svaret på kvifor det hende er gøymt til vi får sjå og høyre det eingong der framme, i Guds time, i Guds rike.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar